Når det farlege vert ufarleg
For 50 år sidan stogga bønder og fabrikkarbeidarar i Nordhordland satsinga på atomkraft her i landet.
Norsk Kjernekraft meiner at dette kjernekraftanlegget kan vera aktuelt for Vardø.
Illustrasjon: Holtec
Energi
ottar@dagogtid.no
Det var den gongen – i 1974. No går det ei kjernefysisk vekking over landet, slo Dag og Tid fast i fjor.
Den store kjernekraftbølgja har spreidd seg til mange norske kommunar. Viktige grunnar til det er høge straumprisar, ein unngår utslepp av klimagassar og dekkjer framtidige behov for meir kraft, blant anna for å utvikla ny, grøn industri.
Så langt er selskapet Norsk Kjernekraft AS i dialog med kring femti norske kommunar, og elleve av desse ligg på Vestlandet, fortalde administrerande direktør i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer, til Klassekampen i juni.
Norsk Kjernekraft har delteke på folkemøte i fleire kommunar og vore i dialog med andre. Blant desse er Vardø, Narvik, Aure, Heim, Austrheim, Øygarden, Bjørnafjorden, Høyanger, Samnanger, Eidfjord, Kvam, Lund og Halden.
I mai vart organisasjonen Norske kjernekraftkommunar skipa og fekk raskt 34 medlemmer. Føremålet er å vera ein pådrivar for å avklara sjansar og føresetnader for kjernekraft i Noreg.
Ein hån mot folket
Direktør Hesthammer, med bakgrunn som professor i geologi og geofysikk, er blant dei som står bak den store satsinga. For fem år sidan minte han her i avisa om at FNs klimapanel prioriterte tre tiltak for å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader: kraftige reduksjonar av utslepp, rask utbygging av fornybar energi – og kjernekraft.
Han viste til at verda ikkje er i stand til å byggja nok karbonlagringsanlegg. Skal ein elektrifisera heile verda, finst det ikkje nok metall og mineral til å laga alle batteria som trengst.
– Inga energiform er tryggare og meir miljøvenleg enn atomkraft, hevda han.
Det internasjonale industriselskapet GE Hitachi meiner at deira kjernekraftverk kjem til å sjå slik ut.
Foto: GE HITACHI
I 2022 vart Norsk Kjernekraft AS skipa, med milliardæren Trond Mohn som ein av dei største aksjonærane. I selskapet ventar dei på startskot frå sentrale styresmakter. Nyleg sette energiminister Terje Aasland ned eit utval som skal levera ei utgreiing om kjernekraft, og ho skal koma 1. april 2026. Kristin Halvorsen er leiar i utvalet, og ho har tidlegare vore finansminister og SV-leiar og er i dag i direktør i Cicero Senter for klimaforsking. Tidlegare har ho uttrykt sterk skepsis til kjernekraft, og i 2018 sa ho nei.
Utnemninga skapte sterke reaksjonar i Norsk Kjernekraft.
Direktør Hesthammer sa til Dagbladet at ingenting tyder på at regjeringa tek utvalet seriøst. Han viser til at fleire av medlemmene i utvalet har uttrykt skepsis til kjernekraft, og at ingen har kome med støtte. Han meiner at utvalet ikkje kan koma med annan konklusjon enn at kjernekraft er for dyrt, manglar kompetanse og er farleg. Hesthammer viser også til at Halvorsen er styremedlem i Statkraft, og han meiner at ho er inhabil. Han hevdar at utnemninga er ein hån både mot industrien, mange ordførarar og det norske folket, som har synt at dei ønskjer kjernekraft.
Løysing for Ukraina?
Men direktøren har også vore utanlands. Nyleg sende han eit brev til regjeringa der han fortalde om ei reise til Ukraina. Der møtte han Lvivs viseborgarmeister, Serhiy Kiral, som fortalde at etter mange russiske åtak var halvparten av Ukrainas straumforsyning borte. Dessutan har russarane teke kontrollen over kjernekraftverket i Zaporizjzja, og Kiral reknar med at 80 prosent av kraftproduksjonen i landet kan vera borte til vinteren. Folk i Lviv opplever fleire timar med straumbrot kvar dag, og dei prøver å skaffa seg mobile kraftverk som går på diesel eller gass. Men når det gjeld kraftproduksjon etter krigen, peikar Kiral på kjernekraft.
Og Norsk Kjernekraft meiner at dei har løysinga, nemleg små modulære kraftverk (SMR). Med ei slik løysing vert ein mindre sårbar og styrkjer forsyningstryggleiken, hevdar dei. Både Lviv og Norsk Kjernekraft er i god dialog med leverandørar som GE Hitachi, Rolls-Royce, Westinghouse og Holtec.
Satsing i Nordhordland
I den vesle kommunen Austrheim i Nordhordland skal det lagast ei utgreiing om kjernekraft, og Norsk Kjernekraft har fått med seg det sørkoreanske energiselskapet DL Energy. Hesthammer reknar med to år med offentleg debatt, at spaden kan setjast i jorda i 2030, og at kjernekraftanlegget kan vera i drift i 2035.
Også i nabokommunen Øygarden er det stor interesse for kjernekraft. Der har Norsk Kjernekraft kjøpt ei tomt på 250 dekar, og det er planar om å byggja fem SMR-kjernekraftverk på tomta.
Deponering av det radioaktive avfallet har vorte omtalt som eit av dei største problema. I Norsk Kjernekraft vedgår dei at avfallshandteringa er ei utfordring, og dei reknar med langsiktig kamp for å overvinna frykta for kjernekraftanlegg i nabolaget.
Til eit kjernekraftverk trengst det opprikt uran, og ein må til Australia, Kasakhstan, Canada, Russland, Sør-Afrika, Brasil, Kina, Namibia eller Niger for å få tak i det.
Det finst eit alternativ som også Noreg har svært mykje av, thorium, men ei utvinning kjem til å føra til negative konsekvensar for miljøet.
– Me kjem aldri til å greia det grøne skiftet utan kjernekraft, har professor Jan Emblemsvåg uttalt til NRK.
Han meiner det er galskap å ikkje ta ein skikkeleg debatt om kjernekraft, og viser til at verdien av Noregs thorium er titals gonger større enn alle olje- og gassinntektene.
Professoren vil satsa på saltsmeltereaktorar baserte på thorium. Han meiner at med denne teknologien vil det negative ved kjernekraft vera ikkje-eksisterande.
– Avfall frå eit slikt anlegg er mikroskopisk samanlikna med avfall frå sol- og vindkraft, seier han.
Men Ole C. Reistad, som er leiar ved Miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk, deler ikkje entusiasmen. Han meiner det er ein svært lang veg å gå før saltsmeltereaktorar kan takast i bruk.
Stogga utbygginga
Då debatten om atomkraftverk herja landet for femti år sidan, var den første olja nett henta opp, og det skapte optimisme. Men i ei stortingmelding frå 1969–70 sa Stortinget ja til planlegging av det første norske kjernekraftverket. I meldinga heitte det at departementet tok sikte på å leggja fram for Stortinget forslag om bygging av eit atomkraftverk i 1973. Det vart laga ein landsplan for bygging og plassering av kjernekraftverk, og meir enn 70 stader mellom svenskegrensa og Trondheimsfjorden vart undersøkte.
– Eigentleg var det eit fleirtal på Stortinget som ønskte kjernekraftverk, skriv Bjarne Åsgard i boka Strilekrigen mot atomkraft, som kom ut i 1994.
Men det enda med at Arbeidarpartiet, KrF og Høgre fekk fleirtal for at det ikkje var aktuelt med kjernekraft på «noverande tidspunkt».
«Motstanden mot atomkraft var massiv over heile landet. Overalt der Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) kom, møtte dei kvist. Men det var hendingane i Lindås som sette ein stoppar for planlegging av kjernekraft i Noreg. Såleis er historia om Eidetræ (Ostereidet) og Hodneland ei eineståande historie om ein vellukka folkeleg oppstand mot maktapparatet. (...) Hadde det ikkje vore for den store lokale motstanden, er det mykje som tyder på at Stortinget i 1975 hadde sagt ja til å byggja det første norske atomkraftverket», skriv Åsgard i boka.
Kva var det som skjedde i Lindås?
Den lokale motstanden var godt organisert. Det vart arrangert folkemøte, og det vart sendt underskriftslister til stortingsrepresentantane.
Hausten 1974 vart ein ung ingeniør send til Lindås, der NVE hadde fått løyve frå lensmannen til å gjennomføra grunnundersøkingar. Men det møtte fram meir enn hundre demonstrantar då ingeniøren kom til Hodneland for å utføra oppdraget. I ei stove vart det ført tingingar mellom NVE-utsendingen, lensmannen og dei lokale aksjonsleiarane, medan 250 personar samla seg utanfor. På fleire av møbelfabrikkane i distriktet hadde arbeidarane teke seg fri for å vera med. Og seint på kvelden 21. oktober sende NRK Dagsnytt ut ei melding om at NVE hadde avblåse arbeidet med grunnundersøkingane.
– For ein statsråd som ville sin eigen avgang, var det berre å køyra fram kjernekraftsaka. Men me som hadde ansvaret på den politiske sida, merka at motstanden var stor, ikkje minst i Nordhordland. Me ville ikkje køyra fram denne saka, sjølv om me i og for seg var interesserte i det, uttalar dåverande industriminister Ingvald Ulveseth i boka.
Det enda med at planane for bygging av atomreaktorar for straumproduksjon vart skrinlagde av Stortinget i 1975.
Seier nei takk
Framleis finst det motstand mot atomkraft, og Naturvernforbundet er blant dei som seier nei takk. Dei viser til at det ikkje finst gode løysingar for langtidslagring av atombrenslet, og det hopar seg opp i lager som er mellombels.
– Atomkraft skaper store mengder radioaktivt avfall som må isolerast frå naturen i hundre tusen år. Ikkje noko land har funne ei god løysing på ei langvarig lagring, hevdar Naturvernforbundet.
I 2022 slo landsmøtet fast:
– Atomkraft inneber ein fare for miljø og menneske i samband med produksjon og avfallshandtering. Det må ikkje byggjast nye atomkraftverk i Noreg. Det må sikrast ei forsvarleg mellomlagring av det norske atomavfallet, medan det vert førebudd ei permanent lagring.
Naturvernforbundet peikar også på at det tek lang tid å byggja atomkraft, og at det er svært dyrt. Sjølv om ein ser bort frå avfallsproblemet, er det ei urealistisk og dårleg løysing på klimakrisa, meiner dei.
Kostar 24 milliardar
Noreg har hatt fire forskingsreaktorar som vart drivne frå starten av 1950-åra, men no er alle stengde, den siste i 2019. Den eine låg i Halden og dei tre andre på Kjeller ved Lillestrøm. Der vert det lagra radioaktivt avfall av fleire typar. Også brukt brensel vert mellombels lagra ved anlegga. Det er snakk om 16,5 tonn reaktorbrensel frå forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller. Eit kombinert lager og deponi for lågt og middels radioaktivt avfall frå atomreaktorar ligg i Himdalen i Akershus, og det er snart fullt.
Sist veke kom meldinga om at staten tek over dei gamle atomanlegga frå Institutt for energiteknikk (IFE) og skal rydda for 24 milliardar kroner, men kostnadene er usikre. Stortinget har vedteke at staten skal ta heile ansvaret for oppryddinga og dekkja alle naudsynte kostnader. Delar av avfallet frå anlegga skal behandlast før lagring. I tillegg må det byggjast eit lager under bakken der avfallet skal lagrast permanent. I tidlegare rapportar er det rekna med at dette kjem til å kosta kring ti milliardar kroner.
Den store tragedien
Frå reisa til Ukraina nemner direktør Hesthammer ingenting om kjernekraftulukka i Tsjernobyl 26. april i 1986, som førte til at fleire tusen døydde. Mange fekk kreft, og det vart rapportert om fleire tilfelle her i landet som kunne ha si årsak i det radioaktive utsleppet.
Men det er ingenting mot det som folk i Ukraina og Belarus vart utsette for, og som nobelprisvinnar Svetlana Aleksijevitsj skildrar så sterkt i boka Bønn for Tsjernobyl.
– Tsjernobyl vart det 20. hundreårets største teknologiske katastrofe, skriv ho.
Kjernekraftanlegget ligg nær grensa til Belarus. Etter Tsjernobyl mista landet 485 landsbyar og tettstader. 70 av dei er gravlagde for godt. Då Aleksijevitsj skreiv boka i 2005, budde 2,1 millionar på kontaminert jord.
I boka lèt ho Ljudmila Ignatenko fortelja. Ho var gravid og hadde nett gifta seg med ein brannmann i Tsjernobyl då atomkrafteksplosjonen skjedde. Nokre timar seinare fekk Ljudmila vita at mannen låg på sjukehuset. Etter ei stund vart ektefellen frakta til sjukehus i Moskva saman med fleire andre, og Ljudmila reiste etter.
I 1986 eksploderte atomkraftverket i Tsjernobyl i Ukraina, og fleire tusen menneske mista livet.
Foto: Aleksander Nordahl / NTB
Ho fekk ikkje koma inn til ektefellen, men pressa seg inn. Ho fekk forbod mot å ha nærkontakt, men ho både kyssa og strauk han og hjelpte han med å setja seg opp i senga. Ho nekta for at ho var gravid, men det var ho. Då alle var døde, vart sjukehuset renovert, veggane vart skrapa, parketten riven opp og boren ut.
Nokre månader seinare reiste Ljudmila tilbake til grava til ektefellen i Moskva, og der byrja veane. Ho fødde ei jente, tilsynelatande frisk, men med skrumplever og med medfødd hjartefeil. Etter fire timar døydde ho.
I dag slår Norsk Kjernekraft fast at det er svært liten helsefare med kjernekraft. Dei viser til vitskaplege rapportar frå blant anna EU, og direktøren er sikker:
– Dette er ein snøball som ikkje lèt seg stogga.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)