FarvelDen siste tida har det slått meg at talet på dødsannonsar i Aftenposten har gått ned. Eg har talt dødsannonsar i nokre nye og gamle aviser, men ikkje gått vitskapleg til verks. Før i tida såg eg fram til tre fulle sider med annonsar på dei beste daga
Den siste tida har det slått meg at talet på dødsannonsar i Aftenposten har gått ned. Eg har talt dødsannonsar i nokre nye og gamle aviser, men ikkje gått vitskapleg til verks. Før i tida såg eg fram til tre fulle sider med annonsar på dei beste dagane. Dersom eit dødsfall ikkje var meldt i Aftenposten, var det som om vedkomande framleis var i live.
Kva skjer? Kan det vere at døden er på veg ut av det offentlege rommet? At mange ikkje vil ha merksemd på dagen?
Å lese dødsannonsane er ei høgtidsstund då eg kan verte blank i auga og få medkjensle med dei som har mist vener, familie og kjende. Likevel har eg teke meg i nærast å verte vonbroten over ikkje å finne kjende namn i annonsane.
Det er interessant å sjå korleis sjangeren utviklar seg. Dei fleste held seg til dei vanlege frasane. Rett etter eit dødsfall kan ein vere så lamma at det er det enklaste. Andre er flinke til å seie noko om personlegdommen til ho eller han som er borte. Teksten kan ose av sakn, kjærleik og humor, som ei veninne av meg som innleidde dødsannonsen med at «verdas sterkaste mann», far hennar, var død.
Her i landet er det vanleg at dei etterlatne ordnar alt frå dødsannonse til seremoni. Då den danske avisa Berlingske Tidende fekk inn ein dødsannonse, forfatta av den døde sjølv, var det så uvanleg at dei skreiv ei sak om det.
I annonsen skreiv ho, som døydde berre 41 år gammal, at ho hadde drege til den andre sida og skulle sendast til havs frå barndomsstranda si. Ho takka familien med orda: «Tusind tak, det var en fornøjelse. Det vigtigste er altid holdning, og min er: Vi ses!» Ho valde å ta farvel i eigen regi, utan prest og kyrkje, gravferdstalar eller seremonirom, men dødsannonse, det hadde ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.