Politikk
– Eit moralsk korrupt system
– Migrasjonssystemet i Europa er ein katastrofe, og det er på mange vis eit moralsk korrupt system, seier Kristin Clemet, leiar i Civita.
Foto: CF-WESENBERG
I ein kronikk i Aftenposten måndag 1. juli skreiv ho at det europeiske asylsystemet har gått sund. Delvis støttar ho den nederlandske sosiologen og professoren Ruud Koopmans. I fjor kom boka hans Det europæiske asyllotteri på dansk. Der omtalar han migrasjonssystemet som det mest dødbringande i verda og meiner at det er ein humanitær og moralsk skandale. Han viser til at det ikkje er dei flyktningane som treng det mest, som får asyl eller opphald i Europa. Derimot er det ofte unge, friske menn frå relativt sett betrestilte familiar, som kjøper seg reise til Europa hjå kriminelle menneskesmuglarar.
– Det er ikkje moralsk høgverdig å la fleire titusen døy på ferda til Europa. Mange når fram, og det går bra for somme, men andre har ikkje lovleg opphald og lever nærast i fornedring. Det er eit system som lurer menneske opp i stry, og då må me sjå etter eit anna system, seier Clemet.
Ho nemner tre kategoriar: arbeidsinnvandrarar, flyktningar og familieinnvandrarar.
– I Noreg har me arbeidsinnvandring frå EØS-området, men for dei som kjem utanfrå, er det i utgangspunktet umogleg å koma inn om du ikkje kvalifiserer til asyl. Det finst berre ei bitte lita opning for arbeidsinnvandring for folk utanfor EØS, og spørsmålet er om systemet kan byggjast om slik at det kan fungera betre og det kan verta lettare å koma inn som arbeidsinnvandrar.
Clemet har delteke i den norske innvandringsdebatten i 30 år, og opp gjennom åra har ho skrive mykje om temaet. No vedgår ho å ha vore for optimistisk om korleis integreringa og inkluderinga skulle gå – både økonomisk og kulturelt.
– Problema som er knytte til innvandring, kjem litt i rykk og napp – på uventa vis – avhengig av situasjonen i verda. Når ei «rute» vert opna, kjem det stadig fleire migrantar. Det vert fort litt lappeteppepolitikk, der ein prøver å stramma inn når det skjer noko, men det er svært vanskeleg når kvart land prøver å handtera dette åleine. Det krevst samordning. Mange har gjeve uttrykk for det på ulikt vis, men samstundes vert det fort ein sensitiv eller betent politisk debatt som potensielt kan infiltrerast av framandfiendtlege haldningar eller stemplast som verdiposering, som eg sjølv har drive med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.