Minneord

Göran Fristorp (1948–2024)

Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Publisert

Få dikt skildrar einsemda og lengten etter kjærleik betre enn «Men går jag över ängerna» av den svenske skogsarbeidaren, sjømannen, skodespelaren, forfattaren og bohemen Nils Ferlin.

I 1978 vart diktet folkeeige i både Sverige og Noreg. For under innspelinga av plata Göran Fristorp spelar Nils Ferlin stemte alt.

Med dei gripane verselinene til Ferlin og den vakre melodien til Leif Strand, saman med det sjølvtrygge og vare saksofonspelet til Arne Domnérus, klarte Göran Fristorp med si gode røyst å skapa ei av dei vakraste viseinnspelingane vi har.

På same plate syng Fristorp ei anna stor vise, «Syner i lövsprickningen», den òg av Ferlin og Strand.

Fristorp, låtskrivar, songar, gitarist, vart ein av våre mest avhaldne trubadurar. Han har turnert og opptredd i konserthus og forsamlingshus over heile landet. Og ikkje minst i kyrkjer. Han likte å syngja salmar, sjølv om han ikkje var kristen. Det var noko med stemninga i salmane som greip han.

Fristorp gav ut 27 plater og samarbeidde med norske artistar som Wenche Myhre, Herborg Kråkevik, Arild Andersen, Karoline Krüger, Anne Lise Gjøstøl og Marian Aas Hansen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement