Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
peranders@dagogtid.no
Året 2023 var vått her i landet. I fjor måtte forsikringsselskapa betale ut over fem milliardar kroner i erstatning for vasskadar på bustader og innbu i Noreg, syner ei oversikt frå Finanswatch. Ekstremvêret «Hans» i august i fjor førte åleine til nesten 9000 forsikringssaker og over to milliardar kroner i utbetalt erstatning, melde NTB. Til saman var det vêr- og naturskadar for 7,4 milliardar på bygningar i Noreg, syner tal frå Finans Norge.
Bransjeorganisasjonen melder òg at ekstreme vêrfenomen kjem tettare enn før. Av dei ti mest kostbare naturhendingane for forsikringsbransjen sidan 1980, har sju skjedd sidan 2010. Og når risikoen stig, stig naturleg nok premien. Sidan 2000 har prisen på husforsikring i Noreg dobla seg, justert for inflasjon, skreiv Dagens Næringsliv i fjor. Det er det fleire grunnar til. Mellom anna har heimane blitt større og meir påkosta. Men utviklinga i vêret er òg med på å dra opp premiane. Og prisauken slår ikkje jamt ut.
Større skilje
Det er normalt at forsikringsselskap set premiar ut frå kor stor risikoen er for skade. Forsikringspremien er til dømes høgare der det er mange innbrot. Kor stor skilnad det er på premie for husforsikring i ulike landsdelar i dag, er ikkje offentleg kjent. Men det kjem til å bli meir differensiering av husforsikringane når klimaendringane får risikoen til å endre seg, varsla informasjonsdirektør Sigurd Ulven i Eika Gruppen til NRK i fjor.
Verre enn som så: På sikt kan meir ekstremvêr føre til at det blir nær umogleg å få husforsikring også i delar av Noreg, slik tilfellet er i California. Det spådde i alle fall Kristin Vetleseter, kommunikasjonssjef i Fremtind, i Dagens Næringsliv i fjor. «Dersom klimautfordringene og ekstremværhendelsene fortsetter i den takten vi ser nå, er det likevel antagelig bare et tidsspørsmål før også Norge havner i en lignende situasjon», sa Vetleseter.
Utjamning
Rett nok har norske forsikringskundar eit betre vern mot ekstremvêr enn folk i andre land har, takk vere den lovfesta naturskadeordninga. Den sikrar at ein liten del av alle avtalar om brannforsikring i alle forsikringsselskap blir sett av for å kunne dekke naturskadar. For tida utgjer dette 0,07 promille av brannforsikringssummen. Slik blir risikoen for ekstremvêr fordelt på svært mange, og effekten er utjamnande: Dei som bur i område som er svært vêrutsette, skal ikkje vere nøydde til å betale noko ekstra for det gjennom forsikringa.
Men naturskadeordninga gjeld ikkje for alle vêrskadar, berre for meir ekstreme hendingar som storm, stormflo, flaum og skred (pluss jordskjelv og vulkanutbrot). Om kjellaren din derimot blir fylt av overvatn etter styrtregn, må du håpe at den ordinære hus- og innbuforsikringa di dekker skadane.
«Naturskadeordningen vi har i Norge, er unik.»
Tom Staavi, Finans Norge
Optimist
Er så naturskadeordninga nok til å verne norske forsikringskundar mot dei uvêra som kjem i framtida? Tom Staavi, informasjonsdirektør i Finans Norge, har tru på det. «Det er ingenting som tyder på at man ikke skal få tegne forsikring mot naturkatastrofer. Norge er ikke sammenlignbart med andre land i så måte. Naturskadeordningen vi har i Norge, er unik», skriv Staavi på e-post.
Når det gjeld skadar frå styrtregn og overvatn, peikar han på at dette råkar nokså tilfeldig, og gjer mest skade der det bur mykje folk. «Det er neppe sannsynlig at selskapene ikke vil selge sine tjenester i markedet der det bor flest mennesker», skriv Staavi. Han legg elles stor vekt på verdien av å førebygge skadar frå ekstremvêr.
– Kristin Vetleseter i Fremtind sa i fjor at det truleg er eit tidsspørsmål før det blir vanskeleg å få husforsikring også i Noreg. Var ho for pessimistisk?
«Ikke nødvendigvis. Men hva som skjer om 10-20-30 år om vi ikke gjør en god nok jobb, overlater jeg til de som sitter nærmest risikovurderingene å uttale seg om», skriv Staavi.
På prøve
Om det stadig blir meir ekstremvêr, kan vi ikkje ta for gjeve at norske forsikringskundar kjem til å vere trygge i framtida, meiner Christian Riis, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi på BI.
– Ein kan sjå for seg at somme område blir så utsette for skadar at det blir vanskeleg å få husforsikring der. Det er nok ikkje sannsynleg. Men det kan tenkast at naturskadeordninga blir sett på prøve. Det kan skje om skadane blir så omfattande at ordninga ikkje lenger er berekraftig. Dette blir i så fall eit politisk spørsmål, sidan ordninga er politisk vedteken, seier Riis.
Han meiner den norske naturskadeordninga er ein god modell for å fordele kostnader også for andre land, i ei tid da naturskadane stadig blir større.
– Så kan det hende at vi får meir differensiering av premiane, også i Noreg. Kanskje bør ein betale meir om ein bygger hus på risikoeksponerte stader. Men vi må ikkje kome i ein situasjon der folk ikkje får teikne husforsikring i det heile, seier Riis.
– Kvifor skal folk midt i ein flat by betala for den aukande risikoen dei som bur i utsette elvedalar representerer?
Aksel Mjøs, leiar for Naturrisikoutvalet
Hardare klima
Også førsteamanusensis Aksel Mjøs trur forsikringspremiane kjem til å bli meir ulike mellom landsdelane i framtida. Han er leiar ved Institutt for finans ved Noregs handelshøgskole, og leidde Naturrisikoutvalet som leverte ein NOU til regjeringa i februar i år. Han trur òg at naturskadeordninga, med sin omfordelande effekt, kjem til å bli utfordra. «Kvifor skal folk midt i ein flat by betala for den aukande risikoen dei som bur i utsette elvedalar representerer?», spør Mjøs på e-post. Han peikar i tillegg på at utjamninga som ligg i naturskadeordninga kan fjerne insentiva til å førebygge skadar, til dømes ved å lage betre hus og unngå å bygge på stader som er utsette for flaum og ras.
Mjøs trur at premiane i delar av Noreg kan bli så høge i framtida at forsikring i praksis blir utilgjengeleg.
«Når klimaendringane gjev brå og uventa skadar, vert skadane mindre føreseielege, og premiane må auka mykje for å fanga opp denne usikkerheita. Dette kan gjera at det ikkje er råd å få premiar som folk aksepterer. Då vert huset uforsikra, med dei konsekvensane det har», skriv Mjøs.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB