Endra synet på basepolitikken

Fremskrittspartiet har vedteke at Noreg bør opne for å etablere allierte militærbasar på norsk jord også i fredstid.

Frp-leiar Sylvi Listhaug talte til partiets landsmøte førre helg.
Frp-leiar Sylvi Listhaug talte til partiets landsmøte førre helg.

Fremskrittspartiet bryt med dermed ein langvarig politisk konsensus i utanrikspolitikken som inneber at Noreg ikkje tillèt militære basar for allierte med mindre Noreg er under åtak eller truga med åtak.

Partiet meiner Russlands brutale framferd i Ukraina må få konsekvensar for forholdet Noreg har til allierte.

«Dersom Norge skal kunne forsvares ved et angrep, er vi helt avhengige av å ha et troverdig forsvar og samtidig få støtte gjennom rask respons fra våre allierte i NATO», skriv partiet i vedtaket.

Avspenning

Den norske basepolitikken går attende til 1949, då Noreg gjekk inn i Nato, og har vore ein sentral del av avspenningspolitikken overfor Russland. Vil han også overleve invasjonen i Ukraina? Den russiske krigføringa har ført til at fleire land no kastar gamle utanrikspolitiske prinsipp på skraphaugen.

Eit døme på det er den norske våpeneksporten til Ukraina, som strir med den restriktive praksisen som er hovudregelen her i landet med omsyn til å eksportere våpen til land i krig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement