Kommentar

Er bokbål ytringar eller symbolsk vald?

Når høgreekstremistar brenner Koranen, svarar norske folkevalde over heile skalaen nesten automatisk: Dette er vi mot, men vi kan ikkje forby det, for det høyrer ytringsfridomen til å brenne bøker. Det er å forenkle både saka og historia.

Publisert

Bøker og skrifter har vore brende offentleg eller på anna vis øydelagde og fjerna gjennom meir enn 3000 år. I heile dette lange tidsrommet har sakrale og verdslege styresmakter tent bokbål. Slik kunne dei vinne makt, halde på makt eller svekkje, helst fjerne, tru og tankar dei ikkje godtok.

I Noreg hadde staten i perioden 1687–1813 jamvel lovfesta rett til å brenne bøker «som kunde have Udseende til noget Oprør, eller imod Kongens Højhed, eller anden Ulempe foraarsage».

Bål og forbod

For jødar er Talmud den viktigaste religiøse skriftsamlinga ved sida av den hebraiske Bibelen, som er Det gamle testamentet, og då særleg Tora – dei fem Mosebøkene. Gjennom meir enn 500 år brende den katolske kyrkja hundretusenvis av desse heilage jødiske skriftene berre i Europa. Dei første flammane loga på Place de Grève i Paris i juni 1241.

Det siste av desse Talmud-båla brann i Kamenets-Podolsk, då Polen, no Ukraina, i november 1757. Noko slikt som tusen bøker var festa til halane på hestar som drog dei gjennom byen. På torget venta bøddelen, for bødlar hadde slikt å gjere – avrette folk, brenne bøker, skremme til lydnad. Då det nyvalde Hitler-regimet tende 89 bokbål i 1933, tok det vidare denne antijødiske tradisjonen.

Alt etter hundre år med boktrykkjeri var ikkje bokbål nok. Med forbod mot skrifter systematiserte verdslege og sakrale styresmakter sensuren. Berre frå paven i Roma kom det godt over 50 slike reguleringar og forbodslister frå 1487 til 1966.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement