Helse
Ingen mirakelkur for langtidssjuke
Pasientgruppa med langvarig nedsett lukte- og smakssans veks i takt med smittetala for korona. Informasjonen om korleis dei kan hjelpe seg sjølv, er mangelfull.
Tone Leksbø Walgermo trenar kvar dag opp luktesansen ved å lukte på fire ulike luktoljar. Det er ei enkel behandling som kan hjelpe ei veksande gruppe pasientar.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Den 25. august mista Tone Leksbø Walgermo all evne til å lukte. Ho hugsar datoen, og ho hugsar tidspunktet – for tapet kom akutt. Mannen hennar kom heim frå reise den dagen, og med seg hadde han ein presang, ei eske med velduftande krem, sjampo og balsam. Walgermo opna pakka, ville dra dufta inn gjennom naseborene og kjende… absolutt ingenting.
– Eg gjekk rett bort til kaffiboksen for å sjekke om eg kunne lukte kaffien, memorerer Walgermo.
Kva ho kjende? Ingenting.
På dette tidspunktet var tap av luktesans for lengst eit veletablert symptom på koronasmitte, og det neste naturlege steget for Walgermo var å ta ein hurtigtest. Streken som avteikna seg på testkassetten, gav liten tvil. Ho hadde vorte ein del av statistikken over nordmenn som mista luktesansen som følgje av covid-19-sjukdom.
Trenar sjølv
Etter kvart hamna Walgermo også i gruppa med seinverknader etter covid-19-sjukdom med mildt forløp. I dag, over fire månader etter at ho vart smitta av korona, har ho noko av luktesansen tilbake, men framleis lita evne til å lukte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.