Eksamensfusk som fortent

Jukset i høgare utdanning handlar ikkje om dårleg moral. Det er resultat av systemsvikt, meiner tidlegare høgskulerektor Håvard Teigen.

Publisert Sist oppdatert

Denne vinteren har gjort skade på tilliten til både politikarane og utdanningssystemet i Noreg. Media har avdekt omfattande avskrift utan kjeldereferansar i masteroppgåvene til to statsrådar, og ein av dei måtte gå. Men avskriftene til Ingvild Kjerkol og Sandra Borch er knapt toppen av isfjellet. Tusenvis av norske studentar har late seg freiste til å ta snarvegar når dei skulle skrive masteroppgåve eller heimeeksamen. Frå 2018 til 2022 vart minst 3800 studentar straffa for fusk, skriv VG i januar. Om studentane ikkje har forferdeleg dårleg evne til risikovurdering, må vi gå ut frå at mange tusen fuskarar slapp gjennom utan å bli oppdaga. Det siste dryge året har dessutan såkalla generativ kunstig intelligens (KI) opna heilt nye høve for dei som vil jukse seg til ein grad.

Men dette handlar ikkje om moralsk svikt hos einskildstudentar. Heller ikkje om manglande kontroll ved einskilde institusjonar, meiner Håvard Teigen, professor emeritus i samfunnsplanlegging og tidlegare rektor ved Høgskolen i Innlandet. Problemet er at sjølve systemet for høgare utdanning stimulerer til juks i stort omfang, hevda han i eit innlegg i Khrono 22. februar, med tittelen «Juksesakene er systemsvikt».

Falske papir

Slik Teigen ser det, ligg problemet i måten studentane skal syne kunnskapane sine på. «Den grunnleggande systemsvikten er enkel: Eksamensoppgåvene kan skrivast heime og det er ikkje munnleg prøving som gjer at sensorane kan avsløre om kandidaten har skrive oppgåva sjølv», heiter det i innlegget. Sjølv trekte Teigen seg alt for 17 år sidan som sensor ved BI fordi høgskulen mangla mekanismar som hindra juks, fortel han. «Hundre-, ja, tusenvis av arbeidstakarar kan nå ha fått stilling og stand på grunnlag av falske papir. Mange har visst dette, men ingenting er gjort», skriv han.

Endringane i eksamenssystema skjedde på eit uheldig tidspunkt, skriv Teigen i innlegget: «På eit verst mogleg tidspunkt, da internett kom for fullt og faglege tekster kunne kopierast rett inn, vart det meir vanleg med heimeeksamen utan munnleg prøving. I startfasen brukte dei fleste heller ikkje plagiatkontrollprogram.»

Nivåfall

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement