Finn vi nok fornyeleg energi?

Klimaet skal vi berge med meir alternativ energi. Den nye framtida er ikkje lenger fossil. Slik snakkar snart alle som vil hindre at jorda vert varmare. Men er dei store nok, kjeldene som skal halde himmelen rein og det moderne livet gåande?

David J.C. MacKay fann store mengder fornyeleg energi (søyla til venstre) samanlikna med dagens forbruk (søyla i midten) dersom alle areal kunne vere tilgjengelege. Men landet er i bruk til mangt anna, og han fann at den vesle stabben til høgre kan vere realistisk å få tak i.
David J.C. MacKay fann store mengder fornyeleg energi (søyla til venstre) samanlikna med dagens forbruk (søyla i midten) dersom alle areal kunne vere tilgjengelege. Men landet er i bruk til mangt anna, og han fann at den vesle stabben til høgre kan vere realistisk å få tak i.
Publisert

Debatten går heilt utan tal som kan illustrere kor langt vi kan rekke med vind, vatn, drivstoff frå skogen og kva det no måtte vere. I England prøvde David J.C. MacKay å kvantifisere situasjonen. Han var professor i fysikk ved universitetet i Cambridge. MacKay døydde i 2016, men gav i 2009 ut boka Sustainable Energy – without the hot air. Boka fekk rosande omtale i mange land for både innhald og framstilling.

Mest grundig studerte han situasjonen i England, Skottland og Wales. Grovare overslag laga han for Europa og USA. Utgangspunktet er: Kor mykje energi går med til å drive desse samfunna? Eininga som han brukte, er kilowattime per dag og person (kWh/dag og person). Når talet for britane – og resten av Europa – er om lag 125 kWh/dag per person, vil det seie at kvar innbyggjar kvar dag har eit så stort direkte forbruk av energi frå kol, olje, gass, vind og andre former som er i kommersiell omsetning. Det som ligg innbakt i importerte varer, er ikkje med – etter tala frå MacKay om lag 40 kWh/dag og person – og heller ikkje energi i matvarer.

Når han så summerer det som teoretisk er råd å få ut av vind på land og til havs, sollys til varme og straum, vasskraft, tidevatn, bølgjekraft, biomasse og jordvarme, vert talet høgt nok til å forsyne dagens forbruk. Men dette er altså teoretiske tal. Når han trekkjer frå det som han trur er uråd å realisere, sit han att med vel 18 kWh/dag og person, knappe 15 prosent av dagens forbruk. Talet 18 er sjølvsagt usikkert, men det er så lågt at sjølv det doble – 30 prosent – ville gjere det moderne livet stusseleg på øya der vest.

Avstanden frå dei teoretisk tilgjengelege mengdene til det praktisk gjennomførlege er såpass stor av fleire grunnar. Fornyeleg energi er uhyre lite konsentrert samanlikna med kol, olje og naturgass. Fossile kjelder er hermetisert, organisk stoff, samla gjennom periodar som for oss er ufatteleg lange. Grunnlaget for oljen i Nordsjøen var frodig plantevekst i varmt klima gjennom 15 millionar år. Denne epoken, som geologane kallar sein jura, tok slutt for 146 millionar år sidan. Etterpå er massen destillert til ein konsentrasjon som er heilt framand for den levande naturen. I boka Peaking at Peak Oil har den svenske fysikkprofessoren Kjell Aleklett ein slåande illustrasjon. Om ein mann med handemakt og taljer skal heise ein liten bil på 1200 kilo opp til toppen av Eiffeltårnet, 321 meter høgt, må han vere ei kjempe som kan sitt fag, og han vil bruke minst to dagar på oppdraget. Når han til slutt tørkar sveitten, har han utført eit arbeid som svarer til 1 kWh energi. Ein liter råolje inneheld 10 kWh, og kan altså løfte ti bilar til toppen av tårnet, mykje raskare enn mannen kan.

Vind

Samanlikna med prisen for å få bilane opp med muskelkraft, to dagar med helseslit, kostar oljen praktisk tala ingen ting. Den fossile energien er uhyre konsentrert, også geografisk. Oljen hentar dei gjennom små hol i jordskorpa. Fornyeleg energi er det motsette, svært utspedd. Vi må drive fangst over store areal. Å få tak i 10 kilowattimar vindkraft vil, med tala MacKay har brukt for England, krevje eitt dekar (1000 m2) mark der vinden blæs seks meter i sekundet, og det tek fem timar. Per rutemeter gjev vindturbinar, etter tala hans, ein effekt på 2 watt. Å utnytte 10 prosent av det britiske landarealet kan levere 20 kWh/dag og person, halvparten av det som går med til å drive bilane i landet. For Guleslettene vindkraftverk i Flora og Bremanger gav søkjaren opp ein effekt på 5,5 watt per kvadratmeter planareal. Søknaden om Storheia i Trøndelag har to alternativ, innanfor eit areal på knappe 60 kvadratkilometer: Det eine skal gje noko under 4 watt/m2 og det andre noko over. Men dei leverer ikkje heile året. På Smøla venta dei i planen at omrekna til full effekt ville turbinane svive i knappe 3400 timar, av 8760 i eit år. I 2018 roterte vengjene for fullt i 2380 timar, skriv NVE i ein rapport om saka. Når maskinene står i ro eller går sakte, altså det meste av tida, må anna straumforsyning vere der i staden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement