JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fossilforsvararen

Dei økonomiske konsekvensane av klimaendringane blir så små at dei knapt kan merkast, meiner økonom Øystein Sjølie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ekofisk-feltet i Nordsjøen i 2019, 50 år etter det første oljefunnet. Å stogge norsk oljeutvinning for å redusere CO2-utsleppa ville vore eit stort mistak, meiner Øystein Sjølie.

Foto: Carina Johansen / NTB

13509
20240823

Øystein Sjølie

Samfunnsøkonom

Gjev denne veka ut Oljeboka. Slik gjør norsk olje og gass verden til et bedre sted

Tilsett i Innovasjon Norge

Høgskolelektor ved Høgskolen i Innlandet

Tidlegare journalist i E24

Klima

peranders@dagogtid.no

Faste lesarar av debattspaltene i Dagens Næringsliv, Aftenposten eller Dag og Tid har truleg sett namnet Øystein Sjølie meir enn ein gong, helst i ordskifte om olje, energi og klimapolitikk. Sjølie er samfunnsøkonom, ein varm forsvarar av norsk petroleumsutvinning og ein hard kritikar av det han kallar «irrasjonelle klimatiltak». No har han vida ut perspektivet sitt i Oljeboka – slik gjør norsk olje og gass verden til et bedre sted, ei bok på nær 400 notepepra sider.

Oljeboka handlar om langt meir enn tittelen røper, mellom anna om kva klimaforskinga fortel om konsekvensane av klimaendringane, og om kva vi bør gjere. Jo meir alvorlege skadeverknader, jo sterkare tiltak kan ein forsvare. Men om tiltaka blir for omfattande, kan kostnaden overgå kostnaden av den globale oppvarminga, og det blir eit samfunnsøkonomisk tap. Kva skal med i desse reknestykka? Og kva er den beste klimapolitikken?

Denne veka møtte Dag og Tid Sjølie – høveleg nok på Kafe Celsius i Oslo – for å snakke om desse store spørsmåla.

Skremsel

– Korleis vil du sjølv skildre trusselen klimaendringane representerer?

– Dei er eit problem for ein del for varme og fattige land, særleg om klimaet blir tørrare. Men ikkje for noko land er klimaendringane den største trusselen. For rike og kalde land som Noreg har dei nesten ingenting å seie, seier Øystein Sjølie.

I boka trekker han fram mange døme på påstandar i media som ikkje har dekning i rapportane frå Klimapanelet til FN (IPCC) eller anna klimaforsking.

– Om du les rapportane, ser du snart kor mange overdrivingar det er. Det er ei gruppetenking i den offentlege samtalen, og nokre ting er det nesten forbode å seie. Eg skal ikkje klage, eg kjem til orde. Men eg har snakka med akademikarar som meiner det same som meg og er redde for å bli stempla som vitskapsfornektarar.

Nokre av dei grovaste feila og overdrivingane Sjølie viser fram, er henta frå Den ubeboelige planeten av David Wallace-Wells, som har blitt skarpt kritisert av leiande klimaforskarar. Boka fekk gode meldingar da ho kom ut i 2019. «Denne boken skremte vannet av meg, selv om jeg visste alt fra før», skreiv den erfarne klimajournalisten Ole Mathismoen i Aftenposten.

– Det er rart om han faktisk trudde framstillinga til Wallace-Wells var rett. Eg veit ikkje om journalistane har lese det vitskaplege grunnlaget, eller om dei er på ein mission for å mobilisere folk. Men rapportane frå Klimapanelet er jo lange og keisame og har mange atterhald.

– Ikkje for noko land er klimaendringane den største trusselen.

Urealistisk

Sjølie viser òg døme på misvisande bruk av utsleppsscenarioa til Klimapanelet. Scenarioet kalla RCP8.5 (RCP står for Representative Concentration Pathway) inneber ein svært stor auke i utsleppa i dette hundreåret, og ei global oppvarming på kring 4,3 gradar celsius innan året 2100 (samanlikna med temperaturen frå 1850 til 1900).

RCP8.5 blir ofte kalla «business as usual», men få klimaforskarar ser i dag på dette som realistisk. Med dagens tiltak meiner IPCC at vi ligg an til ei oppvarming på 2,7 gradar frå førindustrielt nivå til 2100.

– Kvifor blir eit usannsynleg scenario stadig brukt som utgangspunkt, også i offentlege klimaplanar?

– RCP8.5 var meint å vere pessimistisk. For forskarar kan det vere nyttig som ein kontrast for å få tydeleg fram verknadene av ulike utsleppsbanar. Men det blir ofte misforstått. Journalistar og miljøorganisasjonar synest truleg det er interessant å vise til for å få fram kor gale det kan gå. Og norske kommunar er pålagde å planlegge klimatilpassinga si ut frå eit høgt utsleppsscenario. Men klimaforskarar som Glen Peters ved Cicero har peika på at RCP8.5 er urealistisk.

Færre svoltne

Eit sentralt spørsmål i klimadebatten handlar om mat. Korleis kjem klimaendringane til å påverke jordbruket i ulike verdsdelar? I boka viser Sjølie til framskrivingane som Klimapanelet og FAO, FN-organisasjonen for ernæring og landbruk, har laga for matproduksjonen dei neste tiåra. Det generelle svaret er at klimaendringane kan redusere dei globale avlingane noko, men tapet blir meir enn kompensert av den venta produksjonsveksten. Ifølge IPCC kjem talet på sveltande menneske i verda til å bli meir enn halvert innan 2050, sjølv utan nye tiltak for å redusere klimagassutsleppa.

– Dette var det mest oppløftande eg fann i boka di. Utsiktene verkar lysare enn eg trudde.

– Eg vart òg positivt overraska, særleg over det IPCC skriv om mat. Her syner panelet at det er vanskelege avvegingar. Ja, klimaendringar har ein kostnad for jordbruket, men også klimatiltak har kostnader som kan føre til reduserte avlingar. Panelet trur faktisk det blir fleire som svelt om vi når klimamåla, enn om vi ikkje gjer det.

Også klimatiltak har kostnader som kan føre til reduserte avlingar.

Små effektar

Kor store er så dei totale kostnadene for verda ved ei vidare oppvarming av kloden? Mindre enn ein skulle tru, ifølge boka til Sjølie. Her stør han seg på økonomen William Nordhaus, som laga ein matematisk modell for å rekne ut det økonomiske tapet for verda i ulike scenario for klimautviklinga. Tilnærminga er òg mykje brukt i utforminga av klimapolitikk.

Modellen tyder på at effektane er ganske små, og langt frå nokon katastrofe. Ifølge Nordhaus kjem ei oppvarming på 3 gradar til å redusere velstanden – målt som globalt BNP – med berre 2,1 prosent i år 2100. Dette er dessutan ikkje ut frå dagens BNP, men det framtidige. Nordhaus går ut frå at den økonomiske veksten blir som i dei siste tiåra, og at globalt BNP i 2100 vil vere fem gonger så stort som i dag. Om det stemmer, får klimaendringane knapt målbar effekt på velstanden.

– Men er det mogleg å lage gode framskrivingar av globalt BNP mange tiår fram i tid, med så mange ukjende, og for ein varmare klode enn menneska nokon gong har opplevd?

– Sjølvsagt er det vanskeleg. Det er store usikre faktorar i det Nordhaus gjer, som det er det i klimaforskinga. Ting kan bli mykje verre enn vi trur i dag. Mykje er usikkert både når det gjeld klimaet og samfunnsutviklinga. Men dette er likevel det beste grunnlaget vi har.

– Mykje blir usynleg med denne målestokken. Om all skog i Amazonas brann opp, eller om alle menneske i Sentral-Afrika døydde, ville det knapt gjere utslag på globalt BNP?

– Ja. Pakistan og Bangladesh har til saman omtrent like mange innbyggarar som USA, men berre ein tiandedel av USAs BNP. Om BNP auka med 5 prosent i USA og krympa med 50 prosent i Pakistan og Bangladesh, ville det gå opp i opp, men det ville vere ein menneskeleg katastrofe. Men forskinga tyder ikkje på at skilnadene mellom ulike land blir så store. Og trass i kritikken er analysen til Nordhaus rådande. Andre økonomar har òg kome til liknande resultat, og også IPCC viser til desse analysane.

Seks gradar

Modellen gjev likevel nokre absurde utslag om vi går ut frå ei mykje sterkare oppvarming enn det som er sannsynleg. Nordhaus meiner at BNP-tapet ved ein global temperaturauke på 6 gradar berre blir på 8,5 prosent.

– Ei seks gradar varmare verd ville vere radikalt ulik den vi kjenner, og vi kunne verkeleg snakke om klimakatastrofe. Svekker ikkje det tilliten til modellen?

– Generelt vil svært usannsynlege resultat svekke truverdet til eit analyseverktøy, sjølv om resultata viser til eit utfallsrom utanfor det verktøyet er laga for. Seks gradar er langt over sjølv dei mest pessimistiske prognosane. Difor er det lite forsking på dette.

– Korleis ser du for deg at ei seks gradar varmare verd ville vere?

– Om eg skulle tenke litt fritt, trur eg konsekvensane særleg vil vere store for naturen. Nordhaus utelèt slike konsekvensar i analysen sin. Primært fordi det er veldig vanskelig å anslå, og dels fordi det er vanskeleg å anslå kor verdifull naturen er for oss menneske, seier Sjølie.

– Ei oppvarming på fem gradar frå dagens temperatur ville uansett ta fleire hundre år. Men om verda om 300 år blir så usannsynleg mykje varmare, er eg langt frå sikker på at oppvarminga vil vere ein veldig viktig faktor. Eg trur at alle samfunn i så fall vil vere flinke til å beskytte innbyggarane mot naturens farar.

– Kva med føre var-prinsippet? Det kan vere vippepunkt i klimasystemet som vi ikkje overskodar i dag?

– Nei, og det finst nokre sjølvforsterkande mekanismar i klimasystemet. Å forsikre seg mot vippepunkt er ein god grunn til å drive klimapolitikk.

– For verdas fattigaste betyr det ikkje så mykje om korallane overlever eller ikkje.

Natur som luksus

– I boka tek du lett på trusselen om artsutrydding. Er ikkje det noko å bry seg om?

– Eg går ut frå at artar kjem til å forsvinne. Men mange av alternativa til fossil energi er verre for naturen, fordi dei er meir arealkrevjande. Før den industrielle revolusjonen var skogen nesten borte i både Europa og Noreg, mykje på grunn av vedfyringa. Dei rike delane av verda har no meir natur enn dei har hatt på 100 år.

– Du tek ikkje opp eit anna utslag av CO2-utsleppa i boka di: havforsuringa. Hava er i ferd med å få pH-verdiar dei ikkje har hatt på millionar av år, med svært usikre konsekvensar for livet der?

– Slike omsyn er ikkje uviktige, men det er òg som ein luksus som vi i rike land kan ta oss råd til å tenke på. For verdas fattigaste betyr det ikkje så mykje om korallane overlever eller ikkje.

Nyskaping

I Oljeboka framhevar Sjølie menneskets store evne til nyskaping og problemløysing som eit argument for at vi kan tilpasse oss eit anna klima enn i dag.

– Du har ikkje same tillit til at menneska kan utvikle nye energisystem som ikkje avheng av fossilt brensel?

– Eg håpar jo det, men det ser ut til å vere vanskeleg. Mange land er interesserte i å utvikle andre energikjelder, og det blir forska mykje på. Men Hydro har laga hydrogen i 100 år, og solceller vart oppfunne tidleg på 1800-talet. Likevel er vi framleis avhengige av fossil energi.

– I boka tek du for gjeve at fattige land må bruke fossil energi for å få velstandsutvikling, slik vestlege land gjorde. Men ein kan sjå for seg andre vegar til velstand enn den Vesten gjekk?

– Det finst land som har hoppa over kol og dampmaskiner, men vi kjem ikkje utanom at fattige land må produsere mat meir effektivt for å bli rikare. Det finst førebels ikkje elektriske traktorar som kan pløye jorda, og straumnettet er dårleg i dei fleste landa.

– Du skriv om helsevinstane av å nytte propan som brensel i staden for kumøk. Også klimatiltak kan gje store helsevinstar. Luftureining frå kolkraft og trafikk tek truleg mellom 5 og 8 millionar liv i året og skadar helsa til mange fleire?

– Ja, fossil energi har store helseeffektar. Men også her spelar fattigdom ei rolle. I USA er det mykje færre som døyr av luftureining enn det var for 30 år sidan. Det er verre i fattige land.

– Eg meiner klimatiltaka har medført for mykje tap av velferd i Europa.

Det godes fiende

Så kan vi spørje med Lenin: Kva må gjerast? I Oljeboka argumenterer Sjølie for eit globalt avgiftssystem for CO2 som den beste måten å redusere utsleppa på.

– Svært mange økonomar og klimaforskarar er samde med deg. Men ei slik avgift har vist seg politisk umogleg. Det beste kan bli det godes fiende?

– Det kan det. Men da kan det vere like greitt å berre leve med klimaendringane. Eg tviler på at det er særleg velferdsfremmande å subsidiere elbilar. Og om ein meiner at klimaendringane er ein veldig alvorleg trussel, er det enda viktigare å få ein politikk som verkar over heile verda. Om Kina ikkje vil redusere utsleppa sine, går det ikkje uansett. Kina har 50 prosent større utslepp enn USA og Europa til saman. Utan kinesarane er det ikkje noko vi kan gjere.

– Europeiske land har valt å gå føre likevel. Meiner du EU har vore altfor offensive i klimapolitikken?

– Eg meiner klimatiltaka har medført for mykje tap av velferd i Europa, ja.

Sjølie er svært skeptisk til å subsidiere fossilfri energiproduksjon. «Støtte til alternative teknologier er dyrt, både for staten og samfunnet, og gir små utslippskutt», skriv han i boka.

– Den raske utviklinga av solcelleteknologien dei siste åra ville ikkje vore mogleg utan store subsidiar frå land som Tyskland?

– Det er sikkert rett, det. Men da blir det mindre pengar til andre ting, til dømes mindre kunstgjødsel til bøndene i Malawi.

– Vi må ta med litt geopolitikk òg. Ein av grunnane til at du er imot å redusere norsk oljeproduksjon, er at det vil gjere Russland rikare.

– Ja. Jo mindre olje og gass frå Noreg, jo meir plass blir det til Russlands olje og gass.

– Om verda brukar mindre fossil energi, vil det òg redusere makta til petroleumsrike statar med ufyselege regime.

– Absolutt. Og det er ein av mange grunnar til at vi bør ha ein klimapolitikk – men ikkje kva som helst klimapolitikk. Elbilar reduserer etterspørselen etter fossil energi, sjølv om eg tviler på at det er verd kostnaden for samfunnet.

– Kva vil vere den beste klimapolitikken for Noreg?

– Det vil vere å innføre same avgift på alle utslepp, inkludert dei frå industrien. Alle bør betale det same. Og det er fint å støtte forsking på alternativ energi, men vi bør ikkje subsidiere energiproduksjon ut over det.

Til slutt kjem Sjølie med ei vedgåing:

– Eg har nett bytt frå dieselbil til ein elektrisk. Eg prøver jo å vere rasjonell.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

TeaterMeldingar
KristinAalen

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.

Foto: Birte Magnussen

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Ein mangslungen veg

Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.

Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.

Foto: Eva Furseth

Meldingar
Eva Furseth

Retrobølgje på Haustutstillinga

Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn

Ei skrantande folkehelse

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis