Ikkje redd for strid
Å nekte meiningsmotstandarar ei scene tyder på mistillit til medborgarar og eit overdrive syn på eiga dømmekraft, meiner Rune Slagstad.
Professor, forfattar og samfunnsdebattant Rune Slagstad tek sterk avstand frå strategiar som utdefinerer meiningsmotstandarar frå offentlege arenaer.
Foto: Vidar Sandnes
Professor, forfattar og samfunnsdebattant Rune Slagstad tek sterk avstand frå strategiar som utdefinerer meiningsmotstandarar frå offentlege arenaer.
Foto: Vidar Sandnes
Ytringsfridom
christiane@dagogtid.no
Frå slektsgarden ved Gloppefjorden i Nordfjord har professor Rune Slagstad lese Dag og Tid og saka som har utvikla seg til å verte det ein kanskje kan kalle sommarens kulturdebatt.
Rett før ferien tok til for dei fleste av oss, skreiv Dag og Tid at Prosa-redaktør Merete Røsvik lèt vere å trykkje ei bokmelding av Halvor Foslis innvandringskritiske bok Mot nasjonalt sammenbrudd frå Document Forlag. Meldinga var skriven av forfattar og litteraturkritikar Per E. Hem, som hadde fått god tilbakemelding frå Røsvik. Då Røsvik bestemte seg for ikkje å trykkje meldinga likevel, grunngav ho det ved å vise til det politiske innhaldet i boka.
«Det er rett og slett fordi eg har skifta syn på kva det signaliserer at eg gir plass til ei såpass alarmistisk bok som dette, frå Document Forlag som representerer politiske haldningar eg meiner ikkje bør få etablere seg som ’innafor’. Det utløysande for at eg ombestemte meg, var at eg las Bjørn Stærks bok Ytringsfrihet annotert», skreiv ho i eit e-brev til Hem.
I ettertid har ho lagt til at meldinga ikkje var god nok, slik ho såg det.
Saka gav eit lite og sjeldan innblikk i Prosa-redaksjonen og kva vurderingar som vert gjorde før tekstar kjem på trykk. Røsvik har fått støtte i ein leiarartikkel i Vårt Land, men klart mest pepar i spaltene i ei rekkje aviser for måten ho har utøvd redaktørgjerninga på i denne saka.
Då Dag og Tid møter Slagstad, er han tilbake på Frogner i Oslo, der Institutt for samfunnsforskning er plassert, godt førebudd på ein prat om både Prosa-saka og det generelle ytringsklimaet.
Ser til Haakon Lie
– Prosa-saka har aktualisert ein pågåande debatt om ytringsfridom og -klima i Noreg. Korleis ser du på denne saka?
– Det er ikkje ei sak om ytringsfridom i klassisk stat–borgar-forstand, men om ytringskultur i vid forstand, kanskje særleg utdefinering av uønskte synspunkt. Det er ikkje nytt, heller ikkje i Noreg, seier Slagstad.
I 50 år har han teke aktivt del i det norske ordskiftet, som politikar, samfunnsforskar, forfattar, tidsskrift- og forlagsredaktør – kort sagt som ein intellektuell kapasitet.
Og kanskje bør ein ikkje la seg overraske over at forfattaren av storverket De nasjonale strateger finn eksempel bakover i tid for å syne kva han meiner.
Ein verkeleg meister i utdefineringsstrategien var Haakon Lie, den mektige generalsekretæren i Arbeidarpartiet i Gerhardsen-epoken etter 1945, påpeiker han.
– Dei venstresosialistiske opponentane i Arbeidarpartiet vart kalla «giftspreiarar», ein «utvekst» som måtte skjerast bort. «Giftspreiarane» vart ekskluderte, men forsvann ikkje. Dei vart eit parti, Sosialistisk Folkeparti, eit kontinuerleg uroelement til venstre for Arbeidarpartiet. Det var ein høgst mangelfull sans for den opne, demokratiske diskusjonen i det statsberande partiet, seier han og held fram:
– Det var denne forma for antiliberalitet som den reelle leiaren i Arbeidarpartiet i mange år, sjefredaktør i Arbeiderbladet Martin Tranmæl, målbar med karakteristikken av dei borgarlege «giftplantene» i arbeidarrørsla, ein Tranmæl som eg ser at Mímir Kristjánsson i Raudt no forgudar, seier Slagstad med eit lite smil.
Slagstad, som sjølv var nestleiar i SV i slutten av 1970-åra, fullførar resonnementet:
– Det var denne antiliberale utdefineringstradisjonen AKP, forløparen til partiet Raudt, vidareførte i 1970-åra. Den forpesta debattklimaet på venstrefløya i lang tid.
– Høgrepopulistisk
Her var det kanskje enkelte av lesarane som mista Prosa-saka av syne, men slapp av, vi kjem attende til samtida. I motsetnad til Prosa-redaktør Røsvik og redaksjonsrådet i tidsskriftet har Slagstad faktisk lese Halvor Foslis mykje omtalte bok, ein murstein på over 400 sider, som han kallar henne, skriven av ein «høgrepopulistisk intellektuell»
– Det er ikkje så mange av dei her i landet, men om den mislukka utdefineringsstrategien held fram, kan det raskt verte fleire.
Slagstad seier, utan å leggje særleg vekt på det, at han på ingen måte er samd med Fosli i synspunkta hans. Slagstad understrekar i større grad kor mislukka strategien med å stengje meiningsmotstandarar ute er. Slik han ser det, har Prosa bidrege med gratis PR til ei bok som alt har selt om lag 2500 eksemplar.
– Den nye boka til Fosli går utførleg inn på eit høgst kontroversielt emne som krev noko heilt anna enn scenenekt, slik Dagsavisen-kommentator Hege Ulstein tek til orde for, og som Prosa-redaktør Røsvik i forvirrande og forvirra utsegner kan tolkast, etter at ho har lese ei bok om ytringsfridom av ein annan medlem i NFFO (Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening).
– Bør takast seriøst
– Synest du Mot nasjonalt sammenbrudd er ei bok som fortener å verte meld?
– Absolutt. Ho bør takast seriøst og få ei god og kompetent melding. Ho tek opp eit brennbart emne, og her er det ein mann som legg hovudet på blokka. Boka må få eit tilsvar. Ho hadde fortent ein kritisk omtale, også i Prosa. Her er det mykje å ta tak i.
Slagstad har, seier han, følgt Halvor Foslis «ikkje heilt utidstypiske» glideflukt frå venstre til høgre, med ei viss undring. I dag skildrar Slagstad som nemnt Fosli som ein høgrepopulistisk intellektuell, og ikkje nok med det, han synest også det er interessant å plassere Foslis Mot nasjonalt sammenbrudd saman med Kaj Skagens Norge, mitt Norge og Terje Tvedts Det internasjonale gjennombruddet.
– Skagen eller Tvedt har ingenting med det høgrepopulistiske å gjere, presiserer Slagstad og legg til:
– Debatten på dette feltet er så betent at det er naudsynt å understreke det. Det er likevel interessant å samanlikne dei tre bøkene. Dei går alle tre inn i ein særs kontroversiell og påtrengjande tematikk med felles nasjonalkonservativ horisont: den multikulturelle undermineringa av den nasjonale identiteten. Fosli er utvilsamt framand for Skagens metafysiske konservatisme, og han er ikkje som Tvedt ein historisk orientert statsvitskapleg fagperson som har utfordra eit venstreradikalt hegemoni på feltet. Men kvar på sin måte, med høgst forskjellig vokabular, formulerar dei eit forsvar for Noreg som nasjonalstat. At dette vert formulert på intellektuelt nivå frå ein konservativ posisjon, er noko nytt i norsk kontekst, der den intellektuelle konservatismen gjerne har vendt ryggen til det nasjonale.
– Ytringsfridom er éin ting, redaktøransvar noko anna. Alle kjem ikkje til orde heile tida. På den eine sida kan ein redaktør stengje visse grupper ute. På den andre sida kan det å verte avvist av ein redaktør, framstillast som sensur, utan at det nødvendigvis er det. Kvar bør ein redaktør setje grensa for kva meiningar som kan verte publiserte?
– Lova set den ytste grensa. Innanfor den må ein gå ut frå at den som er kompetent til å vere redaktør av tidsskrift og aviser, må løyse det spørsmålet. Det er så mange slags medium, med mange slags roller. Men ein kjem lett ut på eit skråplan om ein i staden for å sjå etter kvalitet og relevans, kikkar seg over skuldra og lèt seg styre av om ein omtale slår dårleg an hos dei ein sjølv er samd med, eller om han kan tolkast som legitimering av synspunkt ein sjølv har liten sans for.
I fjor gav Slagstad ut ei bok om Carl Schmitt. Forfattaren omtalar han som «den leiande teoretikaren i høgreradikalismen gjennom 1900-talet, og, som kronjuristen til Hitler, beviseleg uhyre farleg». Boka vart meld i Prosa, kalla farleg aktuell og ei bok som fortener mange lesarar. Slagstad vil ikkje samanlikne Fosli med Schmitt, men seier dei tenkjer i dei same banane.
– Hos Schmitt finn ein på elevert teoretisk nivå gjennomgangstemaet i høgreradikalismen: politikk som uforsonleg «venn–fiende-strid» og «det homogene demokrati». Krafta i det homogene demokratiet viser seg ved at det evnar å fjerne eller blokkere det framande og det ulike, det som trugar homogeniteten. Schmitt var framfor alt ein ideolog for unntakstilstanden. Og han er altså urovekkjande aktuell for Prosa, seier Slagstad.
– Oppsiktsvekkjande
– Ei lang rekkje forfattarar, skribentar og intellektuelle signerte nyleg eit brev i Harper’s Magazine der dei åtvarar mot ei innskrenking av ytringsfridommen. Mellom dei var Noam Chomsky, Anne Applebaum, Salman Rushdie og J.K. Rowling. Er det grunn til å gjere det same her i landet?
– Nei, ikkje minst når ein ser korleis oppropet vart motteke, seier Slagstad.
Han har merka seg at det som var eit varsku frå intellektuelle, har vorte vendt mot dei i neste runde, som kvite overklasseintellektuelle som forsvarar eigne privilegium.
– Ein går til personåtak i staden for å lytte til argumenta, seier han.
– Noreg er, på veldig mange måtar, heldigvis, noko heilt anna enn USA. Men høgrefløya og venstrefløya har gjennom etterkrigstida vekselvis kappast om å etterlikne USA. Den store koalisjonen av Høgre og Ap sørgde for gradvis å avhende det eigenarta ved det norske samfunnet, ved servilt å underkaste seg USA militært og økonomisk, og no er det meir eller mindre venstreradikale som ivrar etter å importere antiliberale ordningar ved høgskular og universitet, og ikkje berre der.
Slagstad har merka seg striden om ved Kunsthøgskolen i Oslo. Fem studentar skreiv i Morgenbladet førre fredag at identitetspolitiske straumdrag trugar den akademiske fridommen på skulen.
– Kvifor i all verda skal vi importere dei dummaste fenomena i amerikansk kultur og samfunnsliv når det er så mykje bra, uimportert, å ta av, seier Slagstad og viser til amerikansk journalistikk og universitet med svært høg kvalitet.
Inga tru på scenenekt
– I USA har ei rekkje omgrep, som «no platforming», vorte introduserte for å skildre ein tankegang om at kontroversielle meiningar ikkje skal verte ytra frå ein talarstol. Kor greitt er det å overføre debatten og situasjonen i USA til det norske samfunnet?
– Han kan aldri overførast direkte. Vi er to samfunn med svært ulik historie, institusjonelle ordningar og utvikling. Vi har enkelte fellestrekk, både fleire og færre enn dei som ofte vert trekte fram, men sjeldan nok til at samanlikningar har mykje for seg.
Delar av scenenektdebattane i Noreg ber preg av ukritisk import av tendensar frå USA, meiner Slagstad.
– Marginalar som Sian (Stopp islamiseringen av Norge), hjelpelaust drivne av frykt, skal ikkje få ytre seg på offentlege bibliotek fordi andre brukarar kan verte redde. Mediedagane i Bergen vert plutseleg noko som også andre enn endene i mediedammen kaklar om fordi det er så krise at Steve Bannon, tidlegare rådgjevar for den amerikanske presidenten Donald Trump, får ein talarstol ingen andre enn nokre få mediefolk står under uansett – og kor nærliggande er det at dei vert frelste av bodskapen hans?
Slagstad avviser kategorisk scenenekt som strategi.
– Scenenektkrav ber bod om ein grunnleggjande mistillit til medborgarane, og ei hybrisprega oppfatning av eiga dømmekraft: Eg, scenenektaren, gjennomskodar kor farleg og potensielt tankekorrumperande bodskapen frå talaren er. Eg er likevel sterkt i tvil om mange av medborgarane mine gjer det. Derfor bør dei ikkje verte utsette for det farlege tankegodset, det må ikkje få ein scene. Kvifor skal vi ha demokrati om vi tenkjer på den måten?
Har fått reaksjonar
Mykje har skjedd i norsk ålmente sidan 1970-åra, då utdefineringsstrategiar «forpesta debattklimaet» på venstresida, slik Slagstad formulerte det.
– Korleis vil du seie at meiningsklimaet i Noreg har utvikla seg fram til i dag? Har utdefineringsstrategiane, som du kallar dei, vorte brukte heile tida, eller har bruken av dei kome og gått i bølgjer?
– Meiningsklimaet er eit heilt anna enn det var i lange periodar i etterkrigstida. Arbeiderbladet vart i mange år med rette kalla «Lille-Pravda». Og kven skulle trudd at den ganske døve tanta i Akersgata, altså Aftenposten, skulle verte den fremste debattarenaen i landet?
Slagstad fekk sjølv kjenne eit surt ytringsklima då han tidleg i 1980-åra tok initiativ til Nytt Norsk Tidsskrift, etter å ha gått av som SV-nestleiar.
– Då eg inviterte Francis Sejersted, den konservative Høgre-historikaren, som medredaktør, fikk eg høyre frå enkelte venstresosialistiske vener at eg var komen på eit borgarleg skråplan: «klassesamarbeid», rett nok på ganske høgt nivå, seier han.
– Eg vil hevde at det lenge har vore for lite open intellektuell strid. Slik er det ikkje lenger. Men sjølv i så opne landskap som den nye sosialmediale ålmenta mogleggjer, er det stadig preg av delålmenter. Og der er dei stadig lite villige til å gå i open strid med kvarandre. Det er skyttargraver, flirande latterleggjeringar og stammetrådar. Og ein kan stadig registrere ein tendens til ein smule konspirasjonstenking både her og der.
– Har du sjølv nokon gong kvidd deg for å ta del i ein debatt i frykt for reaksjonane som kan følgje?
– Nei, og eg har samla dei i tre store bind, seier Slagstad.
Ein del av lesarane vil hugse at De nasjonale strateger vart etterfølgd av boka Kunnskapsregimer. Debatten om De nasjonale strateger, redigert av Erik Rudeng.
– Er ein eit politisk menneske, må ein akseptere reaksjonar. Men ein skal slå ned på det når folk er ufine, sjølvsagt.
– Det har vore mykje snakk om at ytringar kan krenkje personar. Er krenking relevant i debatten om ytringar?
– Ja, men eg er skeptisk til at ei subjektiv oppleving av krenking skal vere styrande for det offentlege ordskiftet. Då vil dei samvitsfulle og nyanserte røystene trekkje seg attende, medan dritsekkene vil halde fram med å krenkje uansett.
– Den nye boka til Fosli går utførleg inn på eit høgst kontroversielt emne som krev noko heilt anna enn scenenekt.
Rune Slagstad, professor
Bakgrunn
Prosa-saka
I 2019 kom boka Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid av Halvor Fosli (Document Forlag).
Tidsskriftet Prosa trekte ei planlagd melding av boka.
Snuoperasjonen vart først grunngjeven med det politiske innhaldet i boka, seinare også med kvaliteten på meldinga.
Dag og Tid skreiv om saka
3. juli og 10. juli. Saka har ført til debatt i fleire publikasjonar i sommar.