JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Vi blir så få her i landet

Fertiliteten i Noreg har gått nedover år for år sidan 2009 utan at nokon har klart å gje eit fullgodt svar på kvifor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det samla fertilitetstalet i Noreg er i dag på 1,4, som er det lågaste nokon gong, og under snittet i OECD.

Foto: Shutterstock / NTB

8943
20240823
8943
20240823

Reproduksjon

eva@dagogtid.no

Det samla fertilitetstalet for eit gjeve år er eit augneblikksmål på kor mange barn kvinner i befolkninga i snitt vil få dersom fertilitetsmønsteret same år skulle vare ved. I Noreg har dette talet gått ned år for år dei siste 15 åra, frå 1,98 barn per kvinne i 2009 til 1,40 barn per kvinne i fjor. Einaste unntaket var året etter koronapandemien, då talet gjorde eit lite hopp, for så å rase ned att til under nivået frå før pandemien.

I Perspektivmeldinga 2024, der regjeringa drøftar hovudutfordringar for norsk økonomi fram mot 2060, vert det likevel lagt til grunn at fertilitetstalet kjem til å auke framover, fyrst til 1,5 barn per kvinne i 2025, og så etter kvart stabilisere seg på rundt 1,7.

No er framskrivingar aldri heilt sikre, og det samla fertilitetstalet har historisk variert ein del frå år til år. Tala over var òg utdaterte alt då perspektivmeldinga vart lagd fram for to veker sidan. Dei er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) si befolkningsframskriving frå 2022, medan same byrå i juni i år la fram ei ny framskriving der samla fertilitetstal på sikt er vurdert til å liggje på 1,66, ikkje 1,7.

Det som derimot er sikkert, er at framtida ikkje er særleg folkerik. Sjølv eit samla fertilitetstal på 1,7 ligg nemleg under nivået fertiliteten må liggje på for at folketalet på sikt skal halde seg, om vi ser vekk frå innvandring. At regjeringa uroar seg over tala, er også klart.

Same dag som perspektivmeldinga vart lagd fram, vart det oppnemnt eit utval som skal prøve å finne årsakene til at det vert fødd færre barn i Noreg enn tidlegare, skissere konsekvensane av nedgangen og kome med råd og moglege tiltak for å snu utviklinga.

Lågaste nokon gong

Eit samla fertilitetstal på 1,4 er det lågaste i Noreg nokon gong. Samstundes er det ikkje eineståande, for ei rekkje andre land har òg opplevd stor nedgang i fertiliteten. Dei nordiske landa som har vore haldne fram som døme på at det går an å kombinere høg arbeidsdeltaking blant kvinner og høge fødselstal, berre dei familiepolitiske ordningane er gode, har i dag alle eit samla fertilitetstal på under 1,6 barn per kvinne.

Men fallet har vore brattast i Noreg, som tidleg på 2000-talet låg øvst blant dei nordiske nabolanda, men no har hamna under både Danmark og Sverige, ja, endåtil under snittet i OECD.

Nedgangen kjem fyrst og fremst av at snittalderen for fyrstegongsfødande kvinner har auka år for år, frå 28,1 år i 2010 til 30,3 år i dag. Samstundes har talet på kvinner som får tre eller fleire barn, også gått ned, og talet på barnlause har auka. Kvifor det er slik, er det ingen som så langt har klart å gje eit fullgodt svar på.

Mellom anna vert det synt til at kvinner som tek høgare utdanning, generelt sett ventar lenger med å få barn, men det forklarar ikkje kvifor snittalderen for fyrstegongsfødande også har auka blant dei som ikkje tek høgare utdanning. Og det forklarar heller ikkje kvifor nedgangen i samla fertilitetstal i Noreg starta nett i 2010. Ein kan tenkje seg at meir heiltidsarbeid blant kvinner kan bidra til lågare barnetal, men nedgangen frå 2010 har ifølgje SSB-forskarar skjedd også blant dei som jobbar deltid.

Moglege årsaker

Det finst fleire studiar som har sett på moglege årsaker til nedgangen. Forskarar frå Statistisk sentralbyrå fann i 2017 at det brå fallet kunne ha samanheng med aukande generell økonomisk uvisse i tida etter finanskrisa. Uvissa gjorde at det å vere i arbeid vart viktigare enn før for dei som planla å få fyrste barn, og at det vart mindre aktuelt for tobarnsforeldre å få det tredje barnet.

Ei spørjeundersøking forskarar frå Institutt for samfunnsforsking gjorde blant 7686 personar i alderen 24–46 år i 2020, synte at fleire kvinner som ikkje hadde barn, meinte at det å få barn kom til å ha negativ innverknad på karrieren eller auke sannsynet for å arbeide deltid. Men undersøkinga slo òg fast at mange kvinner venta at det å få barn ville auke livskvaliteten deira.

Forskarar frå Folkehelseinstituttet har dessutan peika på at endringar i folks familieverdiar generelt, større toleranse når det gjeld kva partnar dei vel, og om dei dannar familie eller ikkje, også kan ha medverka til fertilitetsfallet.

Ein analyse av forsking internasjonalt, gjennomført av forskarar frå SSB og Folkehelseinstituttet i 2020, har elles synt at politiske tiltak som auka tilgang til barnehagar og redusert barnehagepris truleg bidreg positivt til barnetalet. Samstundes har det ikkje vore endringar i slike velferdsordningar som kan forklare fertilitetsfallet i Noreg det siste tiåret, ifølgje studien.

– Kan vere skremde

Janna Bergsvik ved SSB er ein av forskarane bak den sistnemnde studien, og ho seier det går an å spekulere i fleire moglege forklaringar på fertilitetsfallet enn dei som er skildra over. Ho nemner sjølv følgjande:

Nedgangen kan vere ein reaksjon nett på at det ikkje har skjedd store reformer i dei familiepolitiske ordningane i Noreg på lang tid.

Generasjonen som no er i alderen der dei vurderer å få barn, kan ha sett mødrene sine både jobbe fullt og ha barn, og ha vorte «litt skremde» av ein kvardag som berre akkurat går opp.

Idealet om at alle skal vere i jobb og også ha ein jobb som kjennest sjølvutviklande, kan vere vanskeleg å kombinere med det å ha mange barn.

Det vert stadig fleire som ikkje lever i parforhold og såleis kanskje ikkje har dei rammene dei ønskjer seg for å få barn.

– Eg trur såleis ikkje det finst ei enkel forklaring på den trenden vi no ser. Svaret er samansett, seier ho.

Bergsvik legg til at det står att å sjå om nedgangen i barnefødslar i realiteten vert så ille som det samla fertilitetstalet, som altså er eit augneblikksbilete, indikerer nett no. Kvinner som i dag er rundt 30 år og har utsett det å få barn endå litt lenger enn tidlegare årskull, trekkjer ned det samla fertilitetstalet, men kan framleis nå å få like mange barn som tidlegare kull innan dei er 45, om dei får barna tettare i tid.

Men det er vanskelegare å få barn etter kvart som alderen aukar. Forskarar ved Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo seier det slik i ein kronikk i Aftenposten: «En utsettelse av forsøket, for eksempel frå 28 til 35 års alder, vil ofte føre til mer enn syv års utsettelse av den første fødselen, fordi den biologiske evnen til å få barn reduseres ganske mye med alder. En del kan også oppleve at de ikke får barn i det hele tatt – kanskje selv etter forsøk på assistert befruktning.»

Dei same forskarane skriv dessutan at den biologiske evna til å få barn ved ein gjeven alder kan ha gått litt ned i befolkninga over tid – både blant kvinner og blant menn.

– Rom for politikk

Utvalet regjeringa har sett ned, skal ikkje forske, men «byggje vidare på eksisterande relevant internasjonal og nasjonal kunnskap og eventuelt identifisere behovet for ny kunnskap», står det i mandatet. Men når forskinga så langt ikkje har gjeve klare svar på kvifor det vert fødd færre barn enn før, kjem eit offentleg utval då til å klare det?

– Eg trur ikkje vi kan vente oss å finne eitt enkelt svar, men eg håpar og trur vi kjem nærare ei forståing ved å setje oss ned og tenkje breitt og langsiktig. Den store fordelen med eit utval er at vi får høve til å jobbe heilskapleg og sjå på dei store linene.

Det seier utvalsleiar Rannveig Kaldager Hart, som også er fyrsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Utvalsmedlem Sara Cools, som er forskar ved Institutt for samfunnsforsking, trur òg ein kan kome langt ved å få oversikt over forskinga som finst og går føre seg, og pusle ho rett saman.

– Noreg er eit bra land å drive ei slik utgreiing i. Både på grunn av familiepolitikken vår og fordi vi har SSB, som har svært god oversikt over folks liv. Så eg trur vi kjem nærare eit svar. Kan hende vert det også høve til å teste ut noko politisk, seier ho.

– Går det an å snu slike trendar politisk?

– Det finst undersøkingar som syner at norske menn og kvinner ønskjer fleire barn enn det dei i dag får i snitt, og at dei ønskjer barn tidlegare enn det som er tilfellet i dag. Då høyrest det ut som det er rom for politikk, slik eg vurderer det. Men det kan godt hende at det handlar om andre ting enn lengda på foreldrepermisjonen, seier Cools.

– Regjeringa legg i perspektivmeldinga til grunn at det samla fertilitetstalet i Noreg skal auke. Samstundes seier dei at vi framover må ha fleire i jobb, og at fleire som i dag jobbar deltid, framover må jobbe fulltid. Går dette saman, eller må ein prioritere?

– Eg trur ikkje det er eintydig frå forskinga at det ikkje går an, så det kjem nok an på korleis vi utformar fulltidsjobbane. Det å stå heilt utanfor arbeidslivet er jo i dag også nærare knytt til barnløyse eller det å ha færre barn, enn å vere innanfor arbeidslivet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

TeaterMeldingar
KristinAalen

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.

Foto: Birte Magnussen

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Ein mangslungen veg

Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.

Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.

Foto: Eva Furseth

Meldingar
Eva Furseth

Retrobølgje på Haustutstillinga

Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn

Ei skrantande folkehelse

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis