Helse

– Eit kappløp me aldri kan vinna

Sigurd Høye ved Antibiotikasenteret for primærmedisin vil bruka fleire ressursar på å ta vare på gamle antibiotikum, ikkje berre utvikla nye.

Publisert Sist oppdatert

Noreg og Sverige er av dei få landa i verda der antibiotikaresistens er nokolunde under kontroll. Ei av årsakene er at ein har avgrensa bruken av nye og såkalla breispektra typar antibiotikum.

– Slik har me klart å behalda ein god situasjon med relativt lite problem, liding og død i samband med antibiotikaresistens, seier Sigurd Høye, som er leiar for Antibiotikasenteret for primærmedisin ved Universitetet i Oslo.

Høye meiner det er viktig å utvikla nye antibiotikum, men like viktig å ta vare på dei gamle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement