Helse

For ein mildare pandemi

Vi treng ikkje stogge samfunnet for å bremse covid-smitten. Her er ti langt meir moderate forslag.

I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i i Oslo. I dag får berre folk i risiko­gruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.
I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i i Oslo. I dag får berre folk i risiko­gruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.
Publisert Sist oppdatert

Finst det noko alternativ til å late covid-19 gå sin gang gjennom samfunnet, slik vi gjer i dag? Den offisielle politikken i Noreg – som i dei fleste land – er at smitten får spreie seg fritt utan nemneverdige mottiltak, samtidig som vi vernar dei mest sårbare gruppene med vaksine. Slik kan samfunnet fungere som normalt. Men som Dag og Tid skreiv sist veke, har dette ein kostnad i form av langvarige helseplager for somme av dei som blir smitta. Eit vanleg anslag er at nærare 10 prosent av covid-infeksjonane kan gje seinfølgjer. Etterverknadene inkluderer mellom anna utmatting, diabetes, svekt minne, «hjernetåke» og hjarte- og karsjukdom.

Men om vi vil gjere noko med dette – kva kan vi gjere?

Mellomting

Det er neppe nokon som ønskjer seg fleire nedstengingar av samfunnet. Og koronaviruset blir vi ikkje kvitt. Kanskje kjem det til å sirkulere blant oss så lenge mennesket finst. Men om ein ønskjer å avgrense smitten, finst det mange mindre inngripande tiltak ein kan ty til. Og det burde vi definitivt gjere, meiner Carol Holm-Hansen, som er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet (FHI). Ho har tuberkulose som spesialfelt og har mange års forsking på smittevern i Afrika bak seg.

Den offisielle lina i Noreg i dag er å halde covid-immuniteten oppe i befolkninga gjennom stadig nye rundar med smitte. Men Holm-Hansen meiner at det framleis er svært gode grunnar til å avgrense spreiinga av covid-19. Ho presiserer at ho her ikkje uttaler seg på vegner av FHI.

– Når det er mogleg å førebyggje infeksjon med ganske enkle tiltak, ser eg ingen grunn til å late vere. Vi blir ikkje sterkare jo fleire infeksjonar vi får. Fleire infeksjonar aukar derimot risikoen for langtidsverknader, og dei kan òg råke unge menneske. Det finst folk i 20-åra som får alvorleg lang-covid og ikkje kjem seg opp av senga. Desse folka er ikkje «berre late».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement