JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Helsestyresmaktene i Noreg ber oss drikke minst mogleg. Men kva i all verda tyder det?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Éin drink i veka eller fem? På lang sikt kan valet gje utslag på helsa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

9270
20240823
9270
20240823

Alkohol

christiane@dagogtid.no

Råda vi får om alkohol, vert stadig strengare. Drikk minst mogleg, er ordlyden i dei nye nasjonale kostråda, som kom den 15. august. Skal ein likevel drikke alkohol, er tipset å drikke vatn samstundes, slik at ein drikk saktare og mengda vert mindre. Ungdom og gravide bør avstå heilt.

Litt fram i tid kan øl-, vin- og spritemballasje verte utstyrt med åtvaringar om at alkohol skader helsa – eit tiltak tilrådd av Verdshelseorganisasjonen.

Helsedirektoratet jobbar no med eit oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet om å vurdere praktiske løysingar for å innføra merking av alkoholhaldig drikk, opplyser avdelingsdirektør Øyvind Giæver.

Det inneber mellom anna å vurdere kva som kan vere eigna og relevant merking i Noreg. Notatet med vurderingane og forslaga skal leverast til departementet i haust.

Merka som skadeleg

I Irland skal merking av alkohol etter planen vere på plass i mai 2026. Utforminga kan gje ein peikepinn om korleis åtvaringane kan verte sjåande ut om dei vert innførte i Noreg.

Merkelappen viser silhuetten av ei gravid kvinne med eit forbodsskilt over. Med store bokstavar får vi opplyst at alkohol fører til leversjukdom, og at det er ein direkte samanheng mellom alkohol og dødeleg kreftsjukdom. I mindre skrift vert vi viste vidare til ei offentleg informasjonsside om alkohol.

Verdshelseorganisasjonen meiner at både konsumentar og den generelle befolkninga treng informasjonen. Mange er ikkje klar over den mangslungne helserisikoen ved å drikke alkohol, kan vi lese i eit kulepunkt til støtte for risikomerkinga.

Dei glade 90-åra

Kva har skjedd? I 1990-åra fekk mange av oss inntrykk av at vi kunne drikke både eitt og fleire glas øl og vin om dagen med godt samvit. I alle fall om vi såg bort frå dei mange sosiale problema alkohol kan føre til, og heldt blikket festa på personleg helse.

I 1995 kunne vi til dømes lese om liberale alkoholråd frå britiske helsestyresmakter – eit «alko-sjokk», som VG kalla det. Menn hadde ikkje vondt av to halvlitrar med øl eller fire glas vin om dagen, kunne vi lese. Kvinner i same alder kunne hyggje seg med 1,7 halvlitrar eller tre glas vin per dag. Det var berre å fylle glaset, oppsummerte avisa.

VG skreiv om liberale britiske alkoholråd den 14. desember 1995.

I 1996 refererte NTB ein britisk psykolog som meinte alkohol var sunt for oss. Provet? Folk som drikk, ler meir, og dei som ler meir, er mindre stressa enn andre. Og når ein ikkje stressar, fungerer immunsystemet betre.

Det same året kunne vi lese i Nordlys at ei halv flaske raudvin dagleg motverkar skjørt skjelett. Dei negative sidene ved moderat alkoholbruk, som risikoen for å utvikle alkoholisme og leverskade, druknar i dei mange positive sidene, vart det hevda.

Og framleis i 1996 formidla VG ny forsking til middelaldrande menn. Eitt til to glas vin om dagen var godt for hjartet.

Fordelar tilbakeviste

I dag er nyhendebiletet eit heilt anna. Jo meir alkohol vi drikk, jo mindre hjernevolum sit vi att med når vi vert gamle, skreiv nettstaden forskning.no i februar. Ei oppsummering av 150 studiar viste at alkohol gjer hjernen eldre og aukar risikoen for angst og sjølvmord.

Ein studie publisert i fjor, som omfatta nesten fem millionar personar, viste at dagleg inntak av alkohol, sjølv i små dosar, korkje gjev vern mot hjarte- og karsjukdom eller andre helseproblem.

Studien bygde opp under funna i ein britisk studie frå 2022, der 400.000 personar deltok, som slo fast at sjølv eit moderat dagleg alkoholinntak aukar risikoen for død, som følgje av sjukdom og ulykker.

Drikk mindre, lev lenger, er bodskapen no.

Dei mange som har kjøpt seg pulsklokke, kan sjølv sjå på helsediagramma sine kor mykje alkohol stressar kroppen, og korleis kvar eining aukar stresset.

Åtte av ti drikk

Korleis skal vi handtere den stadig veksande informasjonen om verknaden av alkohol? Den gjeld i alle fall mange av oss.

I statistikken for alkoholkonsum frå 2012 til 2023 oppgjev om lag åtte av ti at dei har drukke alkohol i 2012, og om lag åtte av ti hadde drukke alkohol i 2023. Prosenten har gått litt opp og ned, og mest ned, men det er førebels vanskeleg å seie anna enn at talet er relativt stabilt. Éin av tre oppgjev at dei drikk alkohol kvar veke.

Tala seier også litt om kor mykje vi drikk på ein gong. Halvparten av dei spurde seier at dei éin eller fleire gonger har drukke seks eller fleire einingar på ein gong. Og i aldersgruppa 16–34 svarar mellom 60 og 70 prosent at dei har drukke meir enn seks einingar på ein gong.

Dei fleste drikk ikkje så store mengder. Berre 5 prosent svarer at dei drikk seks eller fleire einingar på ein gong kvar veke. I aldersgruppa 16–24 var talet 11 prosent i fjor.

Ny kunnskap

– Eg oppfattar statistikken som ganske stabil. Det er korkje ein kraftig auke eller nedgang. Det som har endra seg, er det vi veit om skadeverknadene av alkohol, seier Stig Tore Bogstrand, som er professor ved Universitetet i Oslo og seksjonsleiar ved Oslo universitetssjukehus.

– Kva har skjedd sidan avisene skreiv om alkosjokket frå britiske helsestyresmakter i 90-åra?

– Her oppstod det jo ei mistyding fordi ei britisk eining er 8 gram og ein norsk er 12,7, så fire glas vin er mykje mindre i England enn i Noreg. Men dei britiske råda er seinare vortne kraftig reviderte, og vi har fått meir kunnskap.

Feiltolka J-kurve

Bogstrand fortel at den statistiske kurva som viser risikoen ved inntak av alkohol, ser ut som bokstaven J.

Altså kan ein feilaktig analysere seg fram til at dei som ikkje drikk alkohol i det heile teke, har den same dødsrisikoen som dei som drikk ein god del. Det kan sjå ut som at moderat alkoholinntak gjev den lågaste dødsrisikoen. Men her ligg det ei feilslutning.

Det tidlegare forsking ikkje tok høgd for når dei analyserte denne J-kurva, er at ein del i gruppa som ikkje drikk alkohol, er avhaldande fordi dei har helseproblem eller er sjuke.

– Det å drikke alkohol er assosiert med å ha eit godt liv, mens det å ikkje drikke alkohol kan vere assosiert med sjukdom. Så i nyare forsking har ein vorte flinkare til å rydde i gruppa med personar som ikkje drikk alkohol. Ein er merksam på at ein del kan ha slutta å drikke fordi dei er alkoholikarar eller sjuke.

Ifølgje Bogstrand er eit moderat alkoholinntak knytt til høgare utdanning og andre parametrar som er assosierte med god helse. Ein kan dermed ikkje lese ut frå J-kurva at moderat inntak av alkohol er helsebringande.

– Vi veit no at dei eventuelle positive effektane av alkohol ikkje veg opp for dei negative. Og det er vi heilt sikre på. Særleg er vi no meir merksame på at sjølv eit relativt lågt inntak av alkohol aukar risikoen for kreft.

Foto: UiO

– Vi veit no at dei eventuelle positive effektane av alkohol ikkje veg opp for dei negative.

Stig Tore Bogstrand, professor og seksjonsleiar

Risikovurdering

Så når mange som drikk moderate mengder alkohol, ikkje har så verst helse, kjem det kanskje heller av sykkelturen til og frå jobb enn vinglaset etterpå.

Men korleis skal vi vurdere risikoen ved å ta det glaset med vin, øl eller whisky? Og korleis skal vi tolke rådet frå helsestyresmaktene om å drikke «minst mogleg»? Bogstrand erkjenner at det kan vere vanskeleg.

– Det er litt som med raudt kjøt. Ein skal ete lite av det, fordi det kan føre til kreft. Det gjev ingen sjukdom med ein gong, men han kan komme snikande.

Han har likevel eit tips. Ein kan sjå til Canada.

To drinkar i veka

I Canada har styresmaktene gjort det dei ikkje har gjort i Noreg. Dei har gjeve offisielle råd om kva risiko ein tek dersom ein drikk to drinkar i veka eller åtte (sjå illustrasjon).

Så i staden for å seie at folk skal drikke «minst mogleg», seier dei at to einingar i veka gjev deg liten sjukdomsrisiko, medan tre til seks einingar i veka vil gje deg moderat risiko for å utvikle fleire typar kreft. Sju eller fleire einingar vil gje høg og aukande risiko for hjartesjukdom og slag, medan eit endå høgare forbruk sterkt vil auke risikoen for alkoholrelatert sjukdom. Ei eining tilsvarar til dømes 3,4 dl øl med 5 prosent alkohol.

Berre totalt avhald gjev null risiko.

Dette er den offisielle alkoholrettleiaren i Canada, lagt fram i 2023.

Då dei kanadiske alkoholråda vart lagde fram i januar 2023, erstatta dei alkoholråd som vart lagde fram i 2011. Endringa er markant. I 2011 fekk kanadiarane vite at menn kunne drikke 15 alkoholeiningar i veka og kvinner ti einingar i veka utan å risikere helsa.

Bogstrand trur tida er mogen for at også norske helsestyresmakter bør komme med råd om alkoholmengd og risiko.

– Eg trur at råda bør vere meir konkrete enn «minst mogleg», for det er ikkje så mykje hjelp å hente i det. Dei fleste i Noreg drikk alkohol, så det ville vore naturleg med meir konkrete råd om mengd, om det er i kostråda eller ein annan stad, seier han.

Vurderer rettleiar

Giæver i Helsedirektoratet opplyser at regjeringa har gjeve dei i oppdrag å greie ut spørsmålet om det er fagleg grunnlag for å innføre ein generell rettleiar om alkoholbruk, eventuelt med tilrådde øvre grenser for alkoholinntak i Noreg.

– Dette arbeidet held direktoratet på med, og vi vil levere eit førebels svar til departementet i løpet av hausten. Vi er godt kjende med Canada sitt «Drinking less is better», men kan ikkje seie no kva vi vil lande på i Noreg, skriv han i e-post til Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

TeaterMeldingar
KristinAalen

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.

Foto: Birte Magnussen

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Ein mangslungen veg

Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.

Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.

Foto: Eva Furseth

Meldingar
Eva Furseth

Retrobølgje på Haustutstillinga

Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn

Ei skrantande folkehelse

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis