Isbjørn eller menneske?Stadig fleire isbjørnar kjem nær busetnadene på Svalbard. Det vil skape problem for norske styresmakter. Kven veg tyngst, isbjørn eller menneske?
Stadig fleire isbjørnar kjem nær busetnadene på Svalbard. Det vil skape problem for norske styresmakter. Kven veg tyngst, isbjørn eller menneske?
Tre bjørnar kjem mot oss. Dei er om lag 50 meter unna. Eg tek tak i dei små barnehendene og går sakte vekk frå dei. Mannen min tek fram signalpistolen, ladar han med raudt og går mot bjørnefamilien. Heldigvis lèt dei seg skremme lett denne gongen. Me er i isbjørnens rike, me må vike, det ligg i ryggmergen. Men møte mellom bjørn og menneske er eit stadig vanlegare scenario ved busetnadene på Svalbard. Framover vil det skape trøbbel. Kven skal styresmaktene ta mest omsyn til, menneska eller isbjørnane?
Tilbake etter jakta
Etter eit hundreår med jakt var isbjørnane så godt som skotne bort frå Vest-Spitsbergen og busetnadene her då fredinga vart vedteken i 1973. Å møte isbjørn i Isfjorden, i nærleiken av Longyearbyen, var særs sjeldan. Sidan då har heldigvis talet på bjørnar stige. Barentshavspopulasjonen har teke seg opp, men nøyaktig kor mange bjørnar det er her, kan ikkje forskarane seie. Talet Norsk Polarinstitutt gir, er mellom 1900 og 3600. Forsking viser at ei binne oftast nyttar dei same områda som mor si. Det kan ta generasjonar frå bjørn er fjerna frå eit område, til dei vender tilbake. No, fire isbjørngenerasjonar etter fredinga, tek bjørnane Vest-Spitsbergen tilbake.
Jakta er over, men det arktiske rovdyret har fått nye utfordringar, nemleg klimaendringane. Det hastar med å stoppa oppvarminga av kloden, viser rapporten som FNs klimapanel kom med i førre veke. Elles vil isen bokstaveleg talt smelte under potane på bamsane. I den norske handlingsplanen for isbjørn, frå 2013, står det at isbjørnen er det fremste klimaikonet vårt og truleg den dyrearten i verda som har størst potensial for a° synleggjera alvoret i klimaendringane.
Samstundes er det ønskt norsk politikk at det skal vere norsk familiebusetnad i Longyearbyen og eit forskarsamfunn i Ny-Ålesund. Turisme er ei av næringane det skal satsast på, og fleire skal ut på tur i Isfjorden og nærområda til Longyearbyen. Det fører til fleire møte mellom menneske og bjørn, som kan vera livsfarlege for begge, utan at det verkar som styresmaktene har ein strategi for å løyse dette. I den same handlingsplanen blir det berre vist til ein database for møte mellom isbjørn og menneske. Den blir laga for å få oversikt over kva som skaper farlege situasjonar, og kan nyttast som grunnlag for retningslinjer. No er det på høg tid å få slike på plass.
Aldri vore fleire
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.