Historia bak ei IS-kvinne

– Eg har sett brutaliteten til IS og ville vite kvifor, seier Kristin Solberg. Ho har skrive bok om Aisha Shezadi Kausar som slutta seg til Den islamske staten.

Kristin Solberg har hatt samtalar med Aisha Shezadi Kausar over tre år og vitja henne i leiren ho sit i i Syria fleire gonger.
Kristin Solberg har hatt samtalar med Aisha Shezadi Kausar over tre år og vitja henne i leiren ho sit i i Syria fleire gonger.

I august 2014 reiste norskpakistanske Aisha Shezadi Kausar inn i Den islamske staten, IS, i Syria. Ho var 22 år og hadde med seg sonen ho eitt år tidlegare hadde fått etter eit kort ekteskap med islamisten Arfan Bhatti. Til Syria kom ho som kone nummer to for den norskchilenske IS-krigaren Bastian Vasquez, og ho budde saman med han og den fyrste kona hans, som Kausar kjende frå Noreg.

Nokre månader etter innreisa til Syria mista son hennar livet. Han vart, etter det som er kjent, mishandla til døde av den nye ektemannen. Kausar skilde seg frå Vasquez og gifta seg med ein tunisiar som ho etterkvart òg fekk ein son med.

I 2017 kom ho til ein kurdisk fangeleir nordaust i Syria, og i mai 2018 bad ho norske styresmakter om hjelp til å kome seg tilbake til Noreg saman med sonen.

Delar av historia til Kausar har vorte kjende gjennom media, frå Åsne Seierstads bok om to norsksomaliske systrer som drog til Syria i 2013, og frå rettssaka mot den fyrste IS-kvinna som returnerte til Noreg frå IS i fjor.

I boka Den andre, som kjem ut i dag, fortel forfattar og journalist Kristin Solberg heile historia til Kausar, frå barndom til notid.

Solberg, som har dekt både veksten og fallet til terrororganisasjonen IS gjennom jobben som journalist i Midtausten, seier boka er eit forsøk på å forstå korleis ein organisasjon med ein slik sjokkerande brutalitet samstundes kunne ha så sterk tiltrekkingskraft på så mange.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement