JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Fekk ikkje plass til alt

– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5679
20240906
5679
20240906

peranders@dagogtid.no

Kvifor valde Sokkeldirektoratet å presentere ressursrapporten sin på den måten dei gjorde? Og kva meiner direktoratet om kritikken frå Klaus Mohn? Ola Anders Skauby, kommunikasjonsdirektør, og Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analysar og sameksistens, stilte opp for å svare.

– Da de la fram ressursrapporten i august, brukte de store ord i pressemeldinga: «Forskjellen mellom høy og lav produksjon av olje og gass kan utgjøre nesten et helt oljefond.» Var det ei nøktern framstilling?

– Det vi ville vise, var dei moglege konsekvensane for produksjonen på sokkelen i ulike scenario. Om vi investerer meir i leiting, utvikling og utvinning, kan vi få eit høgt scenario for produksjonen. Investerer vi lite, kan vi få eit lågt scenario. Så har vi skildra nokre av dei moglege økonomiske konsekvensane, seier Dahle.

– Men er det dekning for å seie at «Norge kan gå glipp av nesten et helt oljefond»?

– Det er berre overskrifta, medan sjølve rapporten er på over 100 sider. Der seier vi meir om føresetnadene.

– I presentasjonen kjem det ikkje fram at den største skilnaden på dei høge og låge inntektsanslaga handlar om prisutviklinga for olje og gass, ikkje om produksjonen?

– Ein kan alltids diskutere kva føresetnader ein skal ta med i ei pressemelding, og om føresetnadene er rette. Men det er ikkje vår oppgåve å ta den diskusjonen, seier Dahle.

– Det blir eit sidespor i høve til det som er viktig for oss. Vi ønskte å vere tydelege. Og vi ventar at dei som skal ta avgjerder ut frå grunnlaget vi legg fram, set seg inn i føresetnadene, seier Skauby.

– Pressemeldinga skulle skape interesse for ressursrapporten. Og eg opplever at vi vart møtte med stor interesse, seier Dahle.

– Er det ikkje rart å slå fast at «Norge kan gå glipp av nesten et helt oljefond», utan å nemne at høge prisar er ein avgjerande premiss for det høge inntektsscenarioet?

– Eg oppfattar ikkje det som anna enn eit tydeleg statement om dei økonomiske konsekvensane av ulike scenario. Andre skal bruke rapporten vår til å ta avgjerder, og vi reknar med at dei set seg inn i rapporten, også dei prismessige føresetnadene, seier Skauby.

– Pris er ein av fleire usikre faktorar i scenarioa. Det er òg mykje anna vi kunne ha nemnt, men det var det ikkje plass til i pressemeldinga, seier Dahle.

– Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, meiner framstillinga dykkar er misvisande.

– Vi er ikkje samde i det, seier Dahle.

– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, basert på samfunnsoppdraget vårt. Vi har lagt fram eit faktagrunnlag som dei folkevalde kan bruke, seier Skauby.

– Mohn er òg kritisk til at direktoratet ikkje nytta diskontering da de laga anslaga for dei framtidige inntektene. Kvifor gjorde de ikkje det?

– Det er fagfolka våre som kjenner detaljane om korleis dette vart gjort. Men føresetnadene er skildra greitt i sjølve rapporten, seier Dahle.

– Ville det ikkje vere naturleg å diskontere når de skulle samanlikne inntekter i framtida med verdien av oljefondet i dag?

– Vi har samfunnsøkonomar som har sett på dette, og vurderinga deira var at vi ikkje skulle legge diskontering til grunn. Det er eit val vi har gjort. Her snakkar vi om prognosar med stor uvisse, og det vil alltid vere diskusjon om vala ein gjer. Men vi har valt denne tilnærminga, og tenker at den står seg. Eg er ikkje samd med Klaus her, seier Skauby.

– Når store selskap skal lage prognosar for inntektene sine i framtida, er det vel vanleg å bruke diskontering?

– Selskap og staten gjer dette på litt ulike måtar. Vi har gjort dette på ein konsistent måte i lang tid, seier Dahle.

– Mohn meiner Sokkeldirektoratet ofte er tendensiøse når de presenterer anslaga for dei framtidige inntektene frå olje og gass. Har han eit poeng?

– Det synest eg ikkje. Om du ser på ressursvurderingane våre over tid, har dei vore relativt konservative, seier Dahle.

– Eg reagerer på ein slik karakteristikk av eit statleg fagdirektorat. Men det får stå for hans rekning, seier Skauby.

– Vi gjer det vi gjer, ut frå samfunnsoppdraget vårt, så får andre diskutere dei moglege konsekvensane vi har peika på.

– I tildelingsbrevet står det at Sokkeldirektoratet skal «bidra til at arealene på norsk kontinentalsokkel forvaltes slik at den samlede verdiskaping blir høy». Kan ønsket om høg verdiskaping føre til at de i praksis blir talerøyr for oljeselskapa overfor regjeringa og Stortinget?

– Vi skal ivareta det samfunnsøkonomiske perspektivet. Vi er ikkje talerøyr for nokon, men ein uavhengig faginstans, seier Skauby.

– De skal òg «bidra til norsk kontinentalsokkels attraktivitet og konkurransekraft». Dette kan tolkast som ei slags marknadsføringsrolle overfor oljeselskapa. Kan det føre til at direktoratet tenderer mot å snakke opp verdiane på sokkelen?

– Premissen er feil. Vi gjev ikkje ei optimistisk framstilling av ressursgrunnlaget. Noreg må vite kva ressursar vi har på sokkelen, og vi nyttar konsistente og etterrettelege metodar. Vi skaffar og legg til rette informasjon som selskapa kan bruke i avgjerdsprosessen sin, seier Dahle.

– Men når de skal bidra til å gjere norsk sokkel attraktiv, kan det tolkast som eit påbod om å drive marknadsføring?

– Det er di tolking. Vi tolkar ikkje tildelingsbrevet vårt, vi følger det. Så må departementet svare på om vi utfører dei oppgåvene vi er sette til, seier Skauby.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Ein kan alltids diskutere kva føresetnader ein skal ta med i ei pressemelding.

Kjersti Dahle, teknologi- og analysedirektør

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis