Energi
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Kvifor valde Sokkeldirektoratet å presentere ressursrapporten sin på den måten dei gjorde? Og kva meiner direktoratet om kritikken frå Klaus Mohn? Ola Anders Skauby, kommunikasjonsdirektør, og Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analysar og sameksistens, stilte opp for å svare.
– Da de la fram ressursrapporten i august, brukte de store ord i pressemeldinga: «Forskjellen mellom høy og lav produksjon av olje og gass kan utgjøre nesten et helt oljefond.» Var det ei nøktern framstilling?
– Det vi ville vise, var dei moglege konsekvensane for produksjonen på sokkelen i ulike scenario. Om vi investerer meir i leiting, utvikling og utvinning, kan vi få eit høgt scenario for produksjonen. Investerer vi lite, kan vi få eit lågt scenario. Så har vi skildra nokre av dei moglege økonomiske konsekvensane, seier Dahle.
– Men er det dekning for å seie at «Norge kan gå glipp av nesten et helt oljefond»?
– Det er berre overskrifta, medan sjølve rapporten er på over 100 sider. Der seier vi meir om føresetnadene.
– I presentasjonen kjem det ikkje fram at den største skilnaden på dei høge og låge inntektsanslaga handlar om prisutviklinga for olje og gass, ikkje om produksjonen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.