JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

11980
20240412

Langtidsplanen

Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 vart lagd fram 5. april

1624 milliardar skal brukast på forsvar dei neste tolv åra

Opptrappinga i perioden utgjer 600 milliardar

Sjøforsvaret skal få fem nye fregattar, fem nye ubåtar og tolv nye kystvaktskip

Luftforsvaret skal styrkast med fire nye Nasams-batteri og langtrekkande luftvern

Luftforsvaret skal òg få langtgåande dronar

Hæren skal gå frå éin til tre brigadar

Utdanningskapasiteten i Forsvaret skal aukast

Opptaket av vernepliktige skal auke frå 9000 til 13.600 i året

Politikk

peranders@dagogtid.no

Store ord vart nytta da regjeringa la fram den nye langtidsplanen for Forsvaret for ei veke sidan. ««Et historisk løft for Forsvaret», sa statsminister Jonas Gahr Støre under framlegginga. «En satsing som ikke noen forsvarssjef har opplevd i nyere tid», sa forsvarssjef Eirik Kristoffersen til Forsvarets Forum. Planen inneheld ei lang handleliste. Sjøforsvaret skal få fem nye fregattar med tilhøyrande helikopter, fem nye ubåtar (fire var rett nok alt vedtekne) og tolv nye kystvaktskip. Luftvernet skal styrkast med fire nye Nasams-batteri og langtrekkande luftvern. Forsvaret skal skaffe seg langtrekkande dronar, og Hæren skal gå frå éin brigade til tre.

Dei neste tolv åra skal 1624 milliardar kroner brukast på forsvarsføremål, ei opptrapping på 600 milliardar over perioden. Forsvarsbudsjettet skal nesten doblast. Men når ein ser på historikken når det gjeld forsvarsinvesteringar, kan ein bli betenkt. Kor mykje eldkraft får vi att for desse milliardane? Og korleis skal Forsvaret få folk nok til å gjennomføre dette storløftet?

Dyre i drift

Det har nemleg vist seg lettare å kjøpe kostbart militært utstyr enn å sikre at ein kan bruke det. Eit grelt døme er F-35-flya, den største investeringa den norske staten nokon gong har gjort. Levetidskostnaden for 52 fly er venta å vere 326 milliardar kroner fram til 2054. 40 av flya er leverte, men mangel på teknisk personell har halde dei på bakken langt meir enn tenkt. Kor gale det står til, er gradert informasjon. Men det er gale nok.

«F-35 fungerer ikke som tenkt fordi vi er for få ansatte som holder våpensystemet F-35 i gang», skreiv major og fagsjef for kampfly Morten Hanche i Adresseavisen i 2022. «Vi har kjøpt nye, dyre system, men har ikkje personell til å operere dei, ikkje eingong i dagleg drift i fredstid», sa Per Erik Solli, forsvarsanalytikar ved Nupi og tidlegare F-16-pilot, til Dag og Tid i september i fjor.

Eit anna døme er fregattane til 19 milliardar, som skulle vere ryggrada i Sjøforsvaret. Mangel på mannskap og reservedelar har halde fleire av skipa ved kai i mykje av levetida. I 2008 skreiv Bergens Tidende at det ikkje var mannskap nok til å segle meir enn tre av fem fregattar. I 2013 sa ei anonym kjelde i Sjøforsvaret til Aftenposten at berre éin fregatt kunne operere med full slagkraft.

Dette er berre to døme på at Forsvaret ikkje har ressursane som skal til for å bruke utstyret slik det var tenkt. Kjem det til å gå betre med investeringane regjeringa planlegg no?

Lekk skute

Langtidsplanen inneber ein auke på 4600 stillingar dei neste tolv åra. Men Forsvaret slit i dag med å halde på dei tilsette som alt er der. «Rekruttering og utdanning hjelper lite hvis skuta er lekk», var tittelen på eit innlegg i Forsvarets Forum denne veka, forfatta av Svein Inge Sælevik, varahovudtillitsvald i Norges offisers- og spesialistforbund. «Forsvaret står i dag midt i en personellkrise», skreiv Sælevik.

I 2023 slutta 695 tilsette i Forsvaret før pensjonsalder, skreiv Offisersbladet i januar i år. 482 av desse var spesialistar, medan 212 var offiserar. Det er særleg yngre folk som forsvinn, dermed går Forsvaret glipp av mange års innsats. Av spesialistane som slutta, var 78 prosent under 31 år.

«Å utdanne en bataljonssjef eller en sjef på fregatt tar 20 år. (...) Konsekvensene av å mangle alle de vi mister nå vil dermed først bli synlige om flere år, når vi ikke lenger har hverken folk eller kompetanse», sa Lars Ullensvang, nestleiar i Befalets Fellesorganisasjon, til Offisersbladet.

Mannskapskrisa er erkjent også av forsvarsminister Bjørn Arild Gram. «Forsvarssektoren er i en alvorlig personell- og kompetansesituasjon som må følges opp raskt, og selv med offensive grep kan det hende at ting blir verre før de blir bedre», sa han i ein tale i Oslo Militære Samfund i februar.

Slit

– Eg trur regjeringa og Forsvaret kjem til å slite med å gjennomføre denne opptrappingsplanen, seier Kari Røren Strand, forskingsleiar ved Forsvarets forskingsinstitutt. Ho har sidan 2013 hatt ansvar for ein prosjektserie kalla Personellstudier, og har mellom anna sett på årsakene til at folk sluttar i Forsvaret.

– Det nyttar ikkje å kjøpe fancy utstyr om ein ikkje har folk til å bemanne det. Å skaffe nok personell er ei av dei største utfordringane med denne langtidsplanen, meiner Strand.

– Alt i dag er det personellmangel i Forsvaret. Vi er inne i ein periode der svært mange norske offiserar pensjonerer seg. Berre å halde talet på tilsette i Forsvaret oppe dei neste åra blir krevjande. Eg synest det er vanskeleg å sjå korleis ein skal klare å nå måla.

Ho peikar på at Forsvaret i første omgang må byggje opp utdanningskapasiteten, før ein kan få fram fleire tilsette.

– Det vil ta tid før det kjem meir folk ut i strukturane i Forsvaret. I tillegg spelar utviklinga i sysselsetjinga ei rolle for sjansane for å lukkast. I dag må Forsvaret konkurrere om arbeidskrafta i ein pressa arbeidsmarknad.

– Det nyttar ikkje å kjøpe fancy utstyr om ein ikkje har folk til å bemanne det.

Kari Røren Strand, forskingsleiar ved FFI

Erkjenning

Kari Røren Strand meiner det er eit positivt teikn på realisme at personellutfordringa blir erkjent i langtidsplanen.

– Planen peikar på at teknologikompetanse er etterspurd, og slår fast at Forsvaret må ha ein strategi for å byggje opp slik kompetanse, ikkje minst for å handtere store, nye våpensystem. Noko slikt har eg ikkje sett i tidlegare langtidsplanar.

Andelen av dei tilsette som sluttar i Forsvaret årleg, er ikkje ekstremt høg samanlikna med andre bransjar eller sektorar, understrekar Strand. Men fråfallet skaper større problem i Forsvaret enn dei fleste andre stader i samfunnet, fordi oppgåvene der er så spesialiserte og mykje av kunnskapen berre kan lærast internt.

– Den militære utdanninga skjer jo i Forsvaret, det er kompetanse ein må produsere og betale for sjølv. Difor kostar det meir når det er høg turnover, seier Strand.

– I langtidsplanen heiter det at Forsvaret skal bli flinkare til å rekruttere horisontalt. Men det same har blitt sagt i ni år. Alt i stortingsmeldinga «Kompetanse for en ny tid» frå 2013 var dette påpeika, men vi har ikkje sett mykje til det.

Tid og pengar

Kvifor misser Forsvaret så mykje kompetanse? Spørjeundersøkingar som Strand og FFI har utført sidan 2016, fortel mykje. Dei vanlegaste årsakene folk trekte fram i undersøkinga i fjor, var misnøye med løn (29 prosent) og utsiktene til vidare karriere i Forsvaret (29 prosent). Ein annan faktor mange nemnde, er at det er vanskeleg å kombinere jobb med fritid og familieliv. Så mange som 14 prosent forklarer avgjerda si med at dei har «mistet troen på systemet». Det er ingen god attest for Forsvaret som arbeidsplass.

Til dels kan òg personellmangelen i Forsvaret ha blitt sjølvforsterkande, trur Strand.

– Når det er krevjande å fylle stillingane, kan det føre til at dei som er att, får meir å gjere. Mange jobbar ekstremt mykje i Forsvaret. Somme gjer det frivillig, men ikkje alle. Da kan det ende med at arbeidspresset får folk til å slutte.

Pensjon

– Det er positivt at forsvarsministeren har erkjent at fråfallet frå Forsvaret er eit problem, og tek det alvorleg. Så er spørsmålet: Kva kan ein gjere? Der er det mange svar, seier Torbjørn Bongo, leiar i Norges offisers- og spesialistforbund. Han byrjar med løn.

– Det er greitt at folk tener litt betre i privat sektor enn i Forsvaret. Men gapet må ikkje bli for stort. Og folk i Forsvaret må ikkje misse goda som skulle kompensere for lågare løn. Og vi må rydde opp i pensjonsordninga, det er det viktigaste no.

Med det siste viser Bongo mellom anna til at tillegga for øvingar og vakter ikkje gjev pensjonsopptening. For somme offiserar har tillegga utgjort ein stor del av inntekta, men dei er ikkje del av pensjonsgrunnlaget

I tillegg er det no sterkt avgrensa kor mykje pensjonerte forsvarstilsette kan tene før dei får kutt i pensjonen.

– Svært mange i Forsvaret reagerte sterkt på den omlegginga. Eg har høyrt mange seie at dei vil slutte lenge før pensjonsalderen om det ikkje blir endra, seie Bongo.

Lang liste

Lista til Bongo held fram: Dårlege buforhold ved mange tenestestader. Lange og kostbare reiser heim. Manglande jobbtilbod for livspartnaren. Avgrensa høve til karriere. Uføreseielege arbeidsvilkår. Høgt arbeidspress på grunn av mannskapsmangel.

– I Sjøforsvaret kan du kome til lands etter eit tokt og få høyre: «Om ikkje du tek eit tokt til, kan vi ikkje segle.» Da seier folk ja av pliktkjensle, men det blir dårleg stemning i heimen. Når det manglar folk, kan belastinga bli så høg at folk sluttar, seier Bongo.

– Om Forsvaret skal halde på folk – og vekse – er det mykje å ta tak i.

– Du rosa forsvarsministeren for å ta problema med fråfallet alvorleg. Har ikkje tidlegare regjeringar gjort det?

– Påstanden min er at inga regjering har gjort det gjennom mange år. Folk har fått høyre i årevis at no snur det, no skal vi byggje opp att Forsvaret. Men framleis er det prosessar i gang for å kutte årsverk. Det har vore så mykje dobbeltkommunikasjon at folk har mista trua. Kystvaktskip ligg ved kai i månadsvis, artilleriavdelinga på Rena vart lagd ned i vinter fordi det mangla folk. Det er sterke signal om kor dårleg det står til, seier Bongo.

– Den nye langtidsplanen er positiv, men regjeringa må kome kjapt i gang så folk får trua att.

– Det har vore lettare å løyve pengar til utstyr i Forsvaret enn å sikre midlar til drift. Kva kjem det av?

– Eg trur det er ein utbreidd mekanisme i politikken, ikkje berre når det gjeld Forsvaret: Det er lettare å vedta ting ein kan vise fram, telje og måle, anten det er fly eller nybygg. Så blir det undervurdert kor mykje som skal til for å sikre god drift, seier Bongo

– Dette er ikkje berre politikarane si skuld. Forsvarsleiinga har ikkje vore god nok til å seie tydeleg frå. Dei har sagt det politikarane vil høyre: «Vi skal klare det.» Men det er ikkje vits i kjøpe stridsvogner om du ikkje kan kjøpe ammunisjon, og det er ikkje vits å kjøpe nye kampfly om du ikkje sikrar at du har reservedelar og teknikarar.

Rar logikk

Det siste poenget til Bongo må kallast innlysande. Likevel har altså noko av det dyraste utstyret Forsvaret har, vore ubrukeleg mykje av tida. Sverre Diesen, tidlegare forsvarssjef, no forskar ved FFI, forklarte logikken slik i ein artikkel instituttet publiserte på nettet i fjor: « Hvis det er et avvik på fem prosent mellom den vedtatte budsjettbanen og hva den vedtatte strukturen faktisk koster, vil Forsvaret måtte hente pengene der det har kortsiktig økonomisk handlefrihet. Det vil si å sløyfe øvelser, kvitte seg med enkelte personellkategorier og tære på beredskapslagre av ammunisjon og drivstoff. Men det er jo først og fremst disse tingene som bestemmer Forsvarets beredskap og kampkraft», sa Diesen.

Han heldt fram: «Enkelt sagt: Et fem prosents avvik mellom økonomi og struktur kan bety en femti prosents reduksjon i kampkraften. Det er denne forståelsen det er så vanskelig å få både politikerne og Forsvaret selv til å forstå.»

Eit slikt tap av kapasitet for så små innsparingar ville ikkje gje meining på andre felt i samfunnet. Men Forsvaret har ein fordel: I fredstid merkar knapt nokon det om kampkrafta blir halvert. No har Ukraina-krigen kasta eit skarpt lys over dei moglege kostnadene sparetiltaka kan få.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis