JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjærleik eller overvaking?

Rettssaka mellom staten og sjekkeappen Grindr, rettar søkjelyset mot adtech-bransjen. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein personvernaktivist med Mark Zuckerberg-maske står utanfor EU-kommisjonen i desember 2020. Selskap som Meta, Grindr, Amazon og Google sel personopplysingane våre til digitale marknadsføringsselskap, og tener fett på det.

Ein personvernaktivist med Mark Zuckerberg-maske står utanfor EU-kommisjonen i desember 2020. Selskap som Meta, Grindr, Amazon og Google sel personopplysingane våre til digitale marknadsføringsselskap, og tener fett på det.

Olivier Matthys

Ein personvernaktivist med Mark Zuckerberg-maske står utanfor EU-kommisjonen i desember 2020. Selskap som Meta, Grindr, Amazon og Google sel personopplysingane våre til digitale marknadsføringsselskap, og tener fett på det.

Ein personvernaktivist med Mark Zuckerberg-maske står utanfor EU-kommisjonen i desember 2020. Selskap som Meta, Grindr, Amazon og Google sel personopplysingane våre til digitale marknadsføringsselskap, og tener fett på det.

Olivier Matthys

7172
20240405
7172
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Teknologi

pernille@dagogtid.no

I midten av mars møtte staten Noreg selskapet Grindr Inc. i Oslo tingrett. Korleis hamna dei der, og kvifor skal vi bry oss?   

Grindr er kjent for mange som ein sjekkeapp, hovudsakleg mynta på homofile eller bifile menn og transpersonar. I skrivande stund den fjerde største sjekkeappen i verda.   

Appar som Grindr gjev brukarane høve til å få kontakt med moglege partnarar innanfor eit visst geografisk område ved å gje appen tilgang til posisjonen deira. Samstundes samlar appen inn ei rekkje andre opplysingar om brukarane, som alder, kjønn, annonseringsidentifikatoren til mobiltelefonen og IP-adressa til brukaren. 

Problemet er at Grindr sel informasjonen vidare til forretningspartnarar: selskap som nyttar informasjonen til digital marknadsføring, ein bransje som etter kvart har fått tilnamnet adtech (advertising technology).

Trålar nettet 

«Om du ikkje betaler for tenesta, er du ikkje kunden – du er sjølve produktet», lyder eit sitat som ofte vert kreditert teknologibloggaren Andrew Lewis. Utsegna skildrar fenomenet der forbrukarar gjev teknologigigantane ei mengde opplysingar i byte mot tilgang til digitale tenester.  

I rapporten «Out of Control» frå januar 2020 synte Forbrukerrådet at adtech-bransjen nyttar sensitive personopplysningar til å skreddarsy reklame til ulike målgrupper. Opplysingane vert mata inn i kraftige algoritmar som skapar ein forbrukarprofil av einskilde personar. Denne digitale tvillingen kan syne vanar og smak, antatt helsetilstand, kva jobbutsikter ein har eller om ein har tenkt å kjøpe bustad. Deretter føreslår algoritmane varer ein kan kjøpe. Reklamane er urovekkjande treffsikre. 

– Grindr og andre adtech-selskap driv storstilt kommersiell overvaking, eit trugsmål mot både våre individuelle og kollektive rettar.

Finn Myrstad, fagdirektør i Forbrukarrådet

At adtech tener milliardar på dette, er gamalt nytt. Likevel har ikkje den rettslege reguleringa halde følgje. Dei siste åra har likevel fleire av datatilsyna i EU og EØS gått til sak mot teknologigigantane for brot på personvernet, ikkje minst etter at det nye personvernregelverket frå EU, GDPR, tredde i kraft i 2018. 

Styrkt lovgjeving 

Med GDPR fekk styresmaktene i EU/EØS eit verktøy for å gje borgarane betre kontroll over personopplysingane sine.

Det nye lovverket stilte strengare krav til når eit samtykke til å samle inn og dele personopplysingar er gyldig. Nytt var også ei presisering av kva opplysingar som må reknast som så sensitive at dei treng særskilt vern. Datatilsyna i EU-/EØS-medlemslanda fekk òg høve til å gje bøter på inntil fire prosent av total omsetnad. Det gav styresmaktene eit ris bak spegelen mot selskap som ikkje innrettar seg.

Rettssaka mellom Grindr og staten byrja med ei klage frå nettopp Forbrukarrådet til Datatilsynet i 2020. Forbrukarrådet meinte at Grindr og fem tilknytte adtech-selskap delte store mengder sensitive personopplysingar med forretningspartnarane sine, utan samtykke frå brukarane. Datatilsynet fann at praksisen braut med GDPR, og gav Grindr ei bot på 65 millionar kroner.  

Grindr klaga vedtaket inn for Personvernnemnda, som hausten 2023 stadfesta vedtaket til Datatilsynet. Nemnda meinte Grindr ikkje hadde informert brukarane godt nok om at opplysingane som vart samla inn – IP-adresse, alder, kjønn, geografisk posisjon og det at brukarane hadde ein konto på Grindr – ville verte vidareselde. Brukarane hadde ikkje høve til å nytte appen fullt ut utan å samtykke til brukarvilkår og personvernerklæring som innebar deling av data. Når det heller ikkje var mogleg å reservere seg mot deling, var samtykket illusorisk.  

Dette var alvorleg, meinte nemnda, fordi dei såg på opplysingar om at personar brukar Grindr, i seg sjølv indikerer at brukaren er ein seksuell minoritet. Dette er opplysingar som etter GDPR er så sensitive at dei treng særskilt vern mot urettmessig spreiing.

Grindr har sterkt motsett seg synspunkta frå nemnda. Dei meiner at tolkinga av kva som er sensitive personopplysingar, er altfor brei, at samtykka var gyldige, og at bota er uforholdsmessig stor. Personvernombodet til Grindr, Kelly Miranda, skreiv i ein kommentar på digi.no 15. mars (dagen etter at hovudforhandlinga vart avslutta) at dei går til søksmål for å trygge rettane til forbrukarane. Om vedtaket vert ståande, meiner ho tenestene til Grindr vil verte dårlegare, samanlikna med appar som ikkje primært rettar seg mot LHBTQ+-fellesskapet.

Dommen er venta å falle i slutten av april.

Høgare himmel 

Rettssaka mellom Grindr og staten er full av teknologisk og juridisk ordkløyveri. Men ho tek også opp grunnleggjande spørsmål om rettane våre på internett. Korleis tryggjar vi opplysingane våre, om det er tilnærma umogleg å vite korleis store teknologiselskap samlar inn, brukar og sel dei vidare på reklamebørsen? Har vi noko å stille opp med overfor teknologigigantane? Kva skjer om opplysingane kjem i galne hender? 

Finn Myrstad, fagdirektør i Forbrukarrådet, er uroa. Det er ikkje dekkjande å kalle det Grindr og andre adtech-selskap gjer, for teknologisk marknadsføring, meiner han. Eit meir passande omgrep er kommersiell overvaking.  

Finn Myrstad, fagdirektør i Forbrukarrådet.

Finn Myrstad, fagdirektør i Forbrukarrådet.

Helene Mehammer/Forbrukarrådet

Myrstad har sett korleis den storstilte innsamlinga av personopplysingar vert målretta mot sårbare personar. Eit døme er speleavhengige personar som får opp reklame for spelenettstader. Eit anna er desperate førstegangsforeldre som strevar med å dekkje behova til barnet sitt. Algoritmane kan jamvel føre til diskriminering, ved at kvinner til dømes ikkje får reklame for akademiske stillingar innanfor realfag, eller at personar med mørk hud ikkje får opp annonsar for spesifikke bustadområde.  

– Dette er eit manipulerande design som vi meiner er grunnleggjande ulovleg. Det er storstilt kommersiell overvaking og eit trugsmål mot både våre individuelle og kollektive rettar. 

Utan systematisk kartlegging og oppfølging frå offentlege organ som Datatilsynet meiner han forbrukarane er makteslause overfor adtech-bransjen. Difor håpar han vedtaket frå nemnda vert ståande. Berre slik kan ein etablere ein praksis der kommersiell overvaking ikkje er den rådande marknadsføringsmodellen på internett.   

– Elles risikerer vi at det kollektive forsvaret av verdiar som personvern og ytringsfridom står på spel. Vi ser alt ein tendens til at mekanismane i adtech-bransjen har ein nedkjølande effekt på folk – dei er redde for å verte overvakte, og oppfører seg difor annleis på nettet enn dei hadde gjort om dei følte seg frie.   

Homofile under press

Å leve som open homofil vert vanskelegare mange stader i verda. Det er mogleg å sjå føre seg korleis systematisk samanstilling av personopplysningar lett kan misbrukast om dei kjem på avvegar.

I 2021 vedtok EU-landet Ungarn ei lov som forbyr «promotering av homofile». I februar 2024 vedtok russisk høgsterett at folk som offentleg støttar LHBTQ+, kan verte forfølgde rettsleg. Det å leggje ut bilete av regnbogeflagg på sosiale medium kan vere nok. 

Grindr-saka kan minne oss på at også liberale demokrati må verne om prinsippa sine.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis