Kommentar
Forteljing om eit varsla nederlag
Ein reportasje i New York Times hevdar at amerikanarane, også før Donald Trump, meinte at Ukraina ikkje kunne vinna krigen mot Russland utan gjennom ein mykje større krig, som USA ikkje ville ta del i.
Den 12. mai 2022 vart ei russisk pongtongbru over elva Donets sprengd. Øydelagde russiske køyretøy står på breiddene.
Foto: Pressekontoret til den ukrainske presidenten / AP
Den 29. mars publiserte New York Times reportasjen med tittelen «The Partnership: The Secret History of the War in Ukraine», av Adam Entous, som fortel «den ukjende historia om Amerikas løynde rolle i ukrainske militære operasjonar mot Russlands invasjonshær», som det heiter i ingressen.
Reportasjen lèt til å syna at amerikanske militære har spela ei viktigare rolle i Ukraina-krigen enn mange til no har trudd. Reportasjen syner òg at faren for at krigen skulle eskalera til ein større krig, har vore større enn fleire har meint.
Entous, som har vore i journalistteam som har vunne to Pulitzer-prisar, byggjer på meir enn 300 intervju med namngjevne og ikkje namngjevne politikarar, Pentagon-tilsette, etterretningsfolk og militære, som med «remarkable transparency» har lagt fram informasjon om til dømes kor mykje og kva slags militærhjelp USA har gjeve Ukraina sidan 2022.
Ei nærliggjande tolking av at amerikanske militære og CIA-tenestemenn har gjeve New York Times eit oppsiktsvekkjande innsyn i bakromma til den pågåande krigen, er at den noverande amerikanske regjeringa vil forsyna ålmenta med eit tilsynelatande upartisk forsvar for å avslutta det amerikanske engasjementet i Ukraina.
Med dette atterhaldet om lekkasjar ut frå særinteresser vil eg i det følgjande leggja fram nokre hovudliner i reportasjen.
Wiesbaden
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.