JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit tidsskilje i EUs asyl- og migrasjonspolitikk

Asylhandsaminga kan verte flytta til land utanfor EU, og dei som får avslag på asyl i EU, kan verte sende til retursenter i tredjeland. Det er resultatet om tiltaka EU no vurderer, vert ein realitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Førre veke vart 16 migrantar som den italienske kystvakta hadde plukka opp i Middelhavet på veg mot Italia, skipa til mottakssenter i Albania for asylhandsaming. Kort tid etterpå vart dei sende tilbake til Italia.

Foto: Florion Goga / Reuters

10907
20241025
10907
20241025

Politikk

eva@dagogtid.no

Frå lufta kan det ved fyrste augnekast minne om ein idrettsarena som mellombels er rigga for ein festival. Men nyskapinga i hamna i den albanske byen Shëngjin, seks mil nord for hovudstaden Tirana, er verken bygd for fri konkurranse eller for feiringar.

Det er eit italiensk mottakssenter, bygd for å hindre asylsøkjarar som har prøvd å ta seg til Italia over Middelhavet, frå å setje føtene på EU-jord før dei eventuelt får innvilga asyl, og for å syte for at dei som ikkje får innvilga asyl, vert returnerte til heimlandet raskast mogleg.

At det kjem til å gå sport i byggverket, er likevel mogleg. Eit lite år etter at Albania og Italia avtalte bygginga av mottakssenteret, har fleire andre europeiske leiarar teke til orde for liknande modellar.

Ministrar frå EU-landa i aust og frå Austerrike, Tsjekkia, Danmark, Nederland, Italia, Kypros og Malta har bede EU-kommisjonen kome opp med alternativ som byggjer på avtalen mellom Albania og Italia. Ja, sjølv den nye britiske statsministeren Keir Starmer, som har vraka planane forgjengaren hadde om å sende båtmigrantar til Rwanda, har annonsert at han kan vere interessert i ein avtale om å flytte ut asylhandsaming, som den Albania og Italia har kome til.

I tillegg er det no nær konkurranse i EU om å stramme inn og finne nye verkemiddel i asylpolitikken, for å hindre fleire migrantar frå å kome til Europa. Tyskland og Frankrike har skjerpa grensekontrollen, 17 europeiske land har kravd at EU lagar eit eige regelverk for å sikre at dei som har fått avslag på asyl i EU, vert sende raskt tilbake til heimlandet, og både Finland og Polen har sett høvet til å søkje asyl på pause, etter stor tilstrøyming av asylsøkjarar via Russland og Belarus.

Og alt dette har skjedd berre månader etter at EU-landa vedtok eit nytt og langt strengare asyl- og migrasjonsregelverk, omtala som EUs asyl- og migrasjonspakt.

Retursenter utanlands

EUs stats- og regjeringssjefar støtta førre veke opp om fleire av innstrammingane over og slo fast at «nye måtar å førebyggje og nedkjempe irregulær migrasjon på, må vurderast».

Polen og Finland fekk støtte til å setje asylretten til side mellombels for å motverke det EUs regjeringssjefar kallar russisk og belarusisk «instrumentalisering av migrantar til politiske føremål».

EU-kommisjonen vart på si side beden om snarast å leggje fram eit lovforslag for å lette, auke og skunde på arbeidet med å sende heim dei som har fått avslag på asyl i EU, men som framleis er i unionen.

Å opprette felles retursenter i land utanfor EU for dei som har fått avslag på asyl og ikkje kan sendast heim, vart også diskutert av stats- og regjeringssjefane, trass i at ei slik ordning vart avvist av EU-kommisjonen i 2018, ifølgje nettavisa Euractiv.

EU-toppmøtet er kalla eit paradigmeskifte, og både politikarar og forskarar har påpeika at ting som før var tabu å føreslå i asyl- og migrasjonsdebatten, no vert diskuterte som ukontroversielle.

Postdoktor Karin Vaagland har skrive doktorgrad om EUs avgjerdstaking under migrasjonskriser frå 2015 og framover, og ho jobbar i dag med migrasjon ved Universitetet i Genève. Ho seier asyl- og migrasjonsdebatten i EU har flytta seg langt dei siste åra.

– Slik eg oppfattar det, er det også ein heilt annan tone og meir vilje til å finne saman blant EU-landa no enn det var den gongen. Tiltak som før skapte heftig debatt, er det no semje om på tvers av partia, seier ho.

Stadig fleire

Fleire menneskerettsorganisasjonar har kritisert sider av den nye asyl- og migrasjonspolitikken i EU, og Amnesty International meiner både Italias senter for asylsøkjarar i Albania og forslaget om å opprette felles retursenter i land utanfor EU bryt med både europeiske og internasjonale lovverk. Å setje asylretten til side, slik Polen og Finland har gjort, kallar same organisasjon «openbert ulovleg».

Italias mottakssenter for asylsøkjarar i den albanske kystbyen Shëngjin er kritisert av menneskerettsorganisasjonar.

Italias mottakssenter for asylsøkjarar i den albanske kystbyen Shëngjin er kritisert av menneskerettsorganisasjonar.

Foto: Florion Goga / Reuters

Retten til å søkje asyl er nedfelt både i FNs menneskerettserklæring frå 1948 og i EUs pakt om grunnleggjande rettar, vedteken i 2000.

Eit spørsmål er derimot kva alternativ EU-leiarane har når stadig nye migrantar kjem til EU for å søkje asyl, samstundes som europeiske land for tida også er heim for over fire millionar ukrainske flyktningar, og samstundes som høgreorienterte parti som ønskjer endå strengare asyl- og innvandringspolitikk, har auka oppslutninga både i enkeltland og på EU-nivå.

Talet på migrantar sørfrå som kjem til EU, er langt mindre no enn under flyktningkrisa i 2015, men er for tida på veg opp att. Så langt i år har det kome fleire nye migrantar enn det kom per år frå 2018 til 2021, ifølgje tal frå den internasjonale organisasjonen for migrasjon, IOM.

– Tiltak som før skapte heftig debatt, er det no semje om på tvers av partia.

Karin Vaagland, postdoktor ved Universitetet i Genève

Det er også auke langs nye ruter inn til EU. Medan tala på migrantar over Middelhavet og frå Balkan har gått ned med opp mot to tredjedelar frå same periode i fjor, har det på same tid vore ei dobling av talet på migrantar som kjem til Spania frå vestsida av det afrikanske kontinentet, og ei tredobling av talet på irregulære passeringar ved EU-grensa i aust. Det syner tal frå EUs grense- og kystvaktbyrå Frontex, som dei ni fyrste månadene av 2024 registrerte 166.000 nye irregulære grensepasseringar inn til EU.

Nye migrantar kan også kome i kjølvatnet av det som no skjer i Midtausten, ifølgje EU-kommisjonspresident Ursula von der Leyen. I eit brev ho sende EUs stats- og regjeringssjefar tidlegare denne månaden, synte ho til at meir enn éin million personar er drivne på flukt berre dei siste vekene, og at mange har drege inn i Syria «med et klart potensial for videre internasjonal forskyving».

Få returnerer

Det er også relativt få av dei som har fått avslag på asyl i EU, som forlét unionen. Tal frå EU-kommisjonen syner at berre rundt 21 prosent av dei over 300.000 utanlandske statsborgarane som kvart år vert pålagde å reise frå EU, faktisk returnerer til heimlandet eller til landet dei reiste frå.

Utlendingsdirektoratet i Noreg har ikkje jamførbare tal, men ifølgje Guri Tyldum, som er forskar ved migrasjonsavdelinga hjå forskingsstiftinga Fafo, har Noreg etter alt å døme ein meir effektiv returpolitikk enn EU-snittet.

– Rask og effektiv returpolitikk er noko Noreg har hatt lenge. Her er det gjort grep for at asylinstituttet ikkje skal kunne brukast for å kome og jobbe irregulært. Det er ikkje sett på som særleg kontroversielt i Noreg, men det har det vore sørover i Europa – særleg i landa der økonomien er opnare og mange kjem inn irregulært for å jobbe. I dei landa har ikkje flyktningane så mange rettar heller, så det har vore større aksept for at folk kjem inn og jobbar, seier Tyldum.

Grete Brochmann, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, seier fleire EU-land heller ikkje har satsa særleg tungt på returpolitikk før no ganske nyleg. Årsakene kan ifølgje henne vere manglande kontroll og oversikt, og ikkje minst problem med å få kartlagt identiteten til migrantane. Det gjer at dei møter motstand i opphavslanda, som nektar å ta imot borgarar utan klarlagd identitet, men som heller ikkje ønskjer å samarbeide om slik klarlegging.

– Det er mange motstridande interesser mellom opphavsland og EU-land som gjer at det er vanskeleg å på lovleg vis få returnert dei som ikkje har fått opphald, seier ho.

Fleire hindringar

Ifølgje EU-kommisjonspresidenten vert ikkje migrasjonspolitikken i EU berekraftig så lenge dei som ikkje har rett til opphald, ikkje vert returnerte. Statsleiarane i EU-landa konkluderte førre veke med at EU bør ta i bruk «all relevant EU-politikk, instrument og verktøy, inkludert diplomati, utvikling handel og visum» for å få til meir effektiv returpolitikk.

Om dei vil lukkast, står att å sjå. Brochmann er ikkje overtydd. Ho kallar returpolitikken eit av dei store usikre elementa i den nye asyl- og migrasjonspolitikken til EU.

– Det skal meir enn eit samla vedtak i EU til for at det skal verte lettare å få returnert folk som ikkje kvalifiserer til opphald, seier ho.

Vaagland seier fleire av EU-landa som no ropar høgt om at dei vil returnere avviste asylsøkjarar, også er avhengige av irregulær arbeidskraft.

– Opphavslanda har få insentiv for å signere avtalar om å ta imot dei som skal returnerast. Dei er jo i stor grad avhengige av pengeoverføringar frå dei som er i Europa og jobbar, seier Vaagland.

Ursula von der Leyen har stadfesta at ideen om felles retursenter i land utanfor EU, for avviste asylsøkjarar som ikkje kan sendast heim, «skal utforskast».

Då kommisjonen vurderte tiltaket i 2018, vart det ifølgje Euronews konkludert med at eksternt plasserte retursenter ville vere ulovlege fordi EUs eiga lovgjeving forbaud å tvangssende migrantar til land dei ikkje kom frå eller ikkje hadde reist gjennom.

Ifølgje Brochmann er det vanskeleg også no å seie om retursentera vert noko av.

– Her er det både menneskerettslege, politiske og praktiske hindringar, og eg trur ingen enno veit om dette kan verte realisert i praksis, og om EU vil få lov til å gjere dette når det kjem til stykket.

– Er det erfaringar å hente frå liknande andre stader?

– EUs planlagde retursenter inngår i ein større heilskap, og asyl- og migrasjonspakta har ingen parallellar tidlegare i historia, seier ho.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Det skal meir enn eit samla vedtak i EU til for at det skal verte lettare å få returnert folk som ikkje kvalifiserer til opphald.

Grete Brochmann, professor ved Universitetet i Oslo

Tur–retur Albania

Særleg rett fram har vegen heller ikkje vore for Italias forsøk på å flytte ut asylhandsaminga. Landet har bygd to mottakssenter i Albania, og planen er at dei skal kunne ta imot og handsame opp mot 36.000 asylsøknader årleg. Dei som får avslag på asyl, skal returnerast frå Albania, medan dei som får søknaden innvilga, får asyl i Italia. Dei fleste er derimot venta å få avslag, i og med at det berre er migrantar frå dei litt over 20 landa Italia reknar som trygge å returnere til, som skal skipast til Albania for asylhandsaming. Det inkluderer land som Bangladesh, Egypt, Tunisia og Elfenbeinskysten.

Så langt står mottakssentera i Albania tomme. Dei fyrste 16 migrantane vart skipa til Shëngjin, til store avisoverskrifter førre veke, men måtte sendast tilbake til Italia kort tid etterpå. Dei var frå Bangladesh og Egypt, og ein domstol i Roma slo fast at desse to landa ifølgje ein dom frå EU-domstolen ikkje kunne reknast som trygge nok å returnere til.

Kva som skjer no, er uvisst, men Brochmann trur at europeiske statar kjem til å halde fram i restriktiv lei i asyl- og migrasjonspolitikken, så lenge migrasjonstrykket er høgt og kontrollen svak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.

Foto: Ukrainsk forsvar

KrigSamfunn

Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.

Andrej Kurkov

Størsteparten av den grove kriminaliteten i Sverige er knytt til slektsbaserte kriminelle nettverk, ifølgje boka «Klanerna». Biletet viser politiet i aksjon etter at to personar vart skotne i Hässleholm i Skåne i 2019.

Foto: Johan Nilsson / TT NYHETSBYRÅN / NTB

Samfunn

Storfamiliar med innvandrarbakgrunn står bak grov kriminalitet i nabolanda våre.

Politiet vil ikkje utdjupe kor omfattande problemet er i Noreg.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis