Landbruk
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Torsdag føremiddag går ordskiftet om framtida til norsk landbruk i Stortinget. Utanfor demonstrerer hundrevis av sinte bønder, og mykje av sinnet er retta mot Senterpartiet og landbruks- og matministeren. «Pollestad og Senterpartiet, dere har sviktet oss», var tittelen på eit innlegg i Nationen onsdag, signert av 18 fylkesleiarar i Småbrukarlaget.
Det var ikkje slik dette var tenkt. Stortingsmelding 11, Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, skulle vore ein triumf for Senterpartiet. Meldinga har vore presentert som ei gåvepakke til kjerneveljarane. Ho legg opp til at sjølvforsyninga av mat skal auke frå 40 til 50 prosent, og inntektene til norske bønder skal monaleg opp. Opptrappingsplanen er presentert som «ei historisk kursendring». Dette blir kalla det største økonomiske løftet for norske bønder sidan jamstillingsvedtaket frå 1975, da stortinget vedtok at gjennomsnittsinntekta til bøndene skulle opp på same nivå som industriarbeidarane si. Så kor gjekk dette gale?
Kokte over
Denne gongen har regjeringa sagt at inntekta til bøndene skal opp på same nivå som lærarar og sjukepleiarar, og det skal skje innan 2027. Men bøndene og støttespelarane deira – inkludert ein god del folk på Stortinget – var slett ikkje nøgde med meldinga. Regjeringa måtte køyre slalåm i næringskomiteen for å få støtte til meldinga bit for bit. Og da fleirtalet for ein del av meldinga vart sikra ved hjelp av Høgre og Venstre, vart det for mykje for mange bondevener. Fleire lokalpolitikarar har meldt seg ut av Senterpartiet i protest, og det var demonstrasjon utanfor landsstyremøtet til partiet måndag.
Det er usemje om fleire element i stortingsmeldinga, men den største striden handlar om måten inntekta til bøndene skal reknast ut på. Bønder er næringsdrivande, ikkje lønsarbeidarar, og ikkje alle bønder utnyttar inntektshøva sine i gardsdrifta til fulle. Difor nyttar meldinga ei såkalla normering når inntekta skal reknast ut – ei påplussing på 20 prosent av den reelle landbruksinntekta – før ein samanliknar med andre yrke.
Dette provoserer mange bønder. Leiar Tor Jacob Solberg i Norsk bonde- og småbrukarlag, og mange med han, kallar påslaget for «luftpengar». Og det var på dette punktet regjeringa fann saman med Høgre og Venstre i næringskomiteen sist veke. Dermed kokte det over for mange bønder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.