Eit hol i dyrevelferda
Kvart år får millionar av oppdrettslaks gapande, infiserte sår på kroppen. Nye metodar for avlusing er ei viktig årsak.
Vintersår er ei vanleg liding i norske merdar. Biletet viser fisk frå eit anlegg på helgelandskysten i 2014. Laks kan leve lenge med sår, men desse fiskane døydde av bakterieinfeksjonen.
Foto: Arve Nilsen
Da inspektørar frå Mattilsynet undersøkte merd 4 i SalMar-anlegget ved Hjortøya i Nord-Trøndelag 18. april i år, var funna utrivelege. Der gjekk det laks med opne sår på kroppen – såkalla vintersår. Bakteriar hadde ete seg inn i kjøtet og påført fisken langvarig liding. Laksen burde vore slakta ut mykje tidlegare, meinte Mattilsynet, og gav Salmar eit gebyr på nesten 1,7 millionar kroner for brot på dyrevelferdslova. «Dere har lagt for stor vekt pa° a° redusere økonomiske tap, og ikke vurdert store, åpne sår på° et stort antall fisk i forhold til fiskevelferden», heitte det i vedtaket.
SalMar vart ikkje bøtlagd fordi mykje av fisken hadde sår, men fordi pina fekk vare så lenge. Laksen i merd 4 vart sett ut 7. november i fjor, og alt i desember vart det observert store vintersår på fisk i merden. I januar vart det henta opp 31 319 daudfisk. I februar hadde 85 prosent av laksen i merden utvikla sår, ifølgje fiskehelsetenesta, som tilrådde full utslakting. Det skjedde ikkje, og sjuk fisk fekk gå med opne sår i fleire månader.
Småpengar
Gebyret er det største Mattilsynet har lov til å påleggje, men gjorde ikkje stort innhogg i kassa til verdas nest største lakseoppdrettar. I første kvartal var det operasjonelle driftsresultatet til SalMar 1,88 milliardar kroner – meir enn tusen gonger så mykje som rekordbota.
SalMar valde å ikkje klage på vedtaket, men meinte at gebyret var urimeleg. «Hensynet til fiskens helse og velferd var styrende for SalMars håndtering av utbruddet av vintersår», skreiv selskapet i ei pressemelding. SalMar ville ikkje slakte ut all fisken fordi «det ville medført avliving av mye fisk som ikke var rammet av vintersår», heitte det.
SalMar ønskjer ikkje å gje nokon vidare kommentarar om Hjortøya-saka til Dag og Tid og viser til pressemeldinga. Men denne artikkelen handlar ikkje først og fremst om SalMar eller Hjortøya-saka. Stoda i merd 4 ved dette anlegget var verre enn det som er vanleg, men at laks går med gapande, infiserte sår i norske merdar er ikkje noko særsyn. SalMar-anlegget var heller ikkje det einaste grelle funnet i inspeksjonsrunden til Mattilsynet på trøndelagskysten i april. «Vi fant flere anlegg med ganske store mengder fisk med til dels store alvorlige vintersår som skulle vært avlivet. Vi observerte også død fisk i anleggene med betydelige vintersårskader», sa John Bjarne Falch, avdelingssjef i Mattilsynet, til E24 i juni.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.