Helse
Får covid-19 på sjukehusa
I fjor vart truleg over 1300 menneske covid-smitta ved norske sjukehus. 119 av dei døydde kort tid etter.
Dei færraste av oss testar seg for covid-19 i 2024. Heller ikkje ved sjukehusa er testing rutine lenger, verken for tilsette eller for pasientar.
Foto: Erik Johansen / NTB
På sjukehus skal folk helst få behandling som gjer dei friskare, men iblant er uhellet ute: Somme pasientar pådreg seg infeksjonar medan dei er på sjukehus, og dei ekstra uheldige døyr. Slik har det vore så lenge det har vore sjukehus. Men våren 2020 kom ein ny risikofaktor inn i reknestykket: covid-19, nok ein sjukdom som ikkje stoggar ved porten inn til sjukehusa. Tidlegare upubliserte data som Dag og Tid har fått frå Folkehelseinstituttet (FHI), tyder på at over 9000 menneske har blitt smitta av covid-19 på norske sjukehus sidan 2020, og nærare 500 av dei døydde ganske kort tid etter.
Koronaviruset har blitt litt mildare sidan 2020, og dei aller fleste av oss har delvis immunitet frå vaksine eller tidlegare infeksjon. Men covid-19 kan framleis vere farleg for dei som er svekte av annan sjukdom eller alder. Og blant sjukehuspasientar utgjer desse openbert ein langt større andel enn i samfunnet elles, difor må vi gå ut frå at det er eit mål i seg sjølv å avgrense covid-smitten ved sjukehusa.
HAI-åtak
Det vi snakkar om her, er eit døme på såkalla «helsetenesteassosierte infeksjonar» (HAI), altså sjukdom som folk pådreg seg i samband med medisinsk behandling. Når det er koronaviruset folk har fått på sjukehus, blir det kalla HAI-covid-19. I datamaterialet frå FHI er det registrert til saman 9135 sikre eller sannsynlege tilfelle av HAI-covid-19 ved norske sjukehus frå våren 2020 til utgangen av 2023. Av alle desse døydde så 480 pasientar innan 30 dagar var gått, litt over 5 prosent.
Med «sikker HAI-covid-19» viser FHI til pasientar som testa positivt minst 14 dagar etter at dei var innskrivne på sjukehus, medan «sannsynleg HAI-covid-19» er dei som testa positivt mellom 7 og 14 dagar etter innskriving. Dette handlar ganske enkelt om inkubasjonstida: Det er umogleg eller usannsynleg at desse pasientane kom inn på sjukehuset med covid-19-infeksjon i kroppen.
Tala er ikkje analyserte nærare av FHI enno, og vi bør tolke dei med varsemd. Det gjeld særleg kor mange av pasientane som døydde av covid-19, og kor mange som døydde med covid-19. Det kan vi ikkje vite, for datamaterialet er ikkje kryssjekka med registrert dødsårsak. Det er heller ikkje gjeve at statistikken fangar opp alle som har blitt covid-19-smitta ved norske sjukehus. Likevel er det interessante ting å lese ut av dette materialet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.