Sideblikk
Framtida er ikkje det ho har vore
Intelligent science fiction vil vera i forkant og åtvara, men kan bli råka av røyndom.
Doc (Christopher Lloyd) og Marty (Michael J. Fox) i filmen Tilbake til fremtiden, regissert av Robert Zemeckis.
Foto: Universal
Sommaravslutninga med Hjelpeskrivarane blei eit overraskande seminar om science fiction (SF) og annan fan-
tastisk litteratur, med ei historisk line frå robotar til chatbotar, i skuggen av vald og vondskap, og under løfte og trugsmål frå kunstig intelligens (KI).
Sjangeren går stadig nye rundar der naturen slår tilbake, eller der det er menneske versus maskin. Sakprosabestseljaren for tida er Maskiner som tenker av Karin Strümke, partikkelfysikar og KI-forskar ved NTNU.
Skrekken er maskiner og programvare som manipulerer og tar makta frå enkeltmenneske, styrte av gigantiske private firma som er utafor offentleg regulering og kontroll. Neste steg er KI-maskiner som lærer opp seg sjølve til å utmanøvrera dei som programmerte systema med berre naturleg intelligens.
SPALTISTEN LAS MYKJE SF i barndom og ungdom, ofte med ingeniørar og oppfinnarar som heltar: Jules Verne, men også Øvre Richter Frick med Jonas Fjeld og assistenten hans, den finske dvergen Ilmari Eko. Etter kvart melde han overgang til det mytiske og magisk realistiske i det kvardagslege, med Ray Bradbury som favoritt.
I film og annan populærkultur blei det stjernekrigar og galaktiske romodysséar. I The Terminator frå 1984 (!) var KI det ultimative dommedagstrugsmålet: Maskinene ville utvikla sjølvmedvit, ta over styringa og starta atomkrig for å utrydda menneskeslekta.
VERTINNA HADDE VILLA seg bort i Dyret i Johannes’ openberring i for tidleg ungdom. Det er som kjent uhyggelege feber- eller dopfantasiar frå ei hole på Patmos. Vertinna blei så vettskremd at ho prøvde å unngå fleire slike skakande ovringar. Men ettersom ho vaks opp med aluminiumsnorsk og ingeniørar som heltar, slapp ho ikkje heilt unna, for Fonna og andre nynorskforlag forsynte ikkje bygdeungdommen berre med Smørbukk, Vangsgutane og Tuss og Troll, men også SF-teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.