Økonomi

Grunnrentelandet

Det fine med grunnrenteskatt er at investorar får langt meir å investera med.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under presentasjonen av ny grunnrenteskatt på Blaafarveværket 28. september i år.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under presentasjonen av ny grunnrenteskatt på Blaafarveværket 28. september i år.
Publisert

Det går føre seg eit ordskifte om grunnrente i Noreg, men fyrst ei avklaring av kva grunnrente er for noko. Kvifor vi i Noreg kallar grunnrenta grunnrente, er noko usikkert. I grannelanda våre heiter det ikkje grunnrente, men ressursrente, som er eit godt omgrep, om enn ei nokså dårleg omsetting av omgrepet den engelske økonomen David Ricardo utmynta, economic rent. Men sidan omgrepet er så innarbeidd i Noreg, kallar vi grunnrenta nett grunnrente.

Så kva er grunnrente? Det er den ekstraprofitten som oppstår når ein person eller ei verksemd får tilgang til ein avgrensa ressurs, som kan vera fisk, olje, vatn, mat eller enkelt og greitt grunn. Dei mest kjende døma på personar her heime som har vorte rike på grunn av grunn, er kan henda Olav Thon og Petter Stordalen. Dei har hatt vit nok til å kjøpa grunn i sentrum av Oslo. For så lenge folk eller verksemder vil flytta til pressområde, stig prisen på grunn i pressområda meir enn i resten av landet og meir enn veksten i økonomien generelt.

Kunnskap

Det er fleire grunnar til at det er slik, men hovudgrunnen er truleg det som vert kalla kunnskapsklynger. Om du driv eit stort advokatfirma, vil du ha tilgang til mange spesialiserte advokatar. Dei finn du i Vika i Oslo. Di fleire advokatar det vert i Vika i Oslo, di meir spesialiserte kan desse advokatane verte, og di meir kan dei same advokatane krevja betalt frå dei store norske selskapa, som òg har hovudkontor i det same området.

Om to juristar som nett er ferdigutdana frå universitetet i Oslo og er like dyktige og fekk same karakter, høvesvis vel å taka arbeid i Vika og i Volda, vil den advokaten som vel Vika, få langt høgre lønn enn han som buset seg i Volda. Det gjer at advokaten i Vika kan betala langt høgre husleige enn han i Volda.

Dei som vil ha dei beste og mest spesialiserte advokatane og ikkje normalt held til Oslo, har ikkje anna val enn å reisa til Oslo når dei skal ha møte med advokatane. Då tek dei kan henda inn på eit hotell på Aker Brygge, til dømes The Thief, som er eigd av Petter Stordalen, for så å gå bort til eit advokatkontor som held til i ein bygning eigd av Olav Thon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement