Kommentar
Gift
Mange tenker at norske styresmakter arbeider for fellesskapet, gjer jobben sin og har krav på vår tillit. Tilstanden i norske fjordar viser at dette ikkje er tilfellet.
Måndag denne veka demonstrerte miljøaktivistar utanfor Stortinget og i atten andre land. Tretti miljøorganisasjonar krev at statsminister Jonas Gahr Støre går av som leiar for FNs havpanel. Bakgrunnen er at regjeringa har opna for gruvedrift på havbotnen utanfor Nord-Noreg. Sjølv styresmaktene sine eigne organ, som Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet, åtvarar i uvanleg sterke ordelag mot planane.
Samtidig har Nordic Mining starta anleggsarbeidet på Engbøfjellet ved Førdefjorden. Avfallet frå gruva skal dumpast rett i den nasjonale laksefjorden, som har mange raudlista artar. Rettssaka for å stanse planane blei avslutta i Oslo tingrett onsdag denne veka, dommen fell om nokre veker.
Eg ser liknande saker nær sagt kor eg snur meg, frå Repparfjorden i Finnmark til Rogaland.
Til dømes hadde Dagens Næringsliv nyleg ein serie om miljøproblema rundt oppdrett. Enorme mengder slam, fôrrestar, Gud veit kva, blir sleppt rett i fjordane, som regel utan kontroll av styresmaktene.
Men Tom N. Pedersen hos Statsforvaltaren i Vestland veit nok til å seie såpass: at Hardangerfjorden «snart har nådd smertegrensa». Oksygennivået i fjorden er for lågt, det går føre seg ei massiv overgjødsling, det bryt med EUs vassdirektiv. Oppdrettskonserna, og sikkert mange av politikarane som eig aksjar og støttar bransjen i tjukt og tynt, vil doble produksjonen frå dagens alt vanvitige nivå.
Slik går no dagan i landet som leier FNs internasjonale havpanel for global berekraftig havforvaltning. Panelet blei oppretta på initiativ frå Solberg-regjeringa i 2018, og målet er at 100 prosent av havområda våre skal vere berekraftig forvalta innan 2025!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.