Europeisk dobbeltmoral

Italia får kritikk for handteringa av flyktningar og migrantar, men framleis lite hjelp frå landa lenger nord.

Etter nær to veker på vent i Middelhavet utan å få leggje til kai i Italia vart redningsskipet «Ocean Viking» og dei 234 flyktningane og migrantane om bord tekne imot i Toulon i Frankrike fredag for ei veke sidan.
Etter nær to veker på vent i Middelhavet utan å få leggje til kai i Italia vart redningsskipet «Ocean Viking» og dei 234 flyktningane og migrantane om bord tekne imot i Toulon i Frankrike fredag for ei veke sidan.

Dei fekk kome i land til slutt, alle dei 234 flyktningane og migrantane frå Afrika, Midtausten og Asia som den franske hjelpeorganisasjonen SOS Méditerranée redda opp frå Middelhavet i det norskregistrerte skipet «Ocean Viking» i oktober.

Etter nær to veker på vent utan å få leggje til kai i Italia vart skipet og personane om bord tekne imot i Toulon i Frankrike fredag for ei veke sidan. For fire av passasjerane var helsetilstanden så alvorleg at dei hadde vorte henta frå skipet i helikopter og overførte til eit fransk sjukehus alt torsdagen.

I løpet av dei to vekene var det hektisk diplomati mellom fleire land for å prøve å få skipet i hamn. Også den norske regjeringa var involvert. Sidan skipet segla under norsk flagg, meinte den italienske regjeringa at Noreg burde ta ansvar for personane om bord. Men sidan det er landet som er ansvarleg for søk- og redning i området der flyktningane og migrantane har vorte redda, som også har ansvar for å koordinere arbeidet med å sikre ei trygg hamn, avviste Utanriksdepartementet den førespurnaden.

– Uansvarleg

Franske styresmakter var langt krassare i tonen og skulda den nye ytre høgre-regjeringa i Italia for å vere uansvarleg og inhuman, for å setje liv i fare og ikkje følgje folkeretten og europeiske reglar. Det hjelpte ikkje på situasjonen at Italias statsminister Giorgia Meloni var ute og takka Frankrike for å ta imot «Ocean Viking», før Frankrike sjølv hadde opna for å gjere det. Ho takka for at Frankrike ville «dele ansvaret for migrantkrisa», som ho meinte fram til no hadde «kvilt på skuldrene til Italia og nokre få andre middelhavsland».

Det er lett å kritisere Italias handtering. EU-kommisjonen gjorde òg det då han onsdag i førre veke tok til orde for at alle om bord på «Ocean Viking» skulle få gå i land med det same, i næraste trygge hamn, for å unngå ein humanitær tragedie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement