JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Endeleg fekk oljefondsjefen skikkeleg merksemd for ein av podkastane sine.

Kanskje har Nicolai Tangen, øvste sjef for Statens pensjonsfond utland – best kjent som Oljefondet – kome i skade for å krysse ei grense eller to.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oljefondsjef Nicolai Tangen nøyer seg ikkje med å forvalte 17 billionar kroner, han vil lage podkast med toppsjefar òg.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

10379
20240516
10379
20240516

Kommentar

peranders@dagogtid.no

Kor mykje kan ein tenestemann i Noregs Bank smiske for internasjonale næringslivstoppar før det blir eit problem? Og kor ekstreme figurar bør sjefen for verdas største statlege investeringsfond gjere seg til vens med offentleg?

Kanskje har Nicolai Tangen, øvste sjef for Statens pensjonsfond utland – best kjent som Oljefondet – kome i skade for å krysse ei grense eller to. 8. april intervjua han den mildt sagt kontroversielle Tesla-sjefen og X-eigaren Elon Musk i podkastserien sin «In Good Company», utan å kome med eit kritisk spørsmål. I tillegg har Tangen invitert verdas for tida fjerde rikaste mann som trekkplaster på investeringskonferansen til Oljefondet neste år, og har personleg lova å lage «Europas kulaste middag» for heidersgjesten. (Tangen og Ferrari-sjef Benedetto Vigna skal visstnok servere reinsdyr til Musk saman.)

Logring

Kari Elisabeth Kaski, finanspolitikar i SV, vart ikkje imponert. «Musk har problematiske holdninger, bidrar til et dårlig ordskifte i verden og tilrettelegger også aktivt for ytterliggående høyreekstreme stemmer på internett», sa ho til Dagens Næringsliv sist veke. Kaski var ikkje åleine om å vere kritisk til den hjartelege tonen Tangen nyttar overfor Musk. «Det vitner om en slett forståelse for samfunnet han er satt til å forvalte pengene for. Vi ber ham slutte å logre for fagforeningsknusere», sa Frode Alfheim, leiar i det nye LO-forbundet IE & FLT til E24.

Med dette sikta Alfheim til konflikten mellom Tesla og svenske fagforeiningar. Dei tilsette ved Tesla-verkstader i Sverige krev tariffavtale og rett til å organisere seg, noko selskapet nektar dei. Elon Musk har sjølv markert seg som ein svært fagforeiningsfiendtleg mann, og verda over blir dei tilsette i Tesla-bedrifter nekta å organisere seg. Men dette er langt frå den einaste grunnen til at mange reagerer på Tangens koseprat med Musk.

Dei mørke sidene til Tesla-sjefen skal vi kome attende til. Men kva er eigentleg denne podkasten for noko?

«Tangen har sjølv lyst til å snakke med nokre av verdas rikaste og mektigaste næringslivsleiarar.»

Produktiv

Om du ikkje er ein ivrig podkastlyttar, er det ikkje sikkert du har fått det med deg. Men Nicolai Tangen og Noregs Bank Investment Management (NBIM), altså institusjonen som forvaltar Oljefondet, har publisert intervju med utanlandske næringslivstoppar sidan mars 2022. Så langt har Tangen laga heile 70 sendingar. Lyttartala har blitt ganske gode: I vår har «In Good Company» vore inne på topp 10-lista for podkast i Noreg, med over 100.000 lyttarar på det meste. Men nesten alle samtalane har blitt forbigått i det stille, både i Noreg og i andre land, sjølv om mange av intervjuobjekta er verkeleg store namn i forretningsverda. Tangen har mellom anna intervjua toppsjefane i BP, Disney, Goldman Sachs, Nvidia, Exxon Mobil, Coca-Cola og General Motors. Folk av dette kaliberet er gjerne vanskelege å få i tale for media.

Når dei eksklusive intervjua likevel har fått så lite merksemd, er forklaringa enkel: Tangen stiller ikkje interessante eller skarpe spørsmål til intervjuobjekta sine. Han stryk dei medhårs, han spør generelt og harmlaust om leiarstil og råd til ungdomen, og svara blir tilsvarande generelle og uinteressante. Ifølgje presentasjonen frå NBIM er det djupintervju Tangen lagar. Det er det ikkje. Podkast-serien «In Good Company» er overflatisk koseprat og finansiell feelgood.

Pengemakt

Dette veit sjølvsagt også intervjuobjekta på førehand. Det er ikkje forventinga om ein spennande samtale eller håpet om å nå ut til eit stort publikum som gjer at alle desse toppsjefane stiller til intervju med oljefondsjefen i vesle Noreg. (Det var neppe forventinga om eit fantastisk publikum som fekk Sting til å opptre på det famøse seminaret Nicolai Tangen arrangerte for 150 utvalde gjester i USA i 2019, heller.)

Når så mange mektige menneske likevel seier ja til ein samtale med Tangen (og somme av dei møter faktisk opp til intervjuet personleg), reflekterer det berre éin ting: Oljefondet er verdas største statlege investeringsfond med ein portefølje verd over 17 billionar kroner, og eig nesten 1,5 prosent av aksjane i verda. Ein så stor investor må også toppsjefane i verdas største selskap ta seg tid til å snakke med, sjølv om dei kanskje ikkje ser poenget med desse podkastane.

I 2022 skal David Solomon, toppsjef i investeringsbanken Goldman Sachs, ha svart personleg på e-brevet med forespørselen frå Tangen i løpet av fem minutt. «Speed is a mindset», sa Tangen rosande til Solomon i podkasten. «Pengar er makt» kunne ha vore ein vel så nærliggande konklusjon.

Det som derimot er verre å forstå, er dette: Kvifor skal NBIM og Nicolai Tangen bruke av si dyrebare tid til å lage desse intervjua?

Folkeopplysing

På nettsida til NBIM står denne forklaringa: «I denne podkasten blir du bedre kjent med selskapene fondet investerer i. Leder for fondet Nicolai Tangen intervjuer topplederne i noen av verdens største selskaper. Du lærer mer om deres lederskap, selskapenes strategier og hvordan de håndterer en stor investor som oss.»

Nicolai Tangen sjølv utdjupa motivasjonen slik i eit intervju med Morgenbladet i 2022: «Denne podkasten laget vi fordi det ikke er noen andre i Norge som har tilgang på topp­ledelsen i de største selskapene i verden. Det har vi fordi vi eier andeler i disse selskapene. Så da tenkte vi at det er den ultimate transparens at den norske befolkningen kan se hva de eier.» I denne framstillinga er det altså snakk om rein folkeopplysing, som i seg sjølv ville vere eit ærverdig føremål. Truleg er det berre eit mindretal av oss nordmenn som veit noko særleg om kor staten har plassert sparepengane på våre vegner.

Forfengeleg

Men når ein høyrer på nokre av intervjua, der toppsjefane får pludre i veg om leiarstil, visjonar og berekraft utan å møte anna enn entusiasme frå Tangen, er dei knapt til å bli opplyste av. Om målet var å fortelje det norske folket interessante ting om selskapa oljefondet har investert i, kunne Noregs Bank heller ha sett nokre av dei mest skarpskodde talknusarane sine til å lage analysar for oss (og hyra ein skribent som kunne omsetje analysane til menneskespråk).

Eventuelt: Om målet var å lage gode intervju med toppsjefane i verdas største selskap, kunne Oljefondet ha hyra dyktige journalistar til å gjere det. Også journalistikk er eit fag. Men nei, Nicolai Tangen vil gjere det sjølv. Og tydelegvis ser han dette som ein viktig del av jobben sin: I periodar har sjefen for Oljefondet laga eit nytt intervju til «In Good Company» kvar veke.

Alt i alt verkar det mest plausibelt at motiva er av det forfengelege slaget: Tangen har sjølv lyst til å snakke med nokre av verdas rikaste og mektigaste næringslivsleiarar, og posisjonen hans som sjef for Oljefondet gjer at dei fleste seier ja til invitasjonen. Dermed har vi fått denne pussige podkastserien. Leiaren for verdas største investeringsfond minner om ein ung musikkentusiast som får intervjue nokre av yndlingsartistane sine. I samtalane kjem Tangen med utbrot som «Shell is an incredible company!» eller «I’ve just had the most incredible experience of my life!» (det vil seie å intervjue Microsoft-sjef Satya Nadella). Men inntil det var Elon Musks tur, var det ikkje mange som reagerte på noko av dette.

Geopolitisk kraft

Nicolai Tangen sjølv gjorde ikkje ting særleg annleis i intervjuet med Musk enn i dei andre podkastane sine, anna enn at tonen kanskje var enda meir entusiastisk og servil enn normalt. Det er ikkje så rart: Tangen innleidde med å fortelje at han hadde prøvd å få Musk i tale i to år før han lukkast. Intervjuet vart sendt live på Musks eiga plattform X (tidlegare Twitter), noko Tangen kommenterte slik: «How cool!» Entusiasmen hans vart ikkje møtt, Musk høyrdest uengasjert ut gjennom heile samtalen. Og da Tangen mot slutten prøvde seg på eit varsamt spørsmål om striden med dei svenske fagforeiningane, overdøva Musk han med støy frå eit lydbrett han sat og leika seg med. Tangen fekk ikkje anna svar enn at det går betre i Sverige no, og at Tesla har ei lys framtid.

Elon Musk, toppsjef i Tesla og eigar av X, fekk ikkje mange vanskelege spørsmål da Nicolai Tangen skulle intervjue han 8. april i år.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB

Kritikken mot Tangens innsats som intervjuar handlar likevel mest om dei mange tinga han ikkje tok opp i det heile. Kandidatane var mange. Til dømes Musks flørt med konspirasjonsteoriar og antisemittisme og spreiinga av desinformasjon og hatprat på hans eige medium X. Eitt av hans eigne lågmål kom i november i fjor, da han gav attesten «faktisk sanning» til ein påstand om at jødiske samfunn spreidde hat mot kvite. (Musk beklaga rett nok si eiga melding og tok ein tur til Auschwitz for å gjere bot.)

Men ikkje noko av dette var tema i «In Good Company». I staden spurde Tangen Musk: «Kva er visjonen din for X?» «Målet mitt er at X skal vere den beste kjelda for sanning på internettet», svarte Musk.

Tangen kunne spurt om innblandinga til Musk i internasjonal politikk, som da han hindra eit ukrainsk åtak på den russiske svartehavsflåten ved å stenge tilgangen til Starlink-systemet for ukrainarane. Det vart heller ikkje tema.

«Du har blitt ei geopolitisk kraft», sa Tangen til Musk. Det er ein smule flautt, dette.

Misforstått

Til slutt: Spelar det eigentleg noka rolle om sjefen for Oljefondet lagar pinlege intervju? Og er det noko gale i at han pleier kontakt med toppsjefen i Tesla, eit selskap der Oljefondet har aksjar for kring 78 milliardar kroner?

Isolert sett er svaret nei på båe spørsmåla. Men den mangelfulle rolleforståinga og forfengelege framferda til Nicolai Tangen er likevel eit problem. Som toppbyråkrat og øvste sjef for Oljefondet er han ikkje berre ein forvaltar av pengane til andre. Han er ein sentral representant for den norske staten, i ei rolle som tilseier at ein skal handle ut frå kjølig og upersonleg fornuft. Da tek det seg dårleg ut å smiske uhemma for leiarane i mange av selskapa Oljefondet har investert milliardar i. Og det tek seg verre ut at ein leiande representant for den norske staten oppfører seg som ein naiv beundrar overfor ein så destruktiv og ustabil politisk aktør som Elon Musk. Om Tangen ikkje innser det sjølv, må nokon med betre utvikla rollemedvit fortelje han det.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis