– Tingretten set seg i redaktørstolen
Anki Gerhardsen har lang fartstid i mediebransjen. Ho er uroa for pressefridomen under dekninga av Breiviks søksmål mot staten.
Anders Behring Breivik forklarer seg for dommar Birgitte Kolrud i gymsalen i Ringerike fengsel tysdag 9. januar.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Samtalen
Anki
Gerhardsen
redaktør for debattarenaen Lytring ved Nord universitet og Nordlandsforskning
Aktuelt
Kritiserer mediedekninga av Breivik-rettssaka

pernille.grondal@gmail.com
Terroristen Anders Behring Breivik har saksøkt staten for det han meiner er umenneskelege soningstilhøve. Rettssaka tok til i Oslo tingrett måndag 8. januar og vart halden i Ringerike fengsel. Som sist gong Breivik saksøkte staten, debatterer norske media no si eiga rolle i dekninga av søksmålet. Somme meiner media gjer seg til nyttige idiotar for terroristen ved å gje rettssaka merksemd.
Anki Gerhardsen, redaktør for debattarenaen Lytring ved Nord universitet, meiner derimot at pressedekninga speler ei avgjerande rolle i å verne om rettstryggleiken.
– I ein kronikk i Aftenposten måndag denne veka skriv du at søksmålet frå Breivik er ei prøve for rettsstaten, og at pressa har ei klar oppgåve med å overvake rettssaka. Er det ikkje domstolane si oppgåve å syte for at Breivik får ei prøving som er den norske rettsstaten verdig?
– Rettsvesenet skal gjere oppgåva si, nemleg å dømme etter dei rettsreglane Stortinget har laga. I eit sunt og velfungerande demokrati skal den frie pressa overvake rettsprosessane med eit kritisk og årvake blikk. Dette er nedfelt i Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. I dette tilfellet meiner eg at handlingsrommet til vaktbikkja er innskrenka av retten på ein måte som er prinsipielt galen. Det vert bakvendt når pressa skal stå med lua i handa og spørje om ho fritt kan dekke prosessen Breivik no fører mot staten. Det er eit inngrep i den redaksjonelle fridomen.
– No snakkar du altså om det at tingretten ikkje tillèt filming av Breiviks partsforklaring. Retten er uroa for at filminga skal inspirere Breivik til å spreie høgreekstrem ideologi. Er det ikkje eit sunt teikn at retten vil minimere den risikoen?
– Det er av stor offentleg interesse at rettsprosessar er så opne som mogleg. Det gjeld kanskje særleg i denne saka, det som er den verste hendinga sidan krigen. Pressa må dokumentere rettsprosessen for at vi om 20, 30, 50 år skal kunne sjå om handteringa av tilfellet Breivik stod seg. Det er ein sentral del av å dokumentere historia til rettsstaten vår. Eg er ikkje einig i vektinga av omsyna.
– Og kva med omsynet til dei pårørande?
– Når det gjeld omsynet til dei pårørande, er eg ikkje kjenslelaus for det, tvert imot. Likevel er eg reddare for mistru til systemet, konspirasjonsteoriar og påstandar om at ting ikkje gjekk rett føre seg i sakene knytte til Breivik, enn eg er for belastninga dekninga medfører.
– Det må du utdjupe. Meiner du at pressefridomen skal gå føre alt anna?
– Det eg meiner, er at retten skal vere særs tilbakehalden med å avgjere kva media skal og ikkje skal publisere. Ved å gjere det set retten seg i redaktørstolen, meiner eg. Ideologien til Breivik har alt vorte kringkasta i det vide og det breie, og difor meiner eg at dette omsynet har mindre vekt. Poenget er at pressa skal få høve til å justere sjølv. Eg har tillit til at norske medium kjenner si besøkstid og ikkje er med på spreie propaganda unødig. I tillegg er det jo ansvaret til retten at Breivik held seg til saka. Altså har retten høve til å styre dette på andre måtar enn ved å innskrenke pressefridomen.
– Men pressa kan jo framleis referere frå retten. Er det så viktig at pressa får høve til å filme?
– Kvifor skal ikkje ålmenta få sjå han, sjå kroppsspråket til Breivik, korleis han pratar? Det syner noko meir enn eit referat kan. I tillegg har retten avgjort at pressa er avskoren frå synfaringa av soningslokala. Korleis skal samfunnet gjere seg opp ei meining om Breivik faktisk er utsett for eit menneskerettsbrot, viss pressa ikkje får lov til å formidle?
– Retten avgrensar synfaringa av tryggleiksomsyn. Kvifor reagerer du på dette, det må vel vere eit legitimt omsyn?
– Denne saka handlar om soningsforholda til Breivik, om dei er umenneskelege eller ikkje. Då er det openbert i interessa til samfunnet at pressa får undersøke spørsmålet så grundig og så fritt som mogleg. Retten kunne løyst dette ved å sleppe til eit lite utval pressefolk. Så kunne dei delt bilete og informasjon med resten av Medie-Noreg.
– Resonnementet ditt i kronikken er at retten lèt seg påverke av brev frå AUF og Støttegruppa 22. juli. Kvifor er det eit problem?
– Eg er redd for at retten i for stor grad lèt seg prege av augneblinken vi til kvar tid lever i. Sjølv om eg har all mogleg respekt og forståing for at dette er smertefullt for dei pårørande og etterlatne, synest eg at mangelfull dekning har større skadepotensial enn å dekke alt. Det er pressa si oppgåve å passe på at vi ikkje lèt kjenslene styre. Det er nettopp i slike dilemma at prinsippa vi set så høgt, vert sette på prøve.
– Ved førre søksmål skreiv mellom anna Vårt Land at film og bilete av nazihelsinga til Breivik i rettssalen var alt anna enn varsam mediedekning. Korleis meiner du at ei balansert mediedekning skal vere?
– Det er vanskeleg å gi noka oppskrift. Det redaksjonelle ansvaret krev at mediehusa vurderer slikt fortløpande. Poenget mitt er at vi må skilje klart mellom det private, det som er smertefullt – for samfunnet, for dei overlevande – og det offentlege, det vil seie samfunnsoppdraget til pressa. Reint konkret meiner eg absolutt ikkje at media skal overføre video i sanntid frå til dømes Breiviks frie forklaring. Det må sendast forseinka, slik at det er mogleg å utøve redaktøransvaret. Når mediehusa får avgjere sjølve, skapar det mediemangfald. Det er berre slik publikum kan gjere seg opp si eiga meining om rettsprosessen og mediedekninga, om dekninga er for omfattande, om ho er for snever, for einsidig, og så bortetter.
– Du skriv i kronikken din at «store deler av det norske samfunnet» synest meir opptekne av å hindre Breivik i ideologisk prat enn det å verne om rettstryggleiken. Kven siktar du til?
– Dette seier eg etter at eg har lese kommentarfelt, lesarinnlegg og kronikkar om temaet. Der synest eg at eg ser ei stor semje i folket om at vi skal handsame Breivik-sakene på ein annan måte enn andre. For å seie det retorisk: Synest vi at alle menneske som har gjort forferdelege ting, skal sitte og rotne? Eg synest eg ser ein tendens til at omsorga for den kriminelle, «den vondskapsfulle», er annleis no enn då eg var yngre. Då minnest eg at rettssosiologien var meir oppteken av rehabilitering, av grunnane til at folk gjorde kriminelle handlingar. No er det heller offeret som står i sentrum, og minstestraffa har vorte strengare på fleire område, til dømes for valdtekt.
– Det er vel heller det at folk ikkje ønskjer å gje Breivik meir merksemd enn han alt har fått? Og er det ikkje rett at offeret får ei styrkt stilling, det er jo hen som vert skadelidande?
– Til den siste påstanden din: Strengare straffer hadde vore eit gode viss vi faktisk hadde belegg for at det førte til betre rehabilitering og mindre kriminalitet. Men det har vi jo ikkje. Poenget mitt er sjølvsagt ikkje at Breivik skal ut i samfunnet, eller skal få spreie propaganda. Problemet, slik eg ser det, er at debatten om dekninga avslører at vi ikkje bryr oss om dei rettsstatsprinsippa vi liksom held så høgt. Nettopp fordi saka reiser så viktige spørsmål, er det maktpåliggande at media får tilgang til å dekke heile prosessen etter eigne vurderingar. Så får vi heller ta oppvasken i etterkant.
Saka vart oppdatert måndag 15. januar klokka 09.45.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?