Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.

Essay

Publisert

Denne veka publiserte Vatikanet eit dokument som slo fast at den katolske kyrka meiner at kjønnsteori opnar slusene for «den tidlause freistinga til å gjere seg sjølv til Gud». Vatikanet meiner at kjønnsoperasjonar og rørsler som forfektar at kjønn er flytande, er ein trugsel mot det menneskelege. Neste dag innførte Arizona det som i praksis er eit totalforbod mot abort, utan unntak for valdtekt og incest, og i England og mange andre europeiske land strammar ein no kraftig inn på lovverket kring såkalla kjønnsbekreftande helsebehandling for transfolk, særleg for unge.

Alt dette skjer eit par veker etter at eg drog til England for å intervjue verdas mest berømte kjønnsfilosof, Judith Butler, om den nye boka Who’s Afraid of Gender?. Boka er ei samtidshistorie om korleis Butler meiner at sterke reaksjonære krefter verda over har gjort «gender» til ein effektiv og mobiliserande syndebukk.

Tåke og frukt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement