Verda er antiwoke

Vest-Europa er kringsett av antiwoke. På gode dagar tenkjer eg at vestlege verdiar vil vinna fleire unge, urbane hjarto enn woke gjer.

Frå venstre: Den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump, den ungarske statsministeren Viktor Orbán og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan under eit møte mellom Nato-leiarar i England i desember 2019.

Essay

Publisert Sist oppdatert

Er woke på retur? Ja – i eit tiårsperspektiv. Og nei – i eit hundreårsperspektiv. Kortsiktig, som rørsle og nemning, har woke truleg nådd formtoppen, men ikkje langsiktig, som del av ein djupare historisk endringsimpuls.

Som med m-l-rørsla for eit halvt hundreår sidan er levetida gjerne kring ti år. Fyrst når sjølve rørsla har forsvunne, kjem dei større verknadene. Kring 1970 skipa aktivistar marginale, ytterleggåande tiltak som forlaget Oktober, avisa Klassekampen og bokhandelen Tronsmo –?i dag institusjonar. Samfunnspåverknaden voks med at rørsla forsvann.

Når wokarane har vorte vaksne og vettuge, vil dei halda fram med å påverka lærebøker i skulen og undervising på universiteta. Då vil ein finna woke-nemninga i historie- og ordbøkene, i hundreårige oversikter over kulturradikale ungdomsrørsler som motdagistane i 1920-åra, orienteringskrinsen i 1950-åra, suffarane i 1960-åra, m-l-arane i 1970-åra, blitzarane i 1980-åra, attacarane i 2000-åra og wokarane nett no.

Paraplyord

At skapwokarar helst vil kansellera woke-ordet, stadfestar wokeskapen deira. Dei mest utolmodige vil ha det fjerna frå ordskiftet alt no – offisielt av di ordet er lite treffande, uoffisielt av di det er særs treffande.

Når woke forsvinn, forsvinn antiwoke òg – ikkje som verdisyn, men som nemning. Eit paraplyord som no brenn ut på eiga hand, etter ein formtopp kring 2010, er reaksjonær. Som politiske motpolar er orda i slekt, med woke som aksjon og antiwoke som reaksjon, men med ein viktig skilnad: Medan reaksjonær var oppfunne av meiningsmotstandarar og meint stemplande, kom woke fyrst til som ei positiv sjølvnemning, som meiningsmotstandarar sidan vreid om til eit skjellsord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement