Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Ved Universitetet i Bergen har universitetsstyret gjort vedtak om «ikke å begrense de akademiske fagmiljøenes muligheter til akademisk arbeid», medan både Fakultet for kunst, musikk og design og Det juridiske fakultetet har vedteke å seie opp sine studentutvekslingsavtalar med israelske universitet.
Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix
Akademia
eva@dagogtid.no
Skal norske utdanningsinstitusjonar halde fram samarbeid med utdanningsinstitusjonar i Israel medan landet bombar Gazastripa i bitar? Det spørsmålet har skapt debatt landet rundt dei siste månadene.
Tysdag denne veka vedtok styret ved Universitetet i Oslo med knapt fleirtal at akademisk boikott av Israel ikkje var føremålstenleg. OsloMet, Universitetet i Sørøst-Norge, Universitetet i Stavanger, Nord universitet og fakultetet for arkitektur og design ved NTNU har kome til ein annan konklusjon og har anten frose eller avslutta utvekslingsavtalar med isralske institusjonar.
Ved Universitetet i Bergen har universitetsstyret gjort vedtak om «ikke å begrense de akademiske fagmiljøenes muligheter til akademisk arbeid», medan både Fakultet for kunst, musikk og design og Det juridiske fakultetet tidlegare i år har gått eigne vegar og vedteke å seie opp sine studentutvekslingsavtalar med israelske universitet. Vedtaket frå Det juridiske fakultetet vart gjort i mars med knappe seks mot fem røyster i fakultetsstyret og er møtt med kritikk i ettertid.
Seks studentar har gått ut mot professor i folkerett, Terje Einarsen, fordi han i eit innspel til fakultetsstyremøtet skreiv at det å ikkje seie opp avtalen ville vere etisk uforsvarleg og pådra risiko for straffbar medverknad til folkemord».
Professor Eirik Holmøyvik, som òg er fast skribent i Dag og Tid, røysta sjølv imot å seie opp utvekslingsavtalen og har sidan fremja forslag om å gjere om på heile vedtaket. Det forslaget vart derimot røysta ned i eit nytt fakultetsstyremøte førre veke med sju mot fire røyster, og no har Holmøyvik difor trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
– Eg er usamd både i vedtaket om oppseiing og i måten det vart gjort på, men eg møtte ingen kompromissvilje hjå fleirtalet i styret. Då er det vanskeleg å sitje og ha ein samlande funksjon som leiar av ei forskargruppe på same fakultetet etterpå, seier Holmøyvik til Dag og Tid.
Prinsipiell vurdering?
Det er ein studentutvekslingsavtale med universitetet i Tel Aviv Det juridiske fakultetet i Bergen no har sagt opp. Avtalen vart inngått i 2013 og har ikkje medført studentutveksling frå Israel til Noreg. Ni studentar ved Universitetet i Bergen (UiB) har derimot vore på utveksling i Tel Aviv gjennom avtalen fram til Utanriksdepartementet 7. oktober i fjor frårådde alle ikkje strengt naudsynte reiser til Israel.
Styremedlemmene som tok til orde for å formelt avslutte den konkrete studentutvekslingsavtalen, grunngav forslaget med at universitetet i Tel Aviv «har en rolle i å støtte oppunder Israels krigføring og mulige folkemord», og at Det juridiske fakultetet difor ikkje kunne stå inne for avtalen med universitetet.
Slik Holmøyvik ser det, var vedtaket derimot gjort både utan ei prinsipiell vurdering i forkant og utan å vere tilstrekkeleg greidd ut for.
– Eg meiner det er feil å leggje ansvaret for krigsbrotsverk på dette universitetet.
Eirik Holmøyvik
I framlegget til omgjering av vedtaket skreiv Holmøyvik at saka reiser eit viktig prinsippspørsmål utan presedens, og har verknader ut over utvekslingsavtalen med universitetet i Tel Aviv: «Dersom fakultetet fyrst går til det skrittet å seie opp ein utvekslingsavtale knytt til etiske forhold ved staten eller utanfor utvekslingssamarbeidet, så må dei etiske standardane gjelde alle utvekslingsavtalar. Seier vi A, så må vi seie B.»
Dersom vedtaket ikkje vart omgjort, bad han såleis fakultetsstyret i staden seie opp alle utvekslingsavtalar med Russland og Kina, og dessutan be universitetsstyret ved Universitetet i Bergen om å seie opp avtalar med lærestader i andre land som òg bryt menneskerettane.
Om ikkje, argumenterte han, vil det etterlate eit inntrykk av at fakultetet behandlar israelske samarbeidspartnarar strengare enn til dømes kinesiske samarbeidspartnarar – der dei etiske spørsmåla ifølgje han er vel så store. «Som juridiske fakultet kan vi ikkje drive med forskjellsbehandling eller bruke ulike etiske standardar for ulike samarbeidspartnarar», skreiv han i omgjeringsframlegget.
– Utvekslingsavtalen vi har med Russland, er suspendert etter nasjonalt vedtak frå regjeringa, men han er ikkje formelt sagt opp, og vi har òg fleire avtalar med kinesiske universitet. At Russland driv med folkemord, finst det etter kvart mange truverdige skuldingar om frå fleire domstolar, og Russland har etter kvart òg vorte ein totalitær stat, der fakulteta ikkje er uavhengige lenger. Det same gjeld for Kina, som både er totalitært og driv med massive overgrep og folkemord blant uigurane. Dersom vi har grunnlag for å seie opp avtalen med universitet i Israel, meiner eg difor også vi bør gjere det med avtalane med desse landa, seier Holmøyvik.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Rører ikkje andre avtalar
Det alternative forslaget om å gje oppseiingsvedtaket presedens og seie opp ni utvekslingsavtalar Det juridiske fakultetet har med universitet i Kina og Hong Kong og den eine avtalen fakultetet har med eit universitet i Russland, vart også røysta ned.
Dei som opphavleg fremja forslaget om å seie opp avtalen med universitetet i Tel Aviv, meinte reaksjonane overfor det israelske og det russiske universitetet «med fordel kunne vært like», og formidla at dei «selvsagt ikke (har) noe imot at det utarbeides generelle retningslinjer for oppsigelse av avtaler på etisk grunnlag». At det i dag ikkje finst slike retningsliner ved fakultetet, var, slik dei såg det, ikkje eit argument for ikkje å gjere noko «i en sak som krever at det tas standpunkt nå», skriv dei i sine merknader til omgjeringsvedtaket.
«Vi har fremmet forslag om å avslutte avtalen med Tel Aviv University fordi situasjonen i Gaza er så prekær og etter vårt syn krever umiddelbar handling», understreka dei i merknadene sine.
Holmøyvik meiner ikkje den argumentasjonen held vatn, så lenge dei same styremedlemmene samstundes røysta nei til det konkrete forslaget om å seie opp avtalane med Russland og Kina.
– Ein kan orsake seg med at forslaget om å seie opp dei andre utvekslingsavtalane ikkje var godt nok greidd ut for, men det var heller ikkje forslaget om å seie opp avtalen i Israel, slik eg ser det, seier han.
– Dobbeltmoral
Meir skuffa er Holmøyvik over at fakultetsleiinga, som var samd med han i at styret burde ha kome til ei anna avgjerd i mars, heller ikkje støtta forslaget om ein gjennomgang av utvekslingsavtalar med andre land.
I innstillinga til styremøtet i mars poengterte dekan og fakultetsdirektør at avgjerda ville ha «en prinsipiell side til andre avtaler om studentutveksling og akademisk samarbeid», men i neste runde oppmoda dei styret «innstendig» om å ikkje gje vedtaket verknad for andre avtalar. Dei synte mellom anna til at «(a)vslutning av andre avtaler vil også ha direkte konsekvenser for studenter fordi forslaget gjelder avtaler hvor det i dag er utveksling begge veier».
Holmøyvik meiner argumentasjonen er feig.
– Fakultetsleiinga erkjenner at dei etiske problema også gjeld Kina, men seier rett ut at avtalane med dette landet er for store og viktige til å kunne seiast opp. Det er reinspikka dobbeltmoral.
Han understrekar at han ikkje har problem med fakultetsleiinga, men at det er handteringa av saka han reagerer på.
Skepsis mot omgjering
Grunnen til at fakultetsleiinga heller ikkje støtta hovudforslaget til Holmøyvik om å gjere om oppseiingsvedtaket, er at det ikkje var lagt fram ny informasjon som sette saka i vesentleg anna lys enn ved det fyrste vedtaket. Å etablere ein låg terskel for ny behandling av eit demokratisk fatta vedtak i neste møte vil òg stå fram som lite føreseieleg og mindre tillitvekkjande, skreiv fakultetsleiinga i si innstilling til styremøtet.
Skepsisen mot omgjeringsvedtak skjønar Holmøyvik – på generelt grunnlag – men han seier han meinte denne saka var så spesiell at det burde vore gjort eit unntak. Og her er vi over i synspunktet hans om at vedtaket ikkje var tilstrekkeleg greidd ut for – eit synspunkt han heller ikkje fekk støtte for.
I framlegget til omgjeringsvedtak peika han på at det ikkje er vanleg at fakultetsstyret handsamar viktige prinsipielle saker på eitt og same møte, slik det vart gjort i denne saka: Det burde vore lagt opp til å diskutere saka over tid og hente inn meir informasjon.
Holmøyvik syner til at det i framlegget til vedtaket om å seie opp avtalen med universitetet i Tel Aviv i mars vart argumentert med at universitetet «gir økonomisk støtte til studenter som bidrar til mulige krigsforbrytelser og folkemord», medan det seinare, gjennom saksførebuingane til forslaget om å gjere om vedtaket, kom fram at det å gje økonomisk støtte til studentar som vert skrivne ut til militærteneste, er noko universitetet i Tel Aviv har forklart at dei er pålagde å gjere, ut frå eit nasjonalt vedtak.
– Ikkje nok informasjon
– Ut frå det vi veit i dag, meiner eg det er feil å leggje ansvaret for krigsbrotsverk på dette universitetet. Eg har gjennom styrebehandlinga ikkje fått presentert informasjon som tilseier at universitetet i Tel Aviv støttar krigsbrotsverk på institusjonelt nivå. At dei støttar eigen stat i det dei ser som eit eksistensielt spørsmål, er ikkje overraskande – det er noko vi òg ville gjort. Dessutan veit vi at dette universitetet også har vore ei viktig kritisk røyst overfor den noverande israelske regjeringa, seier han.
– Men er den økonomiske støtta til krigen mindre alvorleg fordi ho følgjer av eit nasjonalt vedtak, meiner du?
– Krigen i seg sjølv er ikkje nødvendigvis ulovleg. Det eg gjerne skulle hatt meir debatt om, er i kva grad stipend og hjelpepakkar til studentar som dreg i krig, er eit israelsk fenomen eller ikkje. Det trur eg ikkje det er. Amerikanske studiestader er til dømes tettare integrerte med forsvaret enn dei israelske ser ut til å vere. Og vi sjølv har jo òg professorar som trør i uniform innimellom. Vi har òg undervisningstilbod kopla mot Forsvaret. Eg er såleis usikker på om vi her krev meir av israelske universitet enn vi sjølv ville kunne leve opp til, om vi kom i ein krigssituasjon, seier Holmøyvik.
– Kva ville då vore ein gyldig grunn for å seie opp ein utvekslingsavtale, slik du ser det?
– Det har eg ikkje sikre svar på, og det er òg litt av problemet her. Vi sit no på fakultetsnivå og vurderer ei sak etter etiske standardar, utan å ha noka felles oppfatning av kva dei etiske standardane skal vere, eller om det er forhold ved staten eller forhold ved det enkelte universitetet og lærestaden som skal vere utslagsgjevande. Eit anna spørsmål er om vi på fakultetsnivå har ressursar til å undersøkje og ta stilling til etiske brot på standardar eller ikkje. Så hovudspørsmålet mitt her er om denne typen avgjerder, om akademisk boikott med politiske konsekvensar, er noko vi skal sitje på fakultetsnivå og avgjere. Kan hende bør slike avgjerder takast på nasjonalt nivå, slik som overfor Russland, eller på universitetsnivå, seier Holmøyvik.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.