Økonomi

Eit forsvar for høgre renter

Høgre renter kjem til å føra til mykje godt, kan vi gjera oss ei von om.

Med låg rente har folk hatt råd til stadig større hus og stadig fleire hytter. Byggjenæringa har hatt ein attendegang i produktivitet på over 10 prosent, som er noko heilt nytt innanfor kapitalismen.
Med låg rente har folk hatt råd til stadig større hus og stadig fleire hytter. Byggjenæringa har hatt ein attendegang i produktivitet på over 10 prosent, som er noko heilt nytt innanfor kapitalismen.
Publisert Sist oppdatert

Mange av oss som har store lån, er no urolege for at renta skal verta høgre. Det er berre å slå fast at det kjem ho til å verta. Det er ingen teikn til at forbruket dabbar av, arbeidsmarknaden er framleis stram, og jammen har bustadprisane, særleg i Oslo, på nytt teke av. Alt medan realløningane går ned.

At bustadprisane stig, er elles ikkje uventa sett i lys av at regjeringa har lempa på ei tidlegare stram bustadutlånsføreskrift. Bankane får no låna ut mykje meir til førstegongskjøparar og dei som vil kjøpa husvære nummer to. Slikt har det med å setja ny eld under bustadmarknaden. Dessutan er det lite som tyder på at regjeringa våger å gjennomføra nokon av dei føreslegne skatteinnstrammingane som skattekommisjonen føreslo for huseigarar.

Når vi så veit at regjeringa har lova eit ukjent tal nye milliardar til offentleg sektor til våren, ja, så må nok renta ein god del til opp for at ting skal roa seg, og inflasjonen på ny halda seg låg.

Godt på sikt

Ser vi forbi dei auka kostnadene alle som har lån, får av di renta går opp, tyder likevel det meste på at det er godt for dei fleste av oss at renta går opp, i det minste på sikt. Om vi tenkjer over kva rente er for noko, betaling for lån av tid, ser vi kan henda klarare kvifor det er rett at kapital skal kosta noko. Alle desse åra med det som i praksis har vore minusrenter, har truleg ikkje vore sunne, dei har sett normale og gode funksjonar ut av drift.

Lån oppstår ved at ein eller fleire personar utset konsum her og no til fordel for ein eller fleire som vil kjøpa noko her og no. På sett og vis er det ikkje store skilnaden på eigaren av ei gravemaskin til 1 million kroner og ein som låner ut 1 million kroner, båe skal ha betalt for bruk av tid. I ein rekneskap vert det ikkje gjort skilnad på ei gravemaskin til 1 million og 1 million i utlån til kundar i form av fakturaar som enno ikkje er betalte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement