Gjer ny kraft Noreg fornyeleg?

Norsk klimapolitikk går ut på å skaffe meir kraft. Etter denne læra vil vatn og vind til nye turbinar òg dempe bålet av fossil energi monaleg. Denne nedgangen ser vi lite til i statistikken.

Dagens vindturbinar er ofte over 200 meter høge og kan vege 270 tonn. 150–200 dekar går med til kvar av dei, med rundt 800 meter veg i terrenget. Biletet er frå Egersund.
Dagens vindturbinar er ofte over 200 meter høge og kan vege 270 tonn. 150–200 dekar går med til kvar av dei, med rundt 800 meter veg i terrenget. Biletet er frå Egersund.
Publisert

Norske utslepp av karbondioksid var i 2017 tre prosent større enn i 1990, sjølv med hundrevis av nye vasskraftverk. Industrien gav i denne perioden frå seg 39 prosent mindre klimagassar. Mellom dei mange kjeldene til vekst står utvinninga av olje og gass i særklasse, opp 78 prosent til 14,7 millionar tonn. Vegtrafikken sleppte ut 8,8 millionar tonn i 2017, opp 22 prosent frå 1990. Trafikken i lufta og på sjøen, i lag med motorreiskapar, har vakse nesten like mykje, til 7 millionar tonn. Tala er frå Statistisk sentralbyrå.

Europa og USA kvitta seg med ein god del utslepp i takt med at store delar av industrien emigrerte frå sine tidlegare heimland til billegare strok. Då utsleppskurvene i vest viste teikn til å flate ut, starta oppgangen i Kina for alvor. Også her til lands set vi stadig meir energi over styr, opp 16 prosent frå 1990 til 2017. Ein del av dette er rein elektrisitet, men vi brenn også meir olje og gass enn før. Teorien om å gjere vasskraft til den sigrande David i kampen mot Goliat, har den praktiske historia imot seg. Også i verda under eitt går utsleppa til atmosfæren opp. Aldri har dei vore større enn i 2018, melde The Guardian i desember, med Global Carbon Budget som kjelde. Alle avtalane og dei klingande ambisjonane om å snu utviklinga har tapt mot den utsleppsdrivande veksten.

Jevons paradoks

Fossil energi var det som gjorde Europa økonomisk rikt. Kolet var den nørande gloa under den industrielle revolusjonen, og oljen dreiv seinare opp tempoet i all slags produksjon, samferdsel og automatisering. I alle parti vart dei styrande fjetra av det nye, det moderne, og det vart vanedannande. For økonomar har tilgangen på naturgode vore eit spørsmål om kjøpekraft, ikkje kva jorda har å gje. Lenge etter at overflodssamfunnet var ein realitet, høyrer vi frå alle kantar i politikken om «behov» for meir, endå dei fleste seier jorda er i stor fare.

Fleire stilte etter kvart spørsmål ved å skaffe seg meir enn rikeleg overflod. Men viljen til vekst heldt stand. Det alle kunne vere samde om, var å effektivisere teknikken, drive som før, men med mindre innsats av energi og andre råstoff. Intuitivt tilseier dette at vi kan spare på naturgoda, utan å utrette mindre. Men så tidleg som i 1865 oppdaga den engelske økonomen William Stanley Jevons at teknologiske endringar som auka effektiviteten av kolenergien, førte til større forbruk av kol. Varene vart billegare, og fleire kunne kjøpe meir av dei. Billegare innsats dreiv opp vekst i økonomien. Kjøpeevna steig. Fenomenet går under namnet Jevons paradoks. Vi ser det tydeleg i biltrafikken. Når ein bil treng færre desiliter drivstoff per mil, køyrer vi fleire mil.

Ustabile alternativ

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement