JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit Europa i mørkare blått

Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.

Foto: Manon Cruz / Reuters

9223
20240510

Partigrupper i EU-parlamentet

Venstre: Medlemmer som svenske Vänsterpartiet, spanske Podemos, tyske Die Linke, greske Syriza, danske Enhedslisten, irske Sinn Féin

Dei grøne – den europeiske frie alliansen: Samlar grøne parti frå fleire europeiske land, inkl. danske Socialistisk Folkeparti, Piratenpartei Deutschland og Scottish National Party

Progressiv allianse av sosialistar og demokratar, S&D: Sosialdemokratiske parti, inkludert danske Socialdemokratiet, greske Pasok og italienske Partito Democratico

Forny Europa: Liberale parti som svenske Liberalerna og Centerpartiet, danske Venstre, franske Renaissance, irske Fianna Faíl og tyske Freie Demokratische Partei

Europeiske folkeparti, EPP: Medlemmer som Kristdemokraterna og Moderaterna frå Sverige, Det Konservative Folkeparti frå Danmark, Forza Italia, spanske Partito Popular og Österreichische Volkspartei

Europeiske konservative og reformistar, ECR: Medlemmer som polske Lov og rettferd, spanske Vox, Fratelli d’Italia, Sverigedemokraterna og Sannfinländerna

Identitet og demokrati, ID: Samlar italienske Lega, franske Rassemblement National, Alternative für Deutschland, Freiheitliche Partei Österreichs, Dansk Folkeparti og belgiske Vlaams Belang

Samtalen
Sverre Jervell, diplomat og tryggingspolitisk forskar
Aktuell: Det komande EU-parlamentsvalet

eva@dagogtid.no

Rundt om i Europa er valkampen no i gang framfor valet på nytt EU-parlament, som går føre seg mellom 6. og 9. juni.

Dei nasjonalistiske og konservative høgrepartia i gruppa Europeiske konservative reformistar (ECR) og ytre høgre-partia som har samla seg i grupperinga Identitet og demokrati (ID), har begge styrkt seg sidan førre val.

Tidlegare i år låg dei an til å verte størst i alle dei ni landa Frankrike, Italia, Nederland, Belgia, Austerrike, Polen, Ungarn, Slovakia og Tsjekkia, og nest størst i Sverige, Finland, Spania, Tyskland, Portugal, Romania, Latvia, Estland og Bulgaria, ifølgje estimat frå den tyske tankesmia European Council on Foreign Relations.

No har dei samla sett gått litt tilbake, men dei ligg likevel an til å kunne ta 158 av dei 720 setene i parlamentet, ifølgje dei nyaste målingane til nettavisa Politico. Det er ein god auke frå dei 135 plassane i dag.

Sverre Jervell er pensjonert diplomat og tryggingspolitisk forskar og bur no delar av året i Berlin.

– Om du skulle prøve deg med ein spådom, korleis ser han ut?

– Høgrepopulistane er på frammarsj, og det som vert spanande med Europa-valet, er at vi no får ei skikkeleg måling i alle europeiske land på kor sterk frammarsjen faktisk er. Desse partia utgjer rundt 20 prosent av medlemmene i parlamentet i dag, men framover reknar ein med at dei kan utgjere opp mot 25 prosent.

– Samstundes går begge dei to partigruppene tilbake på målingane att no. Kva kjem det av?

– I Tyskland, der populistane i AfD (Alternativ for Tyskland, journ. merk.) går tilbake, har det samanheng med at det også går føre seg ei sterk mobilisering mot høgrepopulismen. Høgrepopulisme i Tyskland leier jo tankane til fascisme og nasjonalisme, så der er det lett å mobilisere mot. Den store utfordringa ligg derimot i Frankrike og Italia, og kanskje også Belgia og Nederland, så det vert spanande å sjå korleis valet slår ut der. Særleg spanande vert det i Frankrike, der den unge Jordan Bardella (frå partiet tidlegare kjent som Nasjonal front, som no heiter Nasjonal samling, journ. merk.) no statistisk sett ser ut til å vere den mest populære politikaren. Han er 29 år, dynamisk og svært karismatisk og klarar tydelegvis å samle også ein del av dei intellektuelle i Frankrike. Forgjengaren hans Marine Le Pen samla i hovudsak personar frå arbeidarklassa.

– Framgangen til høgrepartia har fyrst og fremst gått på kostnad av gruppa Dei grøne i EU-parlamentet, men òg på kostnad av den liberale grupperinga Forny Europa, venstrepartia i Venstre og sosialdemokratane i Sosialistar og demokratar (S&D). Kva er hovudgrunnen til denne veljardreiinga, slik du vurderer det?

– Det er vanskeleg å seie, men ut frå temaa dei høgrepopulistiske partia tek opp, er den store innvandringa til Europa ein openberr faktor. Samstundes køyrer dei same partia på med kampanje mot klimapolitikken i EU. No er den rett nok omdiskutert i fleire europeiske land: Bøndene protesterer, og det er diskusjonar om straum fleire stader. Men det er også faktorar som har medverka til å styrkje høgrepopulistane. I det store biletet utgjer høgrepopulistane samstundes framleis ei lita kraft, og det er ingen fare for at dei får ei dominerande rolle i Europaparlamentet. Fyrst og fremst fordi dei to partigruppene er så splitta sjølv, men òg fordi sentrum–venstre-koalisjonen av sosialdemokratar og moderate konservative, som ber arbeidet i parlamentet i dag, framleis står sterkt.

– Dette er spørsmål som vil slå rett inn i norsk EU-debatt.

Sverre Jervell

– Kva er dei viktigaste sakene som splittar høgregruppene?

– Dei populistiske og nasjonalistiske høgregruppene er berarar av EU-motstanden i Europa, medan partia i sentrum og på venstresida er for EU. Men dei populistiske høgregruppene har ulike syn på EU. Nokre av dei vil leggje ned heile samarbeidet, medan andre vil endre retning på EU innanfrå. I tillegg er dei splitta i synet på Putin. Nokre av dei flørtar openbert med Putin, andre støttar våpenleveransar til Ukraina. Spenningane er så store at dei av den grunn åleine ikkje vil kunne utgjere noka sterk politisk kraft.

– Får framgangen deira nokon politiske følgjer?

– Ikkje store følgjer, nei. Dei praktiske konsekvensane av valet vert nok ganske små. Det høgrepopulistane kan gjere, om dei vert sterke, er å bremse og blokkere ein del saker, delar av klimapolitikken og delar av arbeidet med å få innført ein ny europeisk migrasjon- og flyktningpolitikk. Her er det semje om prinsippa, men dei skal omsetjast i praksis, og då er det ein viss fare for at dei vil strø sand i EU-byråkratiet og gjere det vanskelegare å kome vidare.

Partigruppene ytst til høgre kan kome til å ta 158 av dei 720 seta i EU-parlamentet i juni, ifølgje dei nyaste målingane til nettavisa Politico.

Foto: Yves Herman / NTB

– Ursula von der Leyen – EU-kommisjonspresident og toppkandidat for den største gruppa i parlamentet, det kristendemokratiske Europeisk folkeparti (EPP) – har sagt at ho er open for å samarbeide med gruppa Europeiske konservative reformistar (ECR) i parlamentet. Så då kan vel valet skape nye samarbeidskonstellasjonar?

– Vel, Europaparlamentet er dominert av ein sentrumskoalisjon der kristendemokratane er viktige. Det kan jo tenkjast at von der Leyen byrjar å sjå mot høgre i staden for venstre, men dette kan også vere eit forhandlingsutspel ho kjem med i kampen for sitt eige politiske liv. Fråsegna hennar har vekt oppsikt, også i Tyskland.

– Nokre av ytre høgre-partia er, som du seier, imot heile EU. Kan det ikkje påverke EU-samarbeidet i stort at dei styrkjer seg?

– Eg trur som sagt det meste vil halde fram som før. Det er gjort målingar blant folk som syner at støtta eller optimismen om europeisk samarbeid har auka etter krigen i Ukraina og no er på over 60 prosent. Samstundes er det no store utfordringar som må løysast, ikkje minst knytte til krigen i Ukraina, klimakrise og flyktningkrise, og alt dette vert meir krevjande å gjere noko med for EU, med sand i maskineriet. Og det får også følgjer for oss, for det EU kjem til på desse punkta, vert i praksis Noregs politikk også.

– Frankrikes president Emmanuel Macron er denne veka ute i The Economist og åtvarar om at «ting kan falle frå kvarandre svært raskt», og han skisserer både gjenoppstått nasjonalisme, svekt konkurransekraft andsynes Kina og tryggingstrugsmålet frå Russland som faremoment for EU. Kva vert dei største utfordringane neste parlament og administrasjon i Brussel skal handtere, slik du ser det?

– Det er dei tre tinga: Ukraina-krigen, klima og flyktningar – og i vid tyding. I å handtere Ukraina-krigen ligg det òg ei styrking av forsvarssamarbeidet i Europa, og det kjem til å akselerere om Trump vinn valet i USA. Ei slik styrking vert også ei stor utfordring for Noreg, for det er ikkje snakk om eit uavhengig samarbeid, men om å styrkje den europeiske pilaren i Nato. Og i ei slik styrking kjem EU til å spele ei viktig rolle.

– EU har endra seg mykje dei siste åra òg, utan at det har rokka ved tilknytinga Noreg har til EU gjennom EØS-avtalen. Nye område EU regulerer og lagar politikk for, er lagde til EØS-avtalen, ifølgje utvalet som nyleg la fram ei ny utgreiing om forholdet vårt til EU. Må vi vente oss ei annleis utvikling framover?

– Det mest dramatiske for Noreg er om det gradvis vert eit forpliktande samarbeid om forsvarspolitikken i EU. Då må Noreg nødvendigvis delta. Samstundes er det utenkjeleg at Noreg kan gå inn i eit slikt samarbeid utan å vere med på å bestemme. Vi har gått med på å samarbeide om både klima og flyktningar utan å vere med og bestemme – med EØS-avtalen som plattform, men det er vanskeleg å tenkje seg noko liknande på forsvar. Så dette er spørsmål som vil slå rett inn i norsk EU-debatt. Det vert då berre eit tidsspørsmål om når vi får ei ny folkerøysting der vi må velje mellom dagens EØS-avtale og EU-medlemskap.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis