Sideblikk

Erna Solberg og rævadiltarane

At veljarar hoppar på vinnarvogna, er ein kjær metafor for å forklara sterke valvindar.

Bogekorps er eit særeige fenomen i Bergen. Aspirantane byrjar som rævadiltarar.
Bogekorps er eit særeige fenomen i Bergen. Aspirantane byrjar som rævadiltarar.
Publisert

Bandwagon-effekten er at folk flest tar til seg trendar og stilartar, handlingar og haldningar fordi så mange andre gjer og meiner det same. Den for tida allmenne sanninga kjennest personleg, fornuftig og naturleg. Det er ikkje berre greitt å stå att på perrongen når pendlartoget går.

Fenomenet er sjølvforsterkande, men også flyktig. Bobler blir haussa opp av mediemerksemd, og sosiale medium skrur opp farten mange hakk. Også dei som ikkje vil vera med, kan koma til å henga seg på. Ein bruker det medvitet ein har, også om det er falskt, kjensle­drive, situasjonsbestemt eller bygger på tilfeldig samanraska informasjon. Det er som i religiøse vekkingsbølgjer der mange ser lyset saman og på same tid, vender om og trur dei kan gå på vatnet.

BANDWAGON-EFFEKTEN er allmenne kulturelle og sosial­psykologiske mekanismar på alle felt av samfunnslivet, og i teoriar og modellar i mange fag. Motebransjen er sjølve erkedømet. I makro- og mikroøkonomi forklarer det sterke og raske svingingar i etterspurnaden etter varer og tenester. På børsen er det sjølve kjernen i spekulasjonane. I medisin og kosthald kryr det av skiftande diagnosar med oppskrytte og kostbare behandlingsformer som kjempar om hegemoniet. I fotballverda får vinnande lag medgangssupporterar.

MEN HER HANDLAR det om politikk, parti og veljaråtferd. For partia er det ein styrke å ha gode meiningsmålingar og kjenna valvinden i ryggen. Å vera på vinnarlaget mobiliserer snille onklar til donasjonar og aktivistar til frivillig innsats.

Veljarar kan endra preferanse når eit parti har populære kandidatar eller frontar ei potent sak. Når folk ein omgåst og normalt låner øyre til, er på vandring, må ein tenka seg om. Det er freistande å vera med på ei prøveferd, også for ikkje å skilja seg ut.

Bandwagon-effekten gjer si største gjerning i den lilla og flytande midten, men også til høgre og venstre – om det er bompengar i folkets parti og distrikta, eller Nato i SV og Ukraina-våpen i Raudt. Folkets leiarar må følgja sitt veljarfolk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement