JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Endå ein armensk tragedie

Med den aserbajdsjanske erobringa går 2000 år med armensk historie i Nagorno-Karabakh mot slutten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5496
20230929
5496
20230929

At noko var alvorleg gale i Sovjetunionen, oppdaga eg sommaren 1988: Til stades på ein av dei mange pressekonferansane til sovjetisk UD var det journalistar frå sovjetrepublikkane Armenia og Aserbajdsjan. Når armenarane snakka, blei aserbajdsjanarane rasande. Og vice versa.

Dei to etniske gruppene hata kvarandre, kort og godt. I årevis hadde den sovjetiske propagandaen fortalt verda at det såkalla nasjonale spørsmålet var løyst i Sovjetunionen. Alle folka elska kvarandre, og saman var dei i gang med å byggja sosialismen. Til og med i Vesten var det mange som trudde på dette glansbiletet. I røynda var Sovjetunionen ein trykkokar der ulike etniske grupper kjempa mot kvarandre. Kommunistpartiet og KGB var lokket som sørgde for at kjelen ikkje eksploderte.

Uforsonleg konflikt

Den mest uforsonlege av desse konfliktane var den mellom armenarar og aserbajdsjanarar. Gjennom dei to–tre siste tiåra det tyrkiske osmanske riket eksisterte, var store delar av armenarane som budde der, blitt utrydda. Verst var folkemordet under og rett etter den fyrste verdskrigen, men også kring 1900 var kristne armenarar blitt massakrerte i Tyrkia. Med naud og neppe redda ein liten del av den armenske nasjonen seg unna på sovjetisk territorium etter at bolsjevikstaten vart oppretta. Grannerepublikken var Aserbajdsjan, ein del av Sovjetunionen der folket språkleg og etnisk var i nær slekt med tyrkarane.

Stalins kart

Det var Stalin som teikna kartet over Sovjetunionen på byrjinga av 1920-åra. Som georgiar kjende han godt til spenningane mellom armenarar og aserbajdsjanarar. Han sytte for at Nagorno-Karabakh, eit område med kristen, armensk befolkning, blei liggjande inni det muslimske Aserbajdsjan. Dette kunne ikkje gå bra, og då Sovjetunionen tok til å gå opp i liminga på slutten av 1980-åra, gjekk dei to folka fysisk laus på kvarandre. Verst var massakrane på armenarar i byen Sumgait i Aserbajdsjan i februar 1988 der fleire hundre armenarar vart drepne.

Då krigen mellom dei to republikkane braut ut, skulle ein tru at det mykje meir folkerike Aserbajdsjan hadde vore den sterkaste militærmakta. Slik var det ikkje. Armenarane klarte etter kvart å kasta den aserbajdsjanske hæren ut frå Nagorno-Karabakh og dei kringliggjande fylka i Aserbajdsjan.

Det er to versjonar som forklarer det som hende: Den eine går ut på at armenarane var betre organiserte og hadde så mykje støtte frå diasporaen i Vesten at dei klarte å slå ein talmessig overlegen fiende. Den andre versjonen går ut på at armenarane hadde god hjelp frå Russland. Sanninga er truleg ein kombinasjon av dei to versjonane.

Anten årsaka var den eine eller den andre, så klarte armenarane å halda på territoriet inne i Aserbajdsjan heilt til 2020. Då hadde det autokratiske Alijev-regimet samla seg så mykje militærmakt, godt støtta av Tyrkia, at dei tok attende alle dei armensk-kontrollerte områda utanfor sjølve Nagorno-Karabakh. Armenia blei tvinga til forhandlingar. Freden blei garantert av såkalla russiske fredsbevarande styrkar som skulle sørgja for at armenarane i Nagorno-Karabakh kunne leva trygt.

No, i september 2023, synte det seg at desse russiske garantiane ikkje var verde nokon ting. Aserbajdsjanske styrkar gjekk inn i Nagorno-Karabakh, og den armenske militsen der kapitulerte etter kort tid. Dei russiske styrkane gjorde ikkje stort anna enn å hjelpa til med å evakuera sivile armenarar.

Autokratia går saman

Ved sida av sjølve tragedien handlar det som skjer i Nagorno-Karabakh, om noko meir.

For det fyrste handlar det sjølvsagt om Russland. I Armenia har utlendingar alltid fått vita at det eksisterer eit såkalla spesielt forhold til Moskva. Gjennom 200 år har armenarar flest trudd at Russland kom til å verna dei mot Tyrkia. Til ein viss grad har det vore tilfellet, anten makthavarane i Moskva kalla seg kristne eller kommunistar.

No har Putin selt armenarane i Nagorno-Karabakh til Aserbajdsjan, ein alliert av Tyrkia. Delvis kan det handla om at Putin på grunn av krigen i Ukraina ikkje har styrkar nok til å halda handa si over armenarane. Men mest handlar det nok om at Putin meiner tilhøvet til Recep Tayyip Erdogan er viktigare enn tilhøvet til vesle Armenia. Eit lite folk blir ofra når mektige autokratar går saman.

For det andre handlar det om bruken av militær makt, i dag og i framtida. Vesten har freista – ofte etter fattig evne – å byggja opp ei regelstyrt verd dei siste tiåra. Ein viktig regel er at minoritetar må vernast. Armenarar i Aserbajdsjan har aldri hatt noko vern, og knapt nokon i Nagorno-Karabakh trur at dei vil bli verna i framtida. Få av dei vil ynskja å leva under det tyranniske Alijev-regimet. Difor kjem etter alt å døma mesteparten av dei 150.000 armenarane i Nagorno-Karabakh til å flykta til Armenia.

Berre om Armenia hadde hatt mykje meir militærmakt enn det dei faktisk har, ville dei ha vore i stand til å stansa den aserbajdsjanske overtakinga. Denne militærmakta hadde ikkje Armenia. Ekspertar på armensk historie meiner at den armenske folkesetnaden i Nagorno-Karabakh i alle fall er 2000 år gamal. Så langt det er mogleg å sjå no, nærmar me oss slutten på denne historia. Endå ein tragedie blir føydd til i soga til det armenske folket.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mest handlar det nok om at Putin meiner tilhøvet til Recep Tayyip Erdogan er viktigare enn tilhøvet til vesle Armenia.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis