Utanriks
Overgrepa Grønland ikkje gløymer
NUUK, GRØNLAND: Farlause barn. Spiral utan samtykke. Barn tekne frå foreldra. Tilhøvet mellom Grønland og Danmark har vonde sider.
Fortvilte foreldre møtte 7. januar opp i Landstingssalen på Christiansborg i København for å vere til stades i eit ope møte om barn som vert tekne frå dei grønlandske foreldra med tvang.
Mads Claus Rasmussen/Ritzau Scanpix
På ein kaffibar på Nuuk Center ventar eg på Aka Hansen. Eg har kontakta henne etter å ha lese om henne i grønlandske aviser. Den siste tida har ho stått i spissen for ei rekkje demonstrasjonar i Nuuk til støtte for grønlandske foreldre i Danmark som har fått barna sine henta av danske styresmakter – det som tilsvarer barnevernet i Noreg.
Særleg har éi sak vekt merksemd. Ei sak om ei grønlandsk mor som måtte gje frå seg barnet sitt berre timar etter fødselen, fordi det danske barnevernet fann det best. Avisartiklane seier lite om grunngjevinga, men det er andre gongen mora har opplevd å få barnet sitt teke frå seg. Eldstedottera hennar, som i dag er vaksen, har fortalt om sorga over å ha tapt ikkje berre mora, men også det grønlandske språket og kulturen.
Hansen har sagt til avisa Sermitsiaq at ho ikkje trur det finst ei einaste mor som har følgt saka utan å kjenne ein knute i magen.
Testar foreldra
Ved dei små borda i kaffibaren sit unge folk med berbare datamaskinar og jobbar. Rett forbi senteret har demonstrasjonane gått, gjennom den snøpakka gågata i den vesle byen, mot parlamentet, Inatsisartut, som ligg berre nokre meter bortanfor. «Stop FKU til danskere med anden kulturel baggrund», har vore bodskapen på plakatane.
FKU står for foreldrekompetansetest – ein test danske kommunar kan bruke for å vurdere om folk er eigna til å vere foreldre. Men testen er tilpassa danske forhold og vert kritisert for ikkje å ta høgd for grønlandsk språk og kultur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.