Utanriks
Grønland i raudt, kvitt og blått
Grønland og Arktis har vore tema i Senatet. Ulike løysingar for å innlemme Grønland i USA vart diskuterte.
Republikanaren Earl L. «Buddy» Carter har lagt fram forslag om at Grønland skal skifte namn til Red, White, and Blueland. Foto: Nedlasting frå Earl L. «Buddy» Carters innlegg på X
Foto: Nedlasting frå republikanaren Earl L. «Buddy» Carters innlegg på X.
– Vi er her i dag for å snakke om noko som berre for få år sidan vart oppfatta som fjernt, men som lenge har vore verdt å vurdere seriøst: at USA tileignar seg Grønland.
Slik opna den republikanske senatoren Ted Cruz 12. februar ei høyring i det amerikanske senatet om kva betyding Grønland og Arktis har for USAs interesser, sett i stand av komiteen for handel, vitskap og transport.
Biletet som vart teikna av fleire ekspertar og republikanske politikarar i Senatet, var for det første at Grønland og Arktis er svært viktige for USA, og for det andre at Grønland vil dra stor nytte av å knyte seg nærmare USA.
Cruz delte ein visjon om framtida der Grønland er ein del av USA, og der både USA og Grønland står fram som vinnarar. Ein visjon der USA har investert milliardar i å utvikle Grønlands naturressursar, med betre levevilkår, infrastruktur, helsevesen og utdanning for befolkninga som resultat. Grønland har styrkt økonomien sin; USA har styrkt stillinga si i Arktis.
– Dette handlar om felles interesser, med potensielt enorme fordelar for alle partar, sa han og presenterte ein mogleg allianse mellom USA og Grønland som svært lukrativ for Grønland.
– Om Grønlands framtid skulle innebere å gå inn i USA, ville det krevje at det grønlandske folket godkjenner det, truleg gjennom ei folkerøysting. Det ville vere ei felles avgjerd som er verd å diskutere, sa Cruz.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.