Utanriks
I Russland finst det ingen krig
Millionar av russarar støttar Vladimir Putins «spesialoperasjon» i Ukraina. I russisk presse finst det ikkje spor etter krig.
Vladivostok.
Foto: Valeria Fedorenko
Denne veka skreiv eg ein tekst om krigen i Ukraina til redaktøren i Novaja Gazeta. Svaret kom kjapt:
– Dette er ein flott tekst, men eg vil ikkje at nokon skal lese han slik han er no. Dette set både redaksjonen og meg i fare. Dei vil kunne setje meg i fengsel for dette.
Artikkelen vart kraftig redigert og publisert, men fjerna same dag, i lag med alle dei andre tekstane om krigen i Ukraina.
Årsaka er enkel: Den 4. mars 2022 innførte statsdumaen, parlamentet i Russland, militær sensur. Artikkelen min, i si originale form, kan få journalistar dømde til 15 år i fengsel, sidan teksten er likestilt med «spreiing av medviten falsk informasjon om bruken av dei væpna styrkane i Den russiske føderasjonen».
Journalistikkforbod
Lova er i praksis eit forbod mot kvar kritisk vurdering av Russlands handlingar i Ukraina. Det er forbode å kalle Putins «spesielle operasjonen» ein krig. Faktisk er uavhengig journalistikk ulovleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.