Få har søkt oppreising
Medan tre av dei som er ulovleg straffeforfølgde, har saksøkt staten for å få meir i oppreising, har fleirtalet ikkje eingong søkt om den oppreisinga dei kan få i dag.
Les også
Eva Vangsnes Bergli er ytingsdirektør i Nav.
Foto: Nav
– Godkjenning er ingen garanti
Les også
Ei av dei komande vekene får kvinna og ektemannen hennar vite om Oslo tingrett meiner ho har rett på oppreising etter kampen mot Nav.
Foto: Eva Aalberg Undheim
«Det høyrest jo litt rart ut at det går å knekkje eit menneske så mykje, men det har dei klart»
Les også
Rune Halseth deltok på høyringa om trygdeskandalen i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, og han snakka med både Nav-direktør Sigrun Vågeng (t.h.) og ansvarlege politikarar.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Staten som ikkje ville gjere opp
Les også
28. oktober 2019 vart det som er kalla “den mest omfattande rettsskandalen i norsk historie” offentleg kjent.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Trygdeskandalen

Under halvparten av dei 85 personane som er identifiserte som uskuldig dømde som følgje av den såkalla Nav-skandalen, har søkt oppreising, og berre 196 av dei over 7500 personane som er råka, har søkt om erstatning for økonomiske tap dei har hatt som følgje av feilen. No går fristen for å søkje snart ut. Det går fram av opplysningar frå Nav og frå Statens sivilrettsforvalting.
– Krava vert som hovudregel forelda tre år etter kunnskap om frifinning eller at saka vert lagd bort. Lovbruksfeilen vart slått fast ved høgsterettsdom 2. juli 2021, og i perioden før og etter dette har ei rekkje personar vorte frifunne. Dei som ønskjer å framsetje erstatningskrav, bør gjere det no, skriv sivilrettsforvaltinga.
– nok informasjon
Sivilrettsforvaltinga opplyser at dei ikkje har nokon haldepunkt for å vurdere kvifor så få har søkt, og syner til at nettsidene deira har utfyllande informasjon om høve for å søkje, inkludert informasjon om at dei som er råka, har rett til advokat uavhengig av økonomi.
Fungerande ytingsdirektør i Nav seier det same gjeld for Nav, i tillegg til at personar som har fått omgjort tidlegare vedtak på grunn av feiltolkinga, har fått informasjon i dei nye vedtaksbreva om at dei kan ha rett på erstatning.
– I brevet står det korleis dei skal finne meir informasjon om vilkår og korleis dei kan setje fram krav om erstatning. I tillegg er det informasjon om høva for fri rettshjelp til å mellom anna setje fram krav om erstatning eller hjelp til å klage på eventuelle avslag på søknad om erstatning, seier han.
Rune Haaland som er fagleg leiar i foreininga Nav-oppryddinga, synest ikkje det er overraskande at så få har søkt.
– Det er ikkje underleg i det heile. Mange av dei det gjeld, kan vere gamle og sjuke, folk kan vere på sjukeheim og i nokre tilfelle kan det vere snakk om dødsbu. Feilbehandlinga har trass alt vart sidan 1994. Staten har samstundes kravd ein form for proaktivitet for å få rydda opp, og det krev ganske mykje av den enkelte å klare å dokumentere historia si mange år tilbake, seier han.
400 millionar kr
Samla har oppryddinga etter feilpraktiseringa av trygderegelverket no summert seg til litt over 400 millionar kroner. Dei 30 personane som har fått oppreising, er samla tilkjende litt under 1,8 millionar kroner frå sivilrettsforvaltinga. Ifølgje Nav har om lag 170 millionar kroner gått til å betale ut ytingane som vart urettmessig stoppa i periodar, og om lag 70 millionar kroner har gått til å betale ut ytingane som var kravde tilbake av Nav urettmessig. 40 millionar kroner er betalt ut i renter, og i overkant av 100 millionar gjeld sletting av det som stod att av urette tilbakebetalingskrav, noko Nav på sine nettsider omtalar som «sletting av gjeld». Samstundes har 70 av dei 196 personane som har søkt erstatning for økonomisk tap, fått innvilga erstatning på til saman 9,2 millionar kroner frå Nav.
125 søknader om erstatning har derimot vorte avslegne av etaten. 74 av desse avslaga er sende vidare til ei uavhengig nemnd, oppretta nett for å handtere klager på erstatningskrava etter trygderettsskandalen. Nemnda har så langt omgjort om lag ein tredjedel av dei 67 klagesakene som per no er ferdigbehandla. Det opplyser Bjarte Askeland, som leier klagenemnda.
Samla er det såleis nær 140 personar som har fått erstatning for økonomiske tap som følgje av feilpraktiseringa.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?