Ingen kjenner konsekvensane
Verken departement, Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Miljødirektoratet kan gje ei vurdering av dei samla konsekvensane for natur og biologisk mangfald av den norske vindkraftsatsinga.
Vindmøller i Eigersund kommune i Rogaland.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Når Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamar konsesjonssøknader for vindkraft, skal alle prosjekta vurderast opp mot naturmangfaldlova, slik at omsynet til naturmangfaldet vert tilstrekkeleg sikra. Dette inkluderer å sjå på kva verknader vindkraftverka har for til dømes hubro, og samla verknader for naturmangfaldet. Vedtak som påverkar utvalde naturtypar, som kystlynghei, prioriterte artar eller rovdyr, skal leggjast inn i det offentlege miljøvedtaksregisteret, for at miljøstyresmaktene skal kunne følgje med på utviklinga.
Ut frå dette skulle ein tru det fanst oversikt over kor store areal av til dømes kystlynghei og myr som kjem til å verte råka gjennom vindkraftkonsesjonane som er gjevne så langt, og at det var gjort vurderingar av dei samla konsekvensane for biologisk mangfald generelt eller hubro spesielt. Men slik er det ikkje.
Finst ikkje oversikt
Dag og Tid ringde fyrst Olje- og energidepartementet (OED) for å prøve å få svar på desse spørsmåla, men der vart vi synte vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som igjen synte oss vidare til NVE.
Frå presseavdelinga i NVE vart vi så fyrst bedne om å ta kontakt med Miljødirektoratet òg, men to dagar seinare kom dette svaret frå Arne Olsen, seksjonssjef for vindkraft i NVE:
– Det er miljøstyresmaktene, med Miljødirektoratet i spissen, som har ansvar for miljøovervaking og kartlegging av natur, mellom anna utvalde naturtypar som kystlynghei. Når det gjeld korleis konkrete utbyggingar nær både vass- og vindkraft råkar mellom anna utvalde naturtypar, held NVE seg fyrst og fremst til innspel vi får frå miljøstyresmaktene – Miljødirektoratet og fylkesmannen – gjennom minst tre høyringsrundar. Per i dag er det ikkje ei detaljert oversikt over myr- og kystlynghei som vert råka av vindkraftverk, men NVE må vurdere alle prosjekt etter naturmangfaldlova, skriv Olsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.