JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein uunnverleg alliert

Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.

Foto: Sean Murphy / AP / NTB

7465
20240920
7465
20240920

Utanriks

Peranders@dagogtid.no

20. januar 2025 kan Donald Trump igjen bli innsett som president i USA. Det er eit utfall som særleg eitt europeisk land har grunn til å frykte. Per i dag er det umogleg å vite kva Trump vil gjere med våpenhjelpa til Ukraina om han igjen kjem til makta. Utsegnene frå presidentkandidaten om dette har vore uklare og sprikande. Men somme av dei gjev god grunn til uro for Ukraina.

Trump sjølv har hevda at han kan få slutt på krigen i løpet av 24 timar, utan å forklare korleis han skal få det til. I debatten mot Kamala Harris nekta han å svare på om han vil at Ukraina skal vinne krigen mot Russland. Trump seier berre at han vil ha ein rask fredsavtale. Men han har ved fleire høve kritisert våpenbistanden til ukrainarane. «Vi har ikkje ammunisjon nok til oss sjølve. Vi gjev bort så mykje», sa Trump i fjor.

Visepresidentkandidaten hans har gått lenger. Rett etter fullskalainvasjonen i 2022 sa J.D. Vance: «Eg må vere ærleg, eg bryr meg eigentleg ikkje om kva som skjer med Ukraina.» Vance har fleire gonger kritisert våpenhjelpa til Ukraina, og meiner det «underminerer tryggleiken til USA å bruke opp ressursar i ei strategisk hengemyr».

Over halvparten

Sidan februar 2022 har Ukraina fått våpenhjelp frå 57 ulike land, men eitt av dei er i særklasse. Målt i pengar har over halvparten av våpenbistanden kome frå USA, syner ein oversikt BBC publiserte 5. september. Sidan den russiske fullskalainvasjonen i februar 2023 har amerikanarane levert våpen verde meir enn 600 milliardar kroner til Ukraina.

Også før dette kom viktige delar av utrustinga til den ukrainske hæren frå USA. Bistanden til landet auka etter den russiske annekteringa av Krym og krigsutbrotet i Donbas i 2014. Men det er verdt å merke seg at det var i presidentperioden til Donald Trump frå 2017 til 2021 at USA byrja å sende skarpe våpen til Ukraina, medan Obama hadde halde att.

I dag er rolla USA spelar for den ukrainske krigføringa, truleg enda større enn det pengesummane fortel. Grunnen er enkel: Mykje av det amerikanske utstyret er det umogleg å få frå Europa eller andre allierte, anten fordi det ikkje finst liknande våpensystem, eller fordi andre land ikkje har kapasiteten.

Lat oss som eit tankeeksperiment sette ting på spissen: Kva kan skje i Ukraina dersom Trump stoggar våpenhjelpa i januar 2025?

Lang liste

I det ukrainske forsvaret er truleg luftvernvåpen det aller viktigaste bidraget frå USA. Amerikanarane har mellom anna levert det avanserte og kostbare rakettsystemet Patriot, som kan brukast mot både missil, jagarfly og dronar. Frå USA får ukrainarane også det norskutvikla Nasams-systemet, (same bruksområde som Patriot, men kortare rekkevidd), Avenger-systemet (same bruksområde) og handhaldne Stinger-rakettar, som er særleg nyttige mot helikopter og fly. I tillegg leverer amerikanarane mykje radarutstyr som utgjer livsviktige delar av luftforsvaret til Ukraina.

Også det ukrainske artilleriet er avhengig av leveransar frå USA. Rakettartilleri av typen Himars, med ei rekkevidd på 80 kilometer, blir brukt til å råke russiske basar bak fiendelinene. Ukraina har òg fått ATACMS-rakettar, med ei rekkevidd på heile 300 kilometer. USA-produserte M777 Howitzer-kanonar, med ei rekkevidd på 40 kilometer, blir kalla ei ryggrad i det ukrainske artilleriet.

Lista over leveransar frå USA til Ukraina strekker seg over mange A4-sider, og inkluderer avanserte Abrams-panservogner, helikopter, antitankvåpenet Javelin, avanserte dronar som Switchblade, titusenvis av handvåpen – og så vidare og vidare. Ikkje minst leverer USA ein stor del av ammunisjonen Ukraina er heilt avhengig av, anten det er til gevær, kanonar eller rakettartilleri.

Kort sagt: Om leveransane frå USA stoggar, kjem den ukrainske hæren til å bli langt mindre slagkraftig. Kva scenario kan vi da sjå for oss?

Rask effekt

– Dersom USA skulle stogge leveringane av våpen til Ukraina i januar, blir det vanskeleg for ukrainarane å stå imot. Vi kjem truleg til å sjå effekten kring påske, og for fullt etter eit halvår, seier oberstløytnant Palle Ydstebø, hovudlærar ved seksjon for landmakt ved Krigsskolen.

Han meiner utviklinga i krigen etter at kongressen i USA sist vinter heldt att ein ny bistandspakke til Ukraina i fleire månader, kan gje ein peikepinn. Da måtte ukrainarane spare på artilleriammunisjonen, og den russiske hæren kom på offensiven.

– Om det ikkje kjem meir våpen frå USA, kan Russland opne nye frontar. Dei russiske styrkane blir mykje tryggare når dei går til åtak. I første omgang vil dei truleg prøve å okkupere heile Luhansk og Donetsk. Når dei har klart det, kan dei fortsette mot Zaporizjzja. Dei kan òg rykke fram langs Svartehavskysten og gå mot Odesa.

Luftvern er heilt sentralt i forsvaret av Ukraina, understrekar Ydstebø.

– Om Ukraina går tom for ammunisjon til luftvern, blir det mykje lettare for russarane å øydelegge infrastruktur som også forsvaret avheng av. Det blir vanskeleg for Ukraina å stå imot.

Sårbare

Også Tor Bukkvoll, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt, meiner at eit svekt luftvern kan vere den mest alvorlege konsekvensen dersom USA kuttar støtta til Ukraina.

– Det ukrainarane er aller mest redde, for er russisk herredøme i lufta. Om dei russiske flya kan operere trygt og støttar bakkestyrkane, blir dei ukrainske styrkane langt meir sårbare. Alt no er russiske glidebomber eit stort problem ved fronten, seier Bukkvoll.

– Ukrainarane er òg avhengige av langdistansevåpen og andre presisjonsvåpen frå USA. Og dersom amerikanarane i tillegg skulle slutte å levere etterretning til Ukraina, vil det vere skummelt.

Han viser til at satellittdata og anna etterretning frå USA gjev Ukraina mykje kunnskap om kor russiske styrkar samlar seg og flyttar seg.

– Om ukrainarane ser mindre av rørslene til dei russiske styrkane, kan russarane røre seg friare.

Meir enn pengar

Så blir spørsmålet: I kor stor grad kan andre europeiske land kome inn og kompensere dersom amerikanarane ikkje vil sende meir våpen til Ukraina? På kort sikt og mellomlang sikt ser det mørkt ut, meiner Palle Ydstebø. Mykje av våpena som er leverte til no, er henta frå lager, både i Europa og USA. Og lager kan gå tomme.

– Europeiske land produserer mange liknande våpensystem som dei USA leverer. Til dømes har Ukraina fått kryssarrakettar og luftvern også frå Frankrike og Storbritannia. Problemet er at Europa ikkje har skalert opp produksjonen sin fort nok. USA har akselerert produksjonen sin meir enn dei europeiske landa har klart, seier Ydstebø.

– Ukraina får òg ein god del våpen frå Sør-Korea og Japan. Men det er langt frå nok. Ukrainarane treng ikkje berre ammunisjon, men òg langt meir tungt utstyr som artilleri og panservogner. Dei har utdanna 14 nye brigadar det siste halvåret, men har berre tungt utstyr nok til å utruste tre–fire av dei.

Om denne krigen berre handla om økonomi, og Europa hadde satsa for fullt på våpenproduksjon, kunne Ukraina på sikt ha klart seg godt utan hjelpa frå USA, meiner Palle Ydstebø.

– EU har vel åleine 13 gonger så stort BNP som Russland. Men Russland har omstilt seg til ein krigsøkonomi, og Europa har ikkje gjort det. Dei europeiske landa må bu seg på at støtta frå USA til Ukraina kan bli sterkt redusert. Statane må inn med investeringar for å få opp våpenproduksjonen. Dette er ein industriell utmattingskrig, og utfallet blir avgjort i fabrikkhallane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

KulturFeature

Ein observerande vasar

Are Kalvø er glad i å fjasa, men endå betre likar han å vasa.

May Linn Clement

Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Svartkvitt mareritt

Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.

Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.

Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.

Foto: Sean Murphy / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein uunnverleg alliert

Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis