Utdanning
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Det er haust, og eg er på veg til Blindern. I handa har eg ein fransk roman som eg har brukt veker på å slite meg gjennom. For ein gongs skuld er eg godt førebudd. Det er berre eitt problem: Eg er den einaste studenten i seminarrommet. Saman med professoren vippar eg på stolen og ser lysrøyra i taket blinke. Vi kremtar litt båe to og vonar den andre studenten som var her førre veke, òg kjem til å dukke opp. Det gjer ho ikkje. Tida går. Og går. Og går. Vi kunne like godt ha lese den franske originalversjonen av Mens vi ventar på Godot.
Ei mager trøyst er at vi ikkje var åleine i einsemda. Over heile landet er det glissent i språkseminara. Eit par månadar tidlegare hadde instituttet mitt publisert ein rapport som synte at berre halvparten så mange ville ta ein bachelorgrad i europeiske språk som ti år tidlegare. Talet på dei som gjennomfører ein grad, ligg på 20–30 prosent.
Dette syner òg tal frå NTNU. I 2022 var det ingen lektor- eller bachelorstudentar som møtte til første førelesing i fransk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.