Resirkulering
Gjer tekstilavfall til ny industri
Det er vanskeleg å skrive ei solskinshistorie om norsk tekstilforbruk. Men når brukte laken kan verte omdanna til brukbare tekstilfibrar, er det verdt eit forsøk.

– Det er her magien skjer, seier Pål Erik Haraldsen og peiker på nokre firkanta, knallgrøne maskiner eg ikkje kan sjå inn i.
– Her ligg forretningsløyndommen?
– Ja, litt av han, i alle fall. Her borte kjem fiberen ut.
Haraldsen går forbi rekkja av dei grøne maskinene og kjem til ei endå større maskin med ein stor open kjeft. Han bøyer seg inn og hentar ut ei handfull kvite, mjuke tekstilfibrar. Fiberdotten liknar bomulla vi får kjøpt i daglegvarebutikken, men har hatt eit heilt anna liv.
Eg har teke turen til eit næringsområde i Sandefjord for å sjå kva som går føre seg i norsk tekstilindustri. Norsk tekstilindustri? Finst det ein slik, spør du kanskje. Ja, han finst, sjølv om han stort sett rommar ullspinneri og strikkeselskap som produserer i liten skala. Under 1 prosent av tekstila vi forbruker her i landet, er produsert i Noreg.
Men det er ikkje eit lite, tradisjonsberande selskap eg har oppsøkt denne dagen. Eg har drege for å sjå produksjonen i eit selskap som er i den utforskande startfasen, som satsar på ny teknologi og store volum.

Ja, eigentleg har eg ikkje drege hit på grunn av tekstil i seg sjølv, men på grunn av alle problema tekstila skaper. Alt avfallet på avvegar. Eg har sett nyhendebilete av norsk tøy på dyngja i afrikanske land, men også klede med resirkulert polyester i kjedebutikkar. Eg stilte meg derfor eit par enkle spørsmål: Kor mykje av det brukte tekstilet, som norske kommunar sidan årsskiftet har vore pålagde å samle inn på linje med papir, glas og metall, vert resirkulert og omdanna til nytt stoff? Og finst det norske selskap som resirkulerer tekstil?
Ja, fann eg ut. Det finst eitt selskap i Noreg som er i gang med det.
Og her er eg, i eit nybygd fabrikklokale i Sandefjord, sett opp av Norsk Tekstilgjenvinning AS, med Haraldsen som sjef og primus motor.
Nytt inn, brukt ut
For to år sidan hadde eg ikkje trunge å dra til Sandefjord for å få svar på spørsmåla mine. I 2023 kartla konsulentselskapa Norsus og Norion Consult krinsløpet for brukte tekstil og tekstilavfall på oppdrag frå handelsstandens hovudorganisasjon Virke. Dei slo fast at det på det dåverande tidspunktet ikkje var noka form for gjenvinning av tekstilavfall her i landet.
Rapporten la fleire tankevekkjande fakta på bordet. Dei viser at vi i Noreg importerer tonnevis med nye tekstil og eksporterer tonnevis med tekstilavfall. Sjå berre på dette:
- I 2022 kom 105.913 tonn nye tekstil i form av klede, fottøy og hushaldstekstil på den norske marknaden. Det tilsvarar 19,3 kilo per innbyggjar.
- 99,5 prosent av dei nye tekstila vart importerte.
- Under 1 prosent av tekstila på marknaden (909 tonn) var brukte tekstil til gjenbruk (privat omsetjing og arv ikkje inkludert).
- Over halvparten av tekstila vi kvittar oss med, hamnar i restavfallet, nærmare bestemt 48.809 tonn. Plukkanalysar viser at om lag halvparten kunne vore brukt om att, reparert eller resirkulert.
- Private og ideelle innsamlingsaktørar samla inn 29.643 tonn tekstil.
- Det vart eksportert 31.642 tonn brukte tekstil og tekstilavfall, eller omkring 5,76 kilo per nordmann.
Den mest brutale konklusjonen i rapporten er denne: Det er vanskeleg å vite kva som til slutt skjer med tekstila vi eksporterer – som altså utgjer fleire titals tusen tonn.
Enkelte har prøvd å undersøkje det. I 2023 plasserte Framtida i våre hender sporingsbrikker på 14 plagg og delte dataa med TV 2. Av plagga dei klarte å spore, hamna eitt i ein bruktbutikk på Ulven i Oslo, sju i Polen, fire i Guinea, Jemen, Pakistan og Kenya. I Kenya, får vi vite, endar store mengder tøy i brannutsette deponi. Befolkninga i nærleiken må leve med utslepp av helseskadeleg røyk.
Byggjer industri
Haraldsen har jobba med tekstil i over 20 år, fortel han meg, før han viser meg rundt i fabrikken. Gjennom selskapet Health Workers har han selt arbeidstøy til tilsette i helsevesenet – skjorter, luer, joggesko og fleecejakker – produsert i Noreg med stoff importert frå Italia.

I møterommet heng ulike typar klede utstilt. Helseuniformer frå Health Workers og fritidsskjorter frå ullspesialisten Aclima, som har kjøpt seg inn i Norsk Tekstilgjenvinning. Store nøste med naturkvit og mellomblå ulltråd. Noregsglas med grøne, kvite, lyse og mørke blå tekstilfibrar. Alle plagga er døme på ferdigprodukt basert på den resirkulerte tekstilfiberen som vert til i fabrikken i bygget ved sida av.
– Kleshengarane er laga av badekåper frå Farris Bad, seier Haraldsen når eg tek plagga i augesyn.
Etter ei tid i bransjen byrja Haraldsen å tenkje på kva som skjedde med arbeidstøyet etter bruk. Helseuniformer hamnar jo korkje i gjenbruksbutikkar eller på nettstader som Finn eller Tise. Så Haraldsen byrja å samle tøyet inn att. Selskapet starta med redesign – dei sydde hårstrikkar og vesker. Dei heldt på eit halvt års tid. Dei fekk ikkje selt varene og ikkje bukt med avfallet.
– Kan ein ikkje tene pengar på eit produkt, er det heller ikkje berekraftig, seier Haraldsen.
Han tok til å leite etter måtar å gjenvinne tekstil på.
– Eg tenkte at det må jo vere ein måte å tene pengar på å resirkulere tekstil. Så eg tok på meg ein hatt, og frå 2021 til 2023 reiste eg rundt i verda. Til slutt fann eg nokre løysingar eg hadde tru på. Vi søkte støtte, fekk inn investorar, og så var vi i gang. Sommaren 2023 bestilte vi ei maskin til fleire titals millionar.
På forskingsstadiet
Fabrikkbygget stod ferdig i januar 2024, og då byrja også produksjonen. Men framleis er han som eit forskingsprosjekt å rekne. Metodane er under utvikling, og selskapet tener ikkje pengar. Men frå neste år bør drifta gå i pluss.
– Vi tenkjer stort. Vi snakkar ikkje om ein fiberball, men om containerar med fiber. Vi vil industrialisere og ta imot 30.000 tonn til fabrikkane våre, seier Haraldsen.
Det er om lag den same mengda tekstil som kvart år vert samla inn og eksportert ut av landet.
Men det er eit stykkje fram dit. Ifølgje NRK sender norske kommunar i dag innsamla tekstil til energigjenvinning. Utan system for resirkulering vert tøyet brent, som anna avfall. På Norsk Tekstilgjenvinning kan dei i dag handtere 2000 tonn tekstil, med planar om å trappe opp til 30.000 over ein treårsperiode.
Dessutan må inntektene på plass. Kommunane som leverer tekstil til fabrikken, må vere villige til å betale for det, slik kundar må vere villige til å betale for resirkulert tekstilfiber. Haraldsen set sin lit til at det vert innført produsentansvar for tekstil, slik at produsentane framover vil ha eit livsløpsansvar for produkta.
– Vi må vere villige til å betale meir for tekstil, og vi må vere villige til å betale for å resirkulere tekstila når dei er ferdigbrukte, seier han.
Kunsten å sortere

Omvisinga startar i bygget for prefabrikkering. Det som møter meg, er lass på lass med tekstil. Tekstil i svære grøne og grå plastkasser stabla ved sida av og oppå kvarandre, fire i høgda. Klede i vogner, posar og containerar. Berg av usorterte klede. Kasser merkte «frottéhåndklær, bomull/ polyester, hvit», eller «håndklær, bomull/ viskose/ poly, lyse farger». Eller «sengetøy, duker, gardiner, ferdig».
Kva er alt dette? Alt vi ikkje treng eller vil ha lenger. Dukar i feil storleik, gardiner i feil farge, bukser som aldri passa, jumperar vi kjøpte fordi dei var på sal. Ei svær kasse er fylt med berre jarekantar – skøytane som finst ytst på nye stoffrullar.
Norsk Tekstilgjenvinning samarbeider med innsamlingsaktørar som Kirkens Bymisjon og Vesar, avfallsselskapet i Vestfold. Nøkkelen til vellukka resirkulering er å sortere godt. Eller, som Haraldsen seier: «Shit in, shit out.»
Først vert plagga som kan seljast på gjenbruksmarknaden, plukka ut. Desse går vidare til ideelle aktørar. Deretter skal plagg strippast for glidelåsar, knappar og anna utstyr. Så kan stoffet sorterast etter farge og material. Bomull skal saman med bomull. Ull med ull. 80 prosent bomull og 20 prosent polyester skal verte sortert med stoff med same blandinga.
Ved eit bord er ei gruppe arbeidsfolk i gang med å sortere. Dei første trinna i sorteringa må gjerast manuelt. Her har Haraldsen alliert seg med Nav, som har utplassert folk som treng arbeidstrening og tilrettelegging. Neste trinn kan gjerast av nyutvikla maskiner med kunstig intelligens. Hjernen i maskina vert trena i å kjenne att ulike typar tekstil. På den måten kan ho skanne tekstila og skilje ull frå bomull og éi materialblanding frå ei anna.

Haraldsen legg eit nuppete blått tøystykke over ein skannar. Resultatet kjem straks opp på ein liten skjerm: 65 prosent polyester og 35 prosent bomull.
– Vi treng å sortere raskt, seier Haraldsen, som har plassert teknologiutviklinga i eit eige selskap: Norsk tekstilsortering.
Både maskiner og arbeidsfolk er viktige for å få industrien opp og gå.
Eg ser rundt meg og kjenner vekta av tøyet og arbeidsmengda. Eitt tonn tekstil utgjer 3000–4000 plagg. Kvart av dei skal verte demontert og sortert. Men arbeidet bak nyprodusert bomull er vel strengt teke hardare, med bomullsblomar som skal vatnast og haustast. For ikkje å snakke om plasttekstil, som er basert på oljeproduksjon.
Frå avfall til råstoff
Eg følgjer Haraldsen vidare inn i fabrikken, der «magien skjer». Rommet er komfortabelt å vere i. Tekstila er sorterte, lufta er fuktig og temperert, og det er høgt under taket.
Kasser med kvitt tøy står klart til å verte omdanna frå avfall til råstoff. Det er ikkje så mange steg tøyet skal gjennom. Ein legg det på eit rulleband, som fører det inn i ei oppkuttingsmaskin. Stoffbitane går så vidare til maskiner, dei grøne installasjonane, som mekanisk riv i tekstilet, slik at fiberen vert frigjord og kjem ut i den andre enden. På fagspråket er tekstilet no defibrert.
Dei kortaste fibrane, som ikkje er eigna for nye tekstil, vert skilde frå lengre fibrar av høgare kvalitet og kjem ut av ei anna maskinopning.
– Eg kallar det navlelo, seier Haraldsen.
Ja, i alle fall liknar den loa som vert fanga opp i tørketrommelfilteret. Og heller ikkje dette er for avfall å rekne. Av mannen min har eg lært at denne loa kan nyttast som tennbrikettar. Og jammen er det ikkje det «navleloa» frå fabrikken skal nyttast til. I komprimert form.
Den ferdige fiberen vert pakka i gjennomsiktig plastfolie, klar til levering. Eg ser pakkar i kvitt, raudt, grønt og blått. Når tekstilet er fargesortert, vert også fargen gjenbrukt.
Magien har skjedd, men fabrikken er enno i ein eksperimenterande fase. I eit av dei tilstøytande romma finn vi eit testlaboratorium.
Frå fiber til tråd
Laboratoriet har hyller med boksar med fibrar av ulik farge og kvalitet.
– Her kan vi lese av kor lang fiberen er, seier Haraldsen og viser fram eit apparat med ein slags børste, kopla med leidning til ei datamaskin. Eg synest apparatet liknar ei modernisert utgåve av den eine halvdelen av ein gammaldags kardereiskap.
– Denne fiberen er 50 millimeter lang. Det seier noko om kva han kan nyttast til, og er informasjon vi rapporterer til spinneriet. Vi spinn jo ikkje her.
– Jo lengre fibrar, jo høgare kvalitet?
– Jo lengre fibrar, jo høgare kvalitet.
I laboratoriet ligg det også nøste med tråd av resirkulert materiale, og ferdigvovne, tjukke stykke tekstil frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik. Enkelte tekstil med 50 prosent resirkulert materiale og 50 prosent jomfrueleg. Andre med 80 prosent resirkulert og 20 prosent nytt. Kontrasten mellom dei vakre stoffa og dei usorterte berga med klede er slåande. Ja, kontrastane i tekstilbransjen generelt er slåande. Ein bomullskjole, med alt arbeidet som ligg bak, kan seljast for ein hundrelapp. Og den same kjolen kan vere trendy den eine dagen og avleggs den neste. Og Haraldsen, som nettopp har vist meg rundt i fabrikklokalet i Sandefjord, skal snart vidare til motemesse i Paris. Det er der han skal møte kundar som vil lage stoff av resirkulert materiale til sin neste kolleksjon.
Frå flaske til tekstil
Eit spørsmål eg stilte meg før eg drog til Sandefjord, handla ikkje berre om avfall og resirkulering i Noreg, men også om dei resirkulerte plagga eg stadig ser i butikkane. Kanskje har det med algoritmane mine å gjere, men eg ser knapt ein reklame for klede utan at det også vert opplyst at dei består av til dels resirkulert polyester. Kva slags resirkulering er dette?

– Det å produsere stoff er knytt til så mykje styggedom. Det vert ikkje miljøvennleg uansett.
Pål Erik Haraldsen, sjef i Norsk Tekstilgjenvinning
– Mesteparten er resirkulert frå plastflasker, seier Haraldsen.
Slik han ser det, handlar ikkje dette om resirkulering, men om å ta plast ut av eit sirkulært krinsløp for plast, der ei plastflaske kan verte resirkulert til andre plastprodukt. Men når plast vert gjord om til tekstil, får plasten lågare kvalitet og kan ikkje gå inn i krinsløpet for plast igjen. I staden treng ein meir petroleum for å produsere ny plast. Eg skal seinare sjå at Svanemerket, som set miljøkrav til produkt, har det same synet på denne forma for «resirkulering».
Eg vil gjerne høyre kva for tekstil Haraldsen ser på som mest miljøvennleg, men han har lite lyst til å rangere. Det han kan seie, er at ull er det stoffet som for dei er enklast å resirkulere, og som lagar den beste fiberen.
– Så er ull det mest miljøvennlege stoffet?, prøver eg meg igjen.
– Eg synest det er vanskeleg å snakke om miljøvennlege stoff, for det å produsere stoff er knytt til så mykje styggedom. Det vert ikkje miljøvennleg uansett, svarar Haraldsen, som meiner det beste vi kan gjere, er å endre vårt eige forbruk.
– Vi må kjøpe tekstil av betre kvalitet, som varar lenger, og vi må slite det ut, seier han.
Tipset frå Haraldsen er å kjøpe høg kvalitet og selje det vidare når vi ikkje har bruk for det lenger. For medan nordmenn er villige til å kjøpe kvalitetstøy av kjende merke brukt, vil få eller ingen kjøpe billigplagg frå Temu eller Shein, som Haraldsen meiner vi ikkje bør kjøpe i det heile.
Derfor er han også oppteken av at brukte norske merkevarer bør seljast på den norske marknaden og ikkje verte eksportert. For medan ein nordmann kjenner til ei merkevare som Bergans, er ikkje det tilfelle i til dømes Polen. Men bruktmarknaden i Noreg er liten, og det meste vi kastar frå oss, hamnar utanlands.
– Vi er for rike, seier Haraldsen.
Nye aktørar på veg
Det er sant som eg skreiv i starten på artikkelen, at det i Noreg berre er Norsk Tekstilgjenvinning som har starta produksjon av resirkulert tekstil. Men ser ein utanlands, finn ein enkelte aktørar med liknande produksjon. Ifølgje Tekstilforum var finske Rester Oy først ute i Norden då dei starta produksjon i 2021, med ein kapasitet på 12.000 tonn tekstil i året.

Både i Noreg og internasjonalt snuser også oppstartarar på potensialet for kjemisk resirkulering av polyester. Eksperimenta er i gang, men ikkje industriproduksjonen.
Haraldsen seier han ikkje har tru på kjemisk resirkulering på kort sikt, men kanskje om 15–20 år.
– Det er mange som forskar på ting. Når ein testar ting på kjøkkenbenken, kan ein klare å separere fibrar, men ein klarer det ikkje i stor skala, seier han.
– Ein har resirkulert plast i 20–30 år, men enno fungerer det ikkje optimalt. Derfor trur eg heller ikkje ein vil klare det med tekstil. Og i alle fall ikkje før ein klarer å sortere tekstil på ein betre måte.
Ein del tekstil lèt seg uansett ikkje resirkulere. Overivrig sortering av øydelagde sko og undertøy er det berre å gløyme. Det vil uansett ende i restavfallet i lag med andre tekstilar av låg kvalitet.
– Kva gjer de om de ikkje går i pluss neste år?
– Det gjer vi.