Gull verd
Asha Barre er eit føredøme for unge kvinner som vil frigjera seg frå æreskulturen.
I lukka kulturar, der det er vanskeleg å vera fri, er liberale røyster avgjerande. Det er viktig å sjå og oppleva at ikkje alle dømmer kvinner som frigjer seg eller har ei anna legning. Dei liberale røystene kan til tider vera usynlege, det er lettare å sjå og høyre dei med fordommar, for dei ropar som regel høgast. Trass i mykje motstand er det fleire og fleire som må rive seg laus frå dei lukka innvandrarmiljøa.
Ofte når eg held føredrag, får eg spørsmålet: «Er det håp for det fleirkulturelle Noreg?» Ja, tenkjer eg, det er håp. Eg møter mange innvandrarar som lever eit godt liv her i landet, som har tilpassa seg og som har lukkast.
Dessverre høyrer vi ikkje nok om dei som lukkast og som deltek i samfunnet på ein god måte. Som spaltist i Dag og Tid har eg lyst til å presentera kvinner som treng hjelp. I ein lukka kultur er det ikkje lett å få svar viss du vil «opnast» etter omskjering. Asha er gull verd. Det handlar ikkje berre om at ho som sjukepleiar har kunnskap om temaet, ho har sjølv somalisk bakgrunn og møter jentene på ein god og human måte. Ho blandar ikkje inn religion og kultur. Dessverre har eg fleire gonger møtt helsepersonell med muslimsk bakgrunn som ikkje klarer å leggje frå seg religionen og æreskulturen sin.
Ville til Nord-Møre
Asha Barre vart fødd i Somalia i 1973 og kom til Noreg i 1992. Etter å ha budd her i landet ei stund, høyrde ho rykte om at det fanst ein god skule for framandspråklege på Nordmøre, og flytta dit frå Telemark. Dei andre somaliarane Asha kjende i Noreg på den tida, tykte det var rart at ho ville flytte til ein mindre stad, men målet til Asha var å bu på ein stad der ho kunne bli integrert best mogleg. Ho takka nei til sosialstønad i Telemark og tok heller opp studielån på Nordmøre. Asha oppdaga då ho flytta at det var fleire unge innvandrarjenter og -gutar som hadde teke dei same vala som henne, også fleire somaliarar.
Sjølv om ho nesten vart ferdig med vidaregåande skule i Mogadishu, måtte Asha ta vidaregåande om att i Noreg. Mor til Asha, som var analfabet, var oppteken av at ho skulle få ei god utdanning. I 2001 var Asha ferdig utdanna sjukepleiar, og sidan 2007 har ho arbeidd som jordmor. Ho fortel at det er stort å få vera til stades ved ei av dei største gledene og opplevingane i menneskelivet, nemleg det å verta foreldre. Asha brenn for kvinnehelse, menneskerettar og ein god integreringspolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.